onsdag 6. april 2011

Øystein Orten: kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her (2004)

Landskap med ekko

Ei diktsamling ein les med stigande glede

Det er ei sterk utvikling i Øystein Ortens nye diktsamling, frå ei rekkje meir eller mindre flinkt laga biletdikt i byrjinga og til dikt med større spennvidd i dei to siste av dei fire bolkane. Ein skal ikkje la seg skræma korkje av den lange tittelen eller av dei innleiande "som"-dikta, for det kjem etter kvart sterke og viktige meldingar frå det norske bedehus- og naustlandet i nordvest.

Det er nesten ei desperat biletskaping i opningssekvensen famndjupner: Alt er "som" noko anna, og Orten sluttar seg til ein ganske velprøvd lyrisk tradisjon i dette. Eg anar eit opprør i dei mange illustrasjonane som ikkje går opp, "som"-et forvirrar stundom meir enn det forklarar: "(.....)dei lange samtalane/som handknytte teppe mellom oss(...)","(...)bylgja/i munnen din//som ein angrande boge". Kva er ein angrande boge?

Baktung

Samlinga er baktung, og ein les henne med stigande glede. Tredje bolken, engelen over meg (gravskrifter og elegiar), kan minna om Edgar Lee Masters "Spoon River Anthology" ved at utgangspunktet for fleire av dikta er gravskrifter eller berre årstal og ved at dei døde får mæle og fortel om sine liv og det samfunnet dei var ein del av. Her finn vi fine lyriske stemningar, men óg barske bygdebilete på Jakob Sande-vis: "(...)lossegjengane som anga sursveitte og sevjesprit/med kvitskjorteflak svevande på vindskeive dansegolv/ der Bjørnson trona tung frå galleriet// kjerringkjeften som spretta ølflasker/ i augeholene og knøvla glasbrot med berrnevane/ som hadde møddest med gongane og fedrelandssalmane(...)".

Vi les om "ferja sin jamne song over fjorden", om bedehus, om emissærar, om naust, om gamlekarar som "snakka sakralt om båtstamnar og dieselmotorar" og om "(...) inne i oss/ dei gamle som brytest med hesjene//og ruggar stille/ mot kaiene".

Dikta er stort sett tittellause, men er utstyrte med nummer. Dikt 70 (i siste bolken, vekta av havet), som er inspirert av Brodskys "Elegy for John Donne" er eit høgdepunkt i samlinga og formulerer det eg les som eit leiande motiv i Ortens lyrikk : "(...) det gode og det vonde kviler/ i kvarandres armar/ alt flyt i hop/ til ei einaste stemme(...)".

Orten leikar seg mest som ein Hans Henrik Holm med rare ord og uttrykk som til dømes "dei stirrige gnaurane" og "då kredene vód", men heller ikkje dette bør støyta lesaren bort, for han skriv og landskapsdikt med sterk ekkoverknad innover i lesarens sinn, som i dikt 55: "dirrande demring og nye mildversdagar/ med morgonvind, blåsvart novemberhav// kven faldar ut garnet over flyndregrunnene/ kven kastar ut pilken ved kveldsbreiddene// der sola skal drukne seg sjølv// kven skrallar tungt mot naustveggane/ kven kvervlar opp ein djup dur// og saltet som fornyar og forvitrar".   


Knut Ødegård


Aftenposten 10. mai 2004

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar