mandag 27. juni 2011

VEGEN MOT LYSET

Vegen gjennom Ulsteindalen

minte meg i dag om Dantes ferd gjennom Inferno
eller som eit dikt av hans åndelege slektning
Christina Rossetti

Regn


og våt skodde

kom trykkjande nedetter


og gjorde framtida uviss

Fyrst tre hundre meter over havet
kom dagen til synes.
Sola skein, myggen beit og gauken gol
frå ei treklynge ved Kjellstjønna.

4 kommentarer:

  1. eg er tvers gjennom sunnmøring, eg har i aust og vest skrytt av at eg aldri klagar på vêret. Eg snakkar aldri om vêret heller, synes det er gørr. Dessutan synes eg at ved å snakke om vêret så røpar eg meg ved å avsløre at eg ikkje har noko anna vettugt å snakke om.
    Men no!! Eg tyt som ei greinalaus skjor om dette mistrøstige vêret, eg er dritlei, ja, tilnærma deprimert. No må noko skje. Eg orkar ikkje meir.

    SvarSlett
  2. Det er muleg det går ei grense ein plass, ja, før tungsinnet sig inn....:)

    Elles likte eg den greinalause skjora!

    Og at noko må skje!

    SvarSlett
  3. Noko vil skje...... Her framme i Kaldholen, ja jamvel andre stadar og, er det månen som styrer veret. 1 juli er det nymåne, den tendrar ca kl 11....altså i syd-sydaust. Det borgar for ei godversperiode, og eg skal turke høy på marka. La det skje......

    SvarSlett
  4. Kjekt at du fylgjer dei gamle vermerka, Kjell-Peder! Bestefar min gløtta i almanakken og studerte himmelen om kvelden. Då visste han kva neste dag kunne brukast til. Dette var før Gislefoss si tid..:)

    SvarSlett