søndag 12. juni 2011

Dante Alighieri: Divinia Commedia

Om ein ser vekk frå Bibelen, og kanskje også Homers Illiaden og Odysseen, er det vanskeleg å tenkje seg eit litterært verk som har hatt større innverknad på vestleg kunst og tenkjemåte enn Den guddomelege komedie.
Dante Alighieri (1265-1321) vart fødd i hjartet av Firenze, ved Porta San Pietro, like ved elva Arno, og tilhøyrde ein gamal adeleg familie. Ein av forfedrene hans var med på å grunnleggje byen, ein annan døydde i kamp under eit av krosstoga mot slutten av 1000-talet.
Det er inga overdriving å seie at Dante (eigentleg ei forkorting av Durante) vaks opp i ei politisk spenningstid.
På 1200- og 1300-talet var den italienske halvøya prega av sterke motsetnader mellom dei mange bystatane. I nord dominerte dei maritime handelssentra Genoa og Venezia, i sør Sicilia (styrt av det spanske kongehuset) og Napoli (med eit fransk dynasti ved truna). 
Men den sterkaste politiske makta var likevel paven i Vatikanet, som gjennom heile mellomalderen kjempa om det politiske hegemoniet med den tysk-romerske keisaren.
I tillegg gjorde det føydale systemet, med sitt intrikate system av vasallar, undervasallar og familiar med sterke lojalitetsband til kvarandre, dei politiske og militære alliansane svært uoversiktlege.
Også Firenze var merkt av stor politisk uro i denne tida.
Saman med guelfane var den unge Dante Alighieri med på å slå ghibellinarane frå nabobyen Arezzo i slaget ved Campaldino i 1289. Dette må ha vore ei skilsetjande oppleving for forfattaren, og fleire biografar har samanlikna Dante sitt Campaldino med Aiskylos sitt Maraton eller Tolstoj sitt Sevastopol.
Seinare vart han førar for apotekarlauget og utnemnd til ein av åtte priorar i Firenze. Han var altså tidleg aktivt med i den politiske leiarskapen i byen.

Men dei to store hendingane i Dantes liv var likevel møta med Beatrice og forvisinga frå heimbyen i 1302.
Beatrice Portinari var døtra til ein florentinsk kjøpmann.
Truleg såg Dante den eitt år yngre Bice berre ved to høve. Den fyrste gongen i niårsalderen, den andre då han var atten. Dante hadde då, etter press frå familien, trulova seg med ei anna jente.
Henry Holiday: Dante møter Beatrice ved Ponte Santa Trinita.
Synet  - eller opplevinga - av den ufatteleg vakre Beatrice forfylgjer han heile livet. Då ho døyr fireogtjueår gamal i 1290, fell verda hans i tusen bitar. Likevel kjenner han ein enorm dragnad mot henne.
I diktsamlingaVita Nuova (Nytt liv) frå 1292-93 skriv han (i Sigmund Skards omsetjing):
Om augo dine held ut å skoda henne, / då blir du rein i hugen, eller døyr.
Så når Petrarca seinare skriv om Laura, og Boccaccio om Fiametta, har tekstane deira klare parallellar til Dantes sonettar om Beatrice.
Kvinnene representerer noko guddomeleg som gir mannen liv (i tydinga ånd, tru, meining, føremål).
Også i det politiske livet snur lukka seg for han. Guelfane blir splitta, og som tilhengjar av keisaren (Dei kvite) kjem han i klammeri med dei pavetru (Dei svarte). Harde ankemål vert retta mot han.
10. mars 1302 vert Dante saman med 14 andre ”kvite” (mellom andre faren til Petrarca) landsforvist og dødsdømd (han ville bli brend på bål om han blei teken av dei florentinske styresmaktene igjen). Dommen gjaldt også sønene hans.
Dette blir starten på eit liv i eksil. Han er isolert og einsam, men også lausriven frå mange plikter. Slik blir han flakkande rundt i det politisk sundrivne Italia som ein fri intellektuell og lærd humanist med ein tydeleg politisk agenda: Motstanden mot paven. Gjenreisinga  av keisarriket.
Mytene om alle reisene hans er mange. Etter eit opphald i Arezzo, arbeidde og studerte han truleg både i Pisa, Padova og Verona. Mange meiner han også skal ha vore i Paris og Oxford, før han endeleg slo seg ned i Ravenna, der han døydde 14. september 1321.
Litt av det historiske bakteppet til Den guddomelege komedie kan sporast tilbake til 1300, då Dante vitja Roma under feiringa av jubelåret.
Langfredag dette året var Roma fylt av tusenvis av pilgrimar og tallause prosesjonar og opptog. Men pilgrimen Dante går seg vill og treng hjelp for å finne tilbake.
Mange år seinare skal forfattaren Dante fortelje om denne reisa.  
Forteljinga får form av både ein sjølvbiografi, ein allegori og eit visjonsdikt. Utgangspunktet er dette:
Pilgrimen Dante har gått seg vill i ein mørk skog (synda). Han har misst trua.
Komedien opnar slik:
Nel mezzo del cammin di nostra vita / mi ritrovai per una selva oscura, / che la diritta via era smarrita.
”Midtvegs fram i gonga gjennom livet / eg fann meg att i tjukke, svarte skogen, / i vilska fór eg langt frå den rette vegen” (Magnus Ulleland si omsetjing frå 1993).
Men kvar gong Dante prøver å finne vegen tilbake (frelsa), blir han truga av tre rovdyr (som representerer dei tre største syndene - lysta, vreiden, hovmodet).
Så møter han diktaren Vergil (forfattaren av Aeneiden, hans store litterære førebilete), som trøystar han med at rovdyra nok skal temjast, men at dette fyrst kan skje i framtida.
Dante lyt dermed gjennomføre ei reise gjennom dei tre rika som ventar mennesket etter døden:
Inferno (Helvetet), Purgatorio (Skjærselden) og Paradiso (Paradiset).
Etter ønske frå Beatrice losar Vergil Dante gjennom Helvetet og Skjærselden og til porten av Paradiset, der Beatrice fører han vidare. Men sidan Vergil ikkje er døypt, kan han ikkje bli med Dante heilt fram.
Den litterære reisa gjennom dødsrika inneheld 100 songar (34+33+33).
Verket representerer ein fascinerande symbiose av kristen, gresk og romersk mytologi ispedd solide porsjonar av skolastisk teologi og florentinsk sladder.
Teksten avslører elles forfattarens hat mot paven og dei av medløparane hans som stod bak utvisinga frå heimbyen Firenze.
Dante steikjer alle sine fiendar i Helvetet. Denne staden er jo skapt av ei guddomeleg rettferd.
Han latterleggjer folk frå universitetsbyen Bologna.
Av 79 namngjevne personar i Helvetet, kjem 32 frå Firenze.
Alle som opptrer i komedien er skuggar, ånder. Men lesarane får lytte til lidinga sine stemmer.
Helvetet (som nok for dei fleste lesarar opplevest som den mest underhaldande delen i komedien) er fylt av sukk, gråt og skrik frå dei fordømde. Det er syndarar og forpinte sjeler i ulike kategoriar, mange med tragiske historier.
Endeleg møter Dante den døde (men gjenoppstadne) Beatrice i Paradiset. Ho representerer Det vakre, Det rette og Det gode. Dante finn attende til Trua. Soga endar godt.
John William Waterhouse: Dante møter Beatrice.

Den guddomelege komedie representerer litt pompøst sagt både essensen og høgdepunktet i middelaldrens kultur. Det er blitt hevda om Dante at han gir stemme til ti tause hundreår (middelalderen). Han er difor blitt sett på som ein bergingsmann for den klassiske kulturen sidan verket hans absorberer så mange element frå antikk og kristen mytologi. Han er også rekna for å vere det italienske språket sin far og ei viktig årsak til at toscanske gloser og seiemåtar har fått ein såpass stor plass i det italienske ordtilfanget.
Forskninga rundt Dante er formidabel, kommentarlitteraturen enorm og spennande.
At Trond Berg Eriksens Reisen gjennom helvete. Dantes Inferno frå 1993 er utseld frå forlaget, seier vel sitt om kvaliteten på verket hans (i skrivande stund finst det berre to eksemplar i norske antikvariat).
I 1965 fekk den svenske forfattaren og redaktøren Olof Lagerkrantz Nordisk råds litteraturpris for Från helvetet till paradiset.

Dette er ei djupt fascinerande, imponerande og medrivande bok, som kom på norsk året etter.


På same viset finst det tallause omsetjingar av Dante. Personleg har eg stor sans for Henrik Rytters nynorske omsetjing frå 1942 (som Sigmund Skard fullførte etter at han var død).
Både innhaldet i og forma til komedien står godt til Rytters noko høgstemte stil. Men det var fyrst med Magnus Ulleland i 1996 at heile komedien vart omsett til norsk (billegutgåve på Gyldendal i 2000).
Heile kunsthistoria, frå Giotto og Signorelli og frametter, er full av scener frå komedien.
Mange av Rafaels Dante-portrett heng i Vatikanet.
Mest heile livsverket til den italienskætta poet-painteren Dante Gabriel Rossetti baserer seg på Dante og Den guddomelege komedien.


Dante Gabriel Rossetti: Den fyrste årsdagen for Beatrice sin død.

Filmskaparen Federico Fellini har alltid med eit Dante-portrett i bakgrunnen for sine filmar (eit godt døme på dette finn vi i Amarcord, då hovudpersonen vitjar den kvinnelege tobakkshandlaren).
Det har elles stått stor strid om Dante heilt sidan han døydde. Spørsmålet om kvar han bør vere gravlagd, har skapt borgarkrigstilstandar i Italia heilt fram til i dag. Firenze by krev han utlevert kvart år. Men leiviningane hans ligg framleis i Ravenna, der han skreiv Paradiset fram til han døydde i 1321.
Dante Alighieri  - florentinar av ætt, ikkje av seder.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar