lørdag 25. juni 2011

Eugenio Montale: Annerledes

bare
de som prater tøv
sier noe som angår deg



Nokre trøystande ord frå il grande poeta italiano Eugenio Montale (Genoa 1896-Milano 1981) høver kanskje i dag.
Sitatet er henta frå Oktober forlag si utgåve av hans utvalde dikt Annerledes frå 1995 med gjendiktingar og kommentarar av Heidi Bonde og Rune Christiansen.  


Dei velvalde orda avsluttar diktet Succulenter (Le piante grasse ), ein morosam tekst som - mellom mykje anna - latterleggjer
dei sære interessene som nokre av våre slektningar
kan finne på å dyrke.
Svære, vasshaldige, saftfulle plantar,  
for eksempel.


Eugenio Montale er ein bør-ha-lese-forfattar for lyrikarar.
Annerledes er ei bør-ha-bok.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar