onsdag 23. mars 2011

Italo Calvino: Usynlige byer


Journalisten og forfattaren Italo Calvino (1923-1985) vart fødd på Cuba (i ein forstad til Havana), men flytta allereie i toårsalderen til San Remo på den italienske rivieraen, der faren hans kom ifrå.
Begge foreldra var botanikarar med akademiske stillingar på høgt nivå. Med utgangspunkt i sitt ateistiske livssyn nekta dei å gje sonen noko form for religiøs oppseding heime. Dei insisterte også på å ta han ut frå religionsundervisninga i skulen. Trass i dette fekk den unge Italo Calvino den fyrste utdanninga si ved små privatskular drivne av protestantiske dissidentar (valdensarar m fl).
I 1940 blei han – motvillig – med  i den ungfascistiske organisasjonen Avanguardisti og deltok såleis i Italia sin okkupasjon av den franske rivieraen (rett etter Frankrikes kapitulasjon i juni 1940). Av frykt for å bli innkalla til militærteneste for fascistane, rømte han i 1942 opp i dei liguriske alpane, og kom der med i den kommunistiske motstandsrørsla mot det vaklande Salò-regimet til Mussolini. Frå våren 1944 og fram til freden i mai 1945 kjempa han med Garibaldi-brigadane mot dei siste tyske styrkane i Nord-Italia under dekknamnet ”Santiago”.
Etter press frå foreldra tok Calvino sine fyrste eksamenar i  botanikk ved universitetet i Torino. Han heldt fram med same fag under studia i Firenze, før han endeleg hoppa over til fakultetet for humaniora, der han tok eksamen på ei avhandling om Joseph Conrad.
I perioden mellom 1955 og 1958 hadde Calvino eit (mange vil seie skandaløst) forhold til den kjende (og gifte) skodespelarinna Elsa de`Giorghi (fleire av kjærleiksbreva mellom desse to kom på prent i 2004). Han gifta seg seinare med den argentinske omsetjaren Ester Judith Singer (i fødebyen Havana) under ei reise til Latin-Amerika i 1964 (der han også møtte Ernesto Che Guevara).
Som så mange andre venstresosialistar forlot Calvino kommunistpartiet etter den sovjetiske invasjonen av Ungarn i 1956. Han vitja USA i 1959 og budde fire månader i New York, som han sidan kalla min by. Frå syttitalet budde han i ei toppleilegheit på Piazzo Campo Marzio, like ved Pantheon i Roma.
Calvino blir framleis kalla den siste trollmannen i europeisk litteratur og mottok fleire høgthengjande prisar for forfattarskapen sin (mellom anna den austerrikske statsprisen for europeisk litteratur). Han vart også æresmedlem av Det amerikanske akademi i Roma.
Den fyrste romanen hans, Vegen til edderkoppens reir, Il senterio del nidi di ragno(1947), handla ikkje overraskande om motstandsrørsla under den andre verdskrigen. Blikk og grep på dette historiske stoffet var originalt allereie i debuten. Men det var den meir fabulerande, eksperimentelle prosaen som skulle gjere han kjend. Heilt frå 1950-talet skreiv han ulike typar av allegoriar og fantastisk litteratur. Stilen hans kunne likne den argentinske forfattaren Jorge Luis Borges, og fleire kalla han Europas fyrste magiske realist.
Calvino blei seinare med i den eksklusive foreininga Oulipo, som var eit laust samband av franske forfattarar og vitskapsmenn med Raymond Queneau og Georges Perec i spissen, og gjennom universitetsmiljøet ved Sorbonne vart han kjend med framståande tenkjarar som Roland Barthes og Claude Levi-Strauss.
Ved sida av forfattarverksemda si skreiv Calvino for ulike aviser (L`Unitá, La Republica m fl) gjennom heile livet.  Han overraska også mange ved å publisere noveller i den italienske utgåva av Playboy.
I fylgje Umberto Eco skal hans aller siste ord – etter fleire tilfelle av slag - ha vore: ”I paralleli! I paralleli!” (”Parallellane! Parallellane!”), noko som mange kan hevde var sjølve essensen i det litterære programmet hans.
Calvino er kanskje aller mest kjend for romanen Hvis en reisende en vinternatt (Se una notte d`inverno un viaggiatore 1979), som kom i norsk omsetjing i 1985.
Også her er allegorien i sentrum, men ingen av forteljingane som blir påbegynte (kanskje er det ulike variantar av den same) får nokon slutt. Historia blir altså summen av alle byrjingane som endar i ingenting.
Lesaren (”Du”, altså eg som les) blir tidleg lokka inn i ein labyrint av overraskingar. I den ytre handlinga oppsøkjer han (altså Lesaren) bokhandelen kort tid etter å ha kjøpt ei bok fordi eksemplaret hans viser seg å vere eit feiltrykk (mange av sidene er skrivne på polsk). Men saman med Ludmilla (Lesarinna), som er ute i same ærend, oppdagar han at samtlege eksemplar er like. Saman finn dei ut at boka inneheld opningskapittel til ti ulike romanar, som alle endar i eit slags høgdepunkt av uutløyst spenning, men som likevel er vovne inn i kvarandre på intrikat vis.
Den norske forfattaren Jan Kjærstad rakk å gjere eit spennande intervju med Calvino like før han døydde av hjerneblødning i Siena i 1985 (trykt i Vinduet 2-85). På dette tidspunktet var han nyleg lansert i Noreg, og han var elles den mest omsette av alle italienske samtidsforfattarar.
I intervjuet med Jan Kjærstad seier Calvino at han prøver å nytte ein ny litterær innfallsvinkel for kvar bok han skriv. Ideen bak denne romanen tok utgangspunkt i den kjensgjerninga at mange romanar startar med eit heilt spesielt driv som framhaldet sjeldan greier å ta vare på. Derfor ynskte han å skrive ein roman som berre inneheldt opningar som ville eggje lesaren sin fantasi.
Boka munnar på den eine sida ut i ei kjensle av uvisse og uro over manglande meining. På ei anna side endar romanen i den reine idyllen sidan Lesaren og Lesarinna endar i ektesenga saman.
Ikkje uventa er Viss en reisende en vinternatt blitt kalla eit kroneksempel på ein postmoderne tekst. Dette er ein metaroman, sidan forteljinga i så høg grad reflekterer over seg sjølv.
Det same kan kanskje ikkje seiast om Usynlige byer (Le città invisibili) frå 1973 (omsett til norsk i 1982). Dette er ein original og svært vakker roman. Boka er både ein surrealistisk fantasi og eit eventyr (eller kanskje ei samling av eventyr) med spor av fabelsjangeren (inklusive ein kort og fyndig moral) i seg.
Ramma rundt romanen er ein samtale mellom Marco Polo frå Venezia og den mongolske herskaren Kublai Khan i Xanadu. Her, i slottshagen hans, under duftande magnoliatre, ved azurblå kjelder, fortel den unge oppdagaren om alle dei byane han har vitja på reisa si (som tok nesten 4 år). Dette er stader med all verdas prakt og herlegdom. Her er bygningar og bruer i edle metall, svimlande vakre (oftast nakne, badande) kvinner og lukkelege menneske som promenerer gatelangs gjennom lune kveldar. Men her er også stader med galskap, svolt og fortaping.
Den mektige tartarkongen lyttar med uro til desse historiene, sidan dette er byar han ikkje har besøkt, men som likevel må vere ein del av hans ufatteleg store imperium. Og forteljaren i boka undrar seg på om ”triumfen over våre fiendtlige herskere har gjort oss til arvinger av deres langvarige forfall”.
Vi anar at Kublai Khans uoversiktlege keisarrike, med sine labyrintiske ferdselsårer gjennom fjellpass og ørkenar, kan vere ein metafor for universet sjølv. Sinnsstemningane hans spenner frå djup depresjon til overstadig eufori. Han mistenkjer dei tidlegare speidarane og sendeboda sine for å ha fare med lygn. På ei anna side tvilar han nok også på kor sanne Marco Polo sine historier er. Likevel lyttar han og let europearen halde fram. Kanskje fryktar den store herskaren tomheita som kan oppstå om fantasiane og draumane skulle forsvinne.
Boka har 55 kapittel (eitt for kvar by) fordelt på 9 bolkar. Overskriftene er lyriske. Strukturen i historia er som metrumet i eit langt klassisk dikt.   
Det kanskje mest spennande ved romanen er at byane som Marco Polo skildrar, truleg aldri har eksistert anna enn i fantasien, men dei har likevel trekk frå samfunn i fortida, notida (som altså er slutten på 1200-talet) og framtida.
Kvar by har kvinnenamn (som Diomira, Ipazia, Tamara o s v) og har heilt spesielle eigenskapar. Her er byar som forsvinn og byar som aldri vil bli gløymde. Her er sovande byar og skjulte byar, lukkelege byar og ulukkelege byar. Her er også byar som berre kjenner avreiser og ingen heimkomstar.  
Men framfor alt verkar det som om forteljingane er styrte av den mennesklege hovuddrifta attrå  eller lyst (som vel i fylgje den katolske kyrkja vert rekna som ei dødssynd). Eit kjernemotiv i desse forteljingane er elles badande kvinner og kvinner som spring nakne gjennom byen:
”Anastasia…vekker ens begjær, ett om gangen, for så å tvinge deg til å undertrykke dem”.

Byane trer fram som kvinnene i eit harem, og forteljingane får oss til å tenkje på "Tusen og en natt".
Boka er svært filosofisk, i den forstand at den stiller grunnleggjande spørsmål ved menneskets historie og eksistens. Teksten er prega av ei barokk kjensle av forgjengelegdom, og dveler ved mystikken rundt teikna, eller symbola, som menneska omgir seg med.
Ein stad spør Kublai Khan:
”Reiser du for å gjenfinne din fortid?”
Marco Polo svarer:
”Den som reiser, gjenkjenner det lille som er hans eget når han oppdager hvor meget det er som han aldri har eid eller kommer til å eie”.
Det handlar altså om å leite i denne romanen, særleg tørsten etter å vite og frykten for å ikkje finne det som kanskje berre eksisterer i draumen og fantasien.
Etter mi meining er dette ei poetisk, umåteleg vakker og grensesprengjande bok.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar