lørdag 9. april 2011

Ezra Pound: Metriske ruiner


På mange måtar deler den amerikanske poeten Ezra Pound (1885-1972) lagnad med Knut Hamsun:
Ein framifrå kunstar som vi ikkje heilt har kunna tilgi på grunn av dei temmeleg uforståelege feilvurderingane han gjorde i forholdet til fascismen.
Ein ekstraordinær forfattar. Nyskapande. Eksentrisk. Ei litteraturhistorisk superstjerne.
Men også propagandist for aksemaktene under den andre verdskrigen (med det antisemittiske vokabularet som fylgde med).
Altså ein fallen engel.
Men skilnadane er også mange: Pound var, trass sin sterke individualisme, utovervend og svært sosial, og blei slik ein sterk og entusiastisk hjelpesmann (mentor og katalysator) for unge samtidsforfattarar.
Ezra Pound var fødd i Hailey, Idaho Territory, og både studerte og underviste ved universitetet i Philadelphia (klassisk litteratur), før han reiste til Europa i 1908.
Her fordjupa han seg mellom anna i provencalsk middelalderpoesi, okkult filosofi og britiske prerafaelittar (som Dante Gabriel Rossetti og Algernon Charles Swinburne).
Etter fire månader i Venezia (der han publiserte si fyrste diktsamling, A Lume Spento, Med sløkte lanterner, i hundre eksemplar…) slo han seg ned i London, der han kom i kontakt med forfattarar i Bloomsbury-krinsen, og ikkje minst William Butler Yeats, som han seinare fekk eit ekstra nært forhold til (dei budde saman under den fyrste verdskrigen).
Det er her han blir den leiande figuren i imagisme-rørsla, som skal bli eit viktig incitement for forfattarar som William Carlos Williams og Wallace Stevens.
Han redigerer litterære tidsskrift og er svært produktiv. Trendsetjande diktsamlingar som Personae, Ripostes og Lustra kjem i 1908, 1912 og 1916.
Velkjent er diktet In a station of the metro (frå Lustra):
The apparition of these faces in the crowd; / Petals on a wet, black bough
Som i Paal Brekkes omsetjing i Den norske Bokklubbens Ezra Pound. Dikt i utvalg (1971) blir:
Ansikter som dukker fram i trengselen - / blomsters kronblad på en våt, sort gren.

I 1915 gir han ut det banebrytande Cathay  (altså det gamle namnet på Kina, med omsetjingar av japansk og kinesisk poesi, og elles omarbeidingar av notatane til den avlidne forfattaren Ernest Fenollosa), og han startar på det ufatteleg ambisiøse Cantos, som han skriv vidare på heilt til 1969. Dette er på mange måtar ein encyklopedisk profeti som har mykje av både Dantes Divina Commedia og Miltons Paradise Lost i seg.
Eit lite knippe tekstar frå denne enorme samlinga (med alle sine allusjonar til verdslitteraturen og kinesiske, italienske og greske sitat) vart utgitt på Oktober forlag i 1989 med friske gjendiktingar av Øyvind Berg: Ezra Pound. Metriske ruiner. Utkast & brokker av Cantos CX-CXX.

1922 vart eit ekstra produktivt år for Pound. Ikkje berre var han konsulent for T.S. Eliots The Waste Land (mange er historiene om den hardhendte revideringa av Eliots utkast) og protesje (forløysar og impressario) for James Joyces Ulysses. Han blei også far til to born (med to ulike kvinner) som vart fødde med fem månaders mellomrom.
Pound flytta seinare til Paris (kunstnarmiljøet rundt Tristan Tzara), før han busette seg i Rapallo i Nord-Italia (litt aust om Genoa) i 1924, der han blei buande til den andre verdskrigen var over.
På spørsmål om korfor han slo seg ned i nettopp denne byen med 15 000 innbyggjarar svarte han:
”Italy is my way for starting things”.
I Italia kom han med i propaganda-apparatet rundt Mussolini (som han hadde møtt fyrste gongen i 1933), og han vart ein svært aktiv medytar (og til slutt primus motor) i radioprogram og pamflettar. Pounds støtte til svartskjortene baserte seg hovudsakleg på økonomiske teoriar: Marknadsøkonomien, med sine ågerliknande innkomer, var styrt av ein jødisk finanselite, som kontrollerte både bankane og massemedia. For Pound representerte renta og utbytet sjølve ubehaget i den vestlege kulturen (under rettssaka i 1946 forsvarte han seg med at synet hans på det kapitalistiske systemet var heilt identisk med tankane til Thomas Jefferson og Benjamin Franklin).
Trass i at det japanske åtaket på Pearl Harbour drog heimlandet USA med i krigen på alliert side i 1941, heldt Pound fram med å agitere for Mussolini heilt til 1945, då han blei arrestert av italienske partisanar og seinare overgitt til amerikanske soldatar, som plasserte han i ein konsentrasjonsleir utanfor Pisa. I denne situasjonen skal Pound ha fått ein mental kollaps. Trass i dette kladda han på det som skulle bli den prisløna Pisan Cantos, klagesongane over hans eige elende og Europas tragiske død.
Etter krigen vart krigsfangen Pound ført til USA der han blei stilt for retten og skulda for landssvik. Men sidan han vart erklært sinnsjuk (paranoia), slapp han det som etter alle solemerke ville blitt dødsstraff, og vart i staden innlagd på eit mentalsjukehus utanfor Washington, der han var pasient i perioden 1946-1958, til dels med store fridomar, slik at han kunne arbeide vidare på sine Cantos og omsetje kinesiske klassikarar.
Forfattarvener (m a T.S. Eliot) la heile tida press på amerikanske styresmakter for å få han ut.
Vidkjent er svaret som Pound gav til journalistane om kva han meinte om heimlandet sitt etter lauslatinga i 1958:
”Amerika er eit mentalsjukehus”.
Så drog forfattaren attende til Italia, der han blei verande resten av livet, dei siste åra i stor einsemd.
Kva anna har vi ikkje fortalt om Ezra Pound?
At han lærte Yeats å fekte.
At han underviste Hemingway i boksing (”Eg greidde aldri å lære han å slå ein venstre hook”).
At han samla inn pengar for at T.S. Eliot skulle slutte å arbeide i banken.
At venene hans framstilte han som eit ualminneleg uegoistisk menneske.
Kan ein spore anger i den gamle forfattarens tekstar? Kanskje går han lengre enn det Knut Hamsun gjorde i På gjengrodde stier i 1949?
I Canto CXV (som er skriven etter 1946) heiter det (i Øyvind Bergs gjendikting):
La gudene tilgi hva jeg / har gjort / La de jeg elsker prøve å tilgi / hva jeg har gjort.
Ezra Pound døydde i Venezia i 1972.
For spesielt interesserte nemner vi at den fireogtjuande ”Ezra Pound International Conference” går av stabelen i London i sommar. Det er truleg heilt tilfeldig at konferansen startar på den amerikanske nasjonaldagen 4. juli.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar