tirsdag 12. april 2011

Jens Bjørneboe: Om en katt fra Napoli

Gledeleg var gjensynet med Jens Bjørneboes essay (frå 1961) om lagnaden til katten Antoinette (som av openberre årsaker noko seinare vart omdøypt til Antonius) frå øya Ischia rett vest av Napoli.
Ikkje berre minte det underteikna på det sterke inntrykket denne forfattaren gjorde på han i 17-18-årsalderen (noko som innebar at ABSOLUTT ALT SOM FANST av han måtte lesast). Det opna også augene opp for det nære forholdet Bjørneboe hadde til Italia – det vere seg naturen, kulturen, maten, vinen, atmosfæren.  
Opphalda ved Middelhavet har tvillaust sett mange spor i tekstane hans, heilt frå dei illustrerte reisebreva rett før diktdebuten i 1951(som kom på prent i Aftenposten frå 1950 og seinare vart samla i Lanterner 1977) og til den avsluttande Haiene i 1976.
Reisene til Venezia, Firenze, Roma og Milano, men kanskje særleg til Napoli, med øyane Capri og Ischia i golfen utanfor, og den vesle byen Paestum rett sør, har skapt rammeverk rundt fleire av tekstane hans (ingen stader kom han nærmare havguden Neptun enn her).
Flotte er skildringane av det norditalienske landskapet i Vinterbrev om Chiasso (Norge mitt Norge, 1968) og det søritalienske lynnet i Capri (Lanterner). Dramaet Fugleelskerne (frå det ufatteleg produktive året 1966) baserer seg på ein reell konflikt rundt eit jaktforbod på Amalfi-kysten. Romanen Vinter i Bellapalma (1958) problematiserer turismens innverknad på livet i ein fiktiv, italiensk fiskarlandsby (som forfattaren plasserer i nærleiken av Napoli):
”Til turistene har vi ikke annet enn solskinnet vårt å selge. Herren forbanne Bellapalma!”
Interessefeltet hos Bjørneboe var vidt. Han skreiv essay om dramatikaren Carlo Goldini og Piccolo Teatro i Milano (Om teater 1978). I 1965 trykte Arbeiderbladet artikkelen hans om Hans E. Kinck og den italienske arbeiderbevegelse.
Velkjende bjørneboeske innhaldselement er til stades i mange av Italia-tekstane hans: Sympatiane for anarkismen, den begynnande alkoholismen (konsumet av grappa), ymta rundt homofile menn, dei arkaiske riksmålsformene, kjærleikshatet til Norge o s v.
Men det er særleg i dikta frå samlingane Dikt (1951), Ariadne (1953) og Den store by (1958) at spora er tydelegast. Gjennom tekstar som Eros og Agape (Fra San Calisto-katakomben), Capitol, Renaissance og Det andre Roma (Utlendingens Rom, den protestantiske kirkegård ved bymuren) strøymer legender og tankegods frå den antikke, jødiske og kristne kulturhistoria i rikt monn.
Fokuset på (og fascinasjonen for) haiar (som er så opplagt i hans siste roman) ser vi f eks  i essayet Hulder ved Middelhavet (1960). Ja, allereie i diktet Neapel frå 1951, som avsluttar slik:
”Amfibieby, Neapel! / Rovblomst, dyr og østers! / Begynnelsen tilhørte havet; / begynnelsen var din søsters!”
Studiet av rovdyrets - og menneskets - instinkt (tildriv og ugjerningar) er vel på mange måtar også kjernen i Bestialitetens historie. Og sidan Kyrkja har stått bak så mange av dei verkeleg vonde handlingane, kjem ein ikkje utanom Roma. I Kruttårnet (1969) blir lesaren vitne til ei giljotinering (framstilt som eit rituelt drap) på Piazza del Popolo. I same roman blir Giordano Bruno kasta på bålet (17. februar 1600) på Campo de Fiori.

Det er store avstandar i Jens Bjørneboes forfattarskap.
Korleis gjekk det så med katten Antonius frå Ischia (av forståelege grunnar også kalla Don Juan)?
Jau, han blei med forfattaren attende til Norge. Han overnatta hemmeleg (i ei korg) på hotellrom i Napoli, i Roma, i Firenze o s v, sjølvsagt med alle dei uhell og praktiske utfordringar dette medførte på reisa gjennom Europa.
”I Tyskland gjorde Antonius intet galt”.
I 1961 budde han framleis på Ekely.
I fylgje forfattaren levde han her opp til klengenamnet sitt og sette ungar på eit utal hokattar i nærområdet.
”I en høyere og åndelig hensikt”.


 

3 kommentarer:

  1. Hei Øystein Orten,
    Kva heiter boka der Jens Bjørneboe skriv om Katten frå Napoli og den norske skaukatten?
    Med vennleg helsing
    Erik Torp Nilssen

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett