onsdag 15. juni 2011

Morris L. West: Fiskerens sko

Denne romanen handlar om spelet i kulissane rundt eit paveval og den nye pave Kiril I sin kamp for å leve opp til dei forventningane som er knytte til det å vere Kristi etterfylgjar på jorda.

Forfattaren greier å skape ein svært spennande karakter av denne figuren. Særleg gjennom utdraga frå dei hemmelege dagboknotatane får lesaren innsyn i paven sine tankar om dei geistlege med- og motspelarane hans og – ikkje minst - hans eiga rolle i den maktkampen som utspelar seg i Vatikanets mange mørke korridorar:
”Intet menneske holder seg uforandret i en maktposisjon. Noen blir degenerert til tyranner. Noen blir korrumpert av smiger og manglende selvkontroll. Noen meget få blir modnet til visdom av tanken på følgene av hver ordre de gir.”
Fiskerens sko er absolutt det vi kan kalle ein thriller, med ei spennande utvikling både på det indre og det ytre planet. Noko av det mest fascinerande med denne boka er likevel tidspunktet for utgjevinga:
The Shoes of the Fisherman kom ut i 1963, rett før den reformvenlege pave Johannes XXIII døydde og ein ny pave skulle veljast.
Innhaldet føregrip også dei dramatiske hendingane i 1978 då ein verkeleg outsider frå Aust-Europa – Karol Wojtyla - overraskande vart vald.
1978 er elles året då den romersk-katolske kyrkja hadde tre pavar:
1.    Paul VI, som døydde.
2.    Johannes Paul I, som berre sat 33 dagar i stolen, før han døydde brått. Mange er konspirasjonsteoriane rundt forsvinninga av Il Papa del Sorisso, Den smilande paven.
3.    Og så altså Karol Wojtyla som blei Johannes Paul II, den fyrste ikkje-italienske paven på 450 år.
For min eigen del las eg denne boka fyrste gongen i 1980, på eit tidspunkt då stoffet altså verka svært så aktuelt.

Fiskerens sko er også den fyrste boka i den såkalla Vatikan-trilogien. Seinare kom The Clowns of God (Guds klovner) i 1981 og til sist Lazarus i 1990.

Den irskætta forfattaren Morris L. West (1916-1999) vart fødd i Melbourne i Australia og hadde ein svært variert bakgrunn før han debuterte i 1945:
Tolv år i den katolske klosterordenen Christian Brothers. Lærar i New South Wales og på Tasmania. Deltok i det australske flyvåpenet (RAAF) under krigen i Stillehavet. Ei lang periode innan reklame, radio og TV. Berre for å nemne noko.
Seinare fekk han eit slags ibsensk forhold til heimlandet sitt og budde utanlands i 27 år, frå 1955 til 1982. Han reiste gjennom mange ulike land – Vietnam, Sveits, USA, Italia, Storbritannia – og prøvde mange fleire jobbar. Han vart mellom anna korrespondent for britiske Daily Mail i Vatikanet (ikkje så rart då at han seinare skreiv seks romanar frå dette miljøet).
Etter at han flytta til Sorrento i 1955, kom dokumentarboka Children of the Sun i 1957, som handla om borna i slummen rundt Napoli og arbeidet til den ueigennyttige presten Mario Borelli.
”In Naples the nightmares began. They began, as they always do, with a simple reality”.

Men det er med The Devil`s Advocate (1959) han verkeleg blir kjend. Romanen inneheld mange av dei tematiske elementa han seinare er blitt så vidgjeten for:
Einskildmennesket sine etiske dilemma i situasjonar der den romersk-katolske kyrkja spelar ei heller tvilsam rolle på det internasjonale planet. Valsituasjonar der hovudpersonen lyt vege samvitet opp mot tunge plikter og mulege konsekvensar.
Slektskapen med Graham Greene er tydeleg. Likskapane mellom desse to katolske ”fritenkjarane” er mange. West sine religiøse thrillerar peikar også fram mot Dan Brown og hans Engler og demoner.
Morris L. West selde (i løpet av si levetid) 60 millionar bøker. Han vart omsett til 27 språk. Men trass i den enorme kommersielle suksessen, vart han aldri skikkeleg akseptert i heimlandet, på line med t.d. Patrick White (1912-1990), som fekk Nobelprisen i 1973.
Då Morris L. West døydde i Sydney 9. oktober 1999 sat han ved skrivebordet og arbeidde intenst med si nye bok, The Last Confession (som kom ut poshumt i 2000).
Denne siste romanen tek utgangspunkt i Giordano Bruno. Målet var truleg å rekke 400-minnet for hans død.
Som vi hugsar vart den italienske filosofen brend på bålet for sine meiningar i Roma.
På Campo de Fiori 17. februar 1600.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar