tirsdag 15. mars 2011

Dario Fo: Flaggermusenes by


Den italienske forfattaren Dario Fo (f. 1926) er kanskje mest kjend for sitt satiriske improvisasjonsteater, inspirert av mellomalderens Commedia dell`arte og mellomkrigstidas politiske musikkdrama a la Bertolt Brecht og Kurt Weill. Heilt sidan debuten i 1951 har han engasjert og provosert med einaktarane og monologane sine, ofte framførte av hans eigne, omreisande teaterkompani, som han har drive saman med kona si, skodespelaren Franca Rame (f. 1929).
Skodespela hans, særleg Mistero Buffo (Det komiske mysteriet) frå 1969, er blitt omsette til over 30 språk, og Fo oppmuntrar gjerne regissørane til å endre replikkane  for å tilpasse teksten til lokale forhold, slik skikken var mellom gjøglargruppene på 1400- og 1500-talet, med det føremålet å gjere konfliktstoffet nært og aktuelt for publikum.
Fo har vore svært omstridd i heimlandet, mellom anna på grunn av kritikken mot korrupsjon og den katolske kyrkja sitt abortsyn. Både forfattaren og kona hans har opp gjennom åra vore utsette for grove åtak (kidnapping, mishandling) frå nyfascistiske grupper i Italia. Den kommunistiske grunnhaldninga hans og det positive forholdet til palestinske organisajonar som PLO og Hamas har også gitt han vanskar med å få innreisevisum til teaterfestivalar i USA.
Men sympatien med arbeidarklassa og den tredje verda verkar grunnfesta og ekte nok. Då Dario Fo fekk Nobelprisen i litteratur i 1997, grunnga Svenska Akademien tildelinga med forfattarens evner til ”å halde oppe stoltheita til dei undertrykte”.   
I 2006, 80 år gamal, prøvde Dario Fo å bli vald til borgarmeister i Milano med kommunistpartiet i ryggen, men vart berre nummer to, trass i over 20 prosent av stemmene.
Forfattaren har vitja Noreg fleire gongar. Frode Rasmussen (f. 1943) er kanskje den mest kjende Dario Fo-tolkaren her i landet, og denne skodespelaren slo då også for alvor gjennom med einmannsforestillinga  Gjøglerne kommer i 1981 (vist i NRK sitt fjernsynsteater i 1982).
Denne boka viser på mange måtar ei heilt anna side ved denne omstridde forfattaren.
Flaggermusenes by (Il paese dei Mezarát) frå 2002 er nemleg Dario Fos sorgmuntre skildringar av oppveksten i Nord-Italia. Som stasjonsmeister i den statlege jernbana vart faren med korte mellomrom nøydd til å ta med seg familien og flytte til nye stader langs det kronglete jernbanenettet, noko som fekk vesle Dario  til å erkjenne at det måtte vere Gud sjølv som var generaldirektør for Stasbanene.
Memoarane representerer ein serie av varme og morosame barndomsepisodar frå ulike småbyar langs Lago di Maggiore, denne innsjøen heilt nord i Lombardia som endar i Sveits. Historiene er ramma inne av lyden frå lokaltog (somletog) som syng mot dei snødekte fjelltindane som ruvar tunge over hustaka (dette er elles ikkje langt frå vintersportsstader som Bormio og St. Moritz).
Sentralt i boka står opphaldet i Porto Valtravagila, som hadde fått namnet Flaggermusbyen, sidan dei fleste av innbyggjarane arbeidde om natta. Byen var i 1920- og 30-åra full av fiskarar, glasblåsarar, hasardspelarar, prostituerte, skiftarbeidande kalkomnarbeidarar og – ikkje minst – smuglarar. Desse var alle nattdyr, mezarát, flaggermus. Og på grunn av dette var alt (butikkar, kyrkjer, bordellar) i byen ope 24 timar i døgnet.
Borna (Dario heldt seg mest saman med smuglarsønene) hadde gjennom desse arbeidarane rikeleg tilgang på historieforteljarar. Her møtte han for fyrste gongen gjøgleri og improvisasjon.
Dario Fo har seinare kalla denne byen for eit eineståande universitet for kommunikasjon, og forfattaren let oss også forstå at mange av desse gamle mytene og legendene frå det multikulturelle Lombardia (tilreisande handverkarar, flyktningar) har inspirert han i hans eige teaterarbeid (forteljeteknikk, replikkunst m m). 
Memoarane teiknar ikkje minst eit vakkert portrett av faren Felice Fo (boka sluttar med ei ubetaleleg skildring av gravferda hans), som under sluttfasen av andre verdskrigen hjelper både jødar og anti-fascistar over grensa til Sveits. Men her er også ingrediensar av søskensjalusi (då veslesystra Bianca vart fødd), morskjærleik (kva er det med italienske gutar og mødrene deira?) og pubertal erotikk (opplevinga av nonna Irene og Bedelia, kjærasten til fetteren Bruno).
Det fargerike miljøet og dei særeigne karakterane som den vesle guten omgir seg med, får meg til å tenkje på Fellinis oppvekstskildring i Amarcord, trass i at Rimini representerer heilt andre geografiske omgjevnader. På ei anna side minner dei nøkterne refleksjonane over barndomens trivielle hendingar meg om den danske diktarpresten Johannes Møllehaves erindringsbøker.  
Den fullstendige tittelen på denne boka er Flaggermusenes by. Mine første sju år (og noen til), basert på den amerikanske psykologen Bruno Bettelheims tese om at ALT som er verdt å fortelje om eit menneske, finst i dei første leveåra. Forfattaren sjølv framstiller i alle fall desse barndomsminna som sjølve prologen til hans eige livseventyr. Fleire stader minner han oss om at Dario var eit ønska barn. Foreldra såg på han som ein lukkebringar. Og akkurat denne opplevinga gav han den aller beste ballasten han kunne få seinare i livet. 
Teksten er lettlesen og morosam, men aldri platt. Boka er full av glad livsvisdom, og kom for fyrste gong ut på norsk i 2006 på Spartacus forlag. Det overraskar meg ikkje at VG sin meldar premierte denne fine utgjevinga med terningkast 6. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar