mandag 13. juni 2011

DEN HEILAGE ANDE ER SOM VINDEN

Andre pinsedag dreg oss mot høgda. Vi valfartar til heilage fjell.

Slik også her. Ei gudsteneste i friluft. Nærast muleg himmelen.


Melshornet låg bada i grå røyk då vi tok ut.

Men skodda letta etter kvart som vi nærma oss toppen.

Kanskje var det lyden frå messinginstrumenta.

Kanskje var det salmesongen.


Den heilage ande er som vinden, sa presten.

Vi ser han ikkje. Men vi kan kjenne han.

Eitt minutt var alle stille.

Berre lyden frå båtane på fjorden og små born i leik.

Presten er oppkalla etter ein av erkeenglane.

Han bad for land og folk.

Endeleg braut sola gjennom. Det vart varmt.


Så song vi.

Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløma.

Sjølvsagt var det Blix.

Kyrkjeklokka er eit gamalt spett.

Ein speidar slo ni slag med ein hammar.

Lyden bar truleg til den andre sida av fjorden.

Nedetter bergsidene var skodda heilt borte.

Som ved eit under hadde vi utsyn til sju prestegjeld og alle vegar vinden bles.

1 kommentar: