fredag 17. juni 2011

ØYSTEINRÅSA

FOR DEI SOM GJERNE VIL BLI I BETRE FORM UTOVER SOMMAREN, kan vi kome med eit lite tips heilt gratis:

GÅ PÅ HOLSTADHORNET.

Den raskaste vegen frå Hareid sentrum fylgjer Gjerdsråsa frå Knutgjerdet til Øvrestøylen og derifrå i ei ganske nytrakka rås opp mot toppen.



Råsa vart merka av underteikna sommaren 2000 slik at born og kjerringar skulle kunne ta seg trygt ned frå fjellet i tilfelle skodda fall på.

Ho tek altså av omlag 20 meter før kvilesteinane på Øvrestøylen (der Holstadråsa kjem opp og Gjerdsråsa held fram vestover mot Grimstadskaret) og stikk ganske rett oppover.


Grundige tidsstudiar låg til grunn for trasevalet.

Råsa passerer tre myrbøter som kan vere litt blaute.  Elles er ho ganske bratt eit par stader.

Ho er merka med kvitt og raudt og til saman ni små vardar.

På toppen kan du nyte utsikta over Hareid, Storfjorden og fjella i aust.


Nokon vil innvende at råsa er i hardaste laget.

Stipulert tid i normal fart : 45 minutt.

I 2002 sprang underteikna opp på under 20 minutt (eller 19.40 for å vere heilt eksakt).

Frå den vesle brua over elva rett ovanfor huset til Andre Gjerde til eg la handa på varden.

I ettertid ser eg at dette nok var eit (lite pent) utslag av 40-årskrisa.

Ein skikkeleg god motbakkeløpar vil nok greie same distansen på 17-18 minutt og kanskje endå raskare.

Så her er det berre å prøve seg.

Lukke til!

3 kommentarer:

  1. Gratulere med dagen!!
    Du er sprek :-)

    SvarSlett
  2. Gratulerer med dagen! Viktig å halde seg i form, så stå på!

    SvarSlett
  3. Tusen takk! Brukbart sprek, men aldrande.

    SvarSlett