torsdag 16. juni 2011

SHETLANDSLEIA

I DAG ER DET 70 ÅR SIDAN FISKESKØYTA ULSTEIN DROG TIL SHETLAND:

”16. juni, berre ei knapp veke før solsnu, dreg fiskeskøyta Ulstein mot Shetland med sytten mann, det vil seie seksten mann og ei kvinne. Mellom desse er Per Dimmen, kontormannen på kommunehuset, som hausten før hadde venta på skyss ute i Fosnavåg, og Ragnar, son til klokkaren i Ulstein. Trass i ryktet om at miljøet er infiltrert av utru tenarar, held den illegale trafikken vestover fram.


Dei stel båten frå bøya og dreg ut Ulsteinfjorden om kvelden. Før dei stikk til havs, snur dei seg og ser nausta på Skeide og gravhaugane på Gåsneset for siste gong. Gamlekarane har fortalt dei at går dei 40-50 kvartmil rett nord, og sidan siktar seg mot vest, så når dei Shetland”.  

Slik opnar kapitlet Loddskot i skoddehavet frå krigsdokumentaren Himmelen over Shetland. Historier om motstand og eksil 1940-45 (2009).

I dag er det altså 70 år sidan Ulstein gjekk ut gjennom fjorden her.


Dei passerte Vattøya, Fløstranda, Roppesanden og Hemingen, før dei stakk til havs sør om Godøya.


Dette var starten på ein svært dramatisk overfart med høg risk.

Fyrst 24. juni nådde dei land, i Whale Firth på øya Yell.

Flyktningane vart mottekne som om dei var tjukkaste slekt.

Både Per og Ragnar skulle gjere manns jobb på kvar sin stad under krigen.

No har begge passert dei 90.

Våre beste helsingar går til Ulsteinvik og Emblem i dag!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar