tirsdag 7. juni 2011

KVITT MOT RAUDT 4-4

Terminlista til Sunnmøre fotballkrins førte Hareid sitt Jente 16-lag til den aller synste enden av fogderiet måndag kveld:

Vanylven. Grensetraktene mot Sogn og Fjordane. 

Etter ein 80 minutts biltur gjennom fem kommunar, avbroten av ein kort ferjeskyss over Rovdefjorden, kunne spelarane endeleg starte oppvarminga til den vanskelege bortekampen mot Åheim.

Peptalk på Åheim stadion.

Stadion i Olivin-bygda ligg på ei fjellhylle eit lite stykke oppe i Almklovdalen, og grasbana er omkransa av sitjetribunar (raudbeisa taksperrer bolta inn i berget) og eit enkelt, men godt besøkt kiosk- og sanitæranlegg like ved parkeringsplassen (i retning Eid).

Medan jentene småjogga og slo pasningar til kvarandre, spelte speakeren vel attkjennande popslagerar frå 80-talet. 

A-ha. Nick Kershaw. Dire Straits.

Dei store høgtalarane på toppen av telefonstolpane likna fuglekasser for kattugle eller hubro. 

Så musikken runga i fjell og skog.

Kampen var spennande.

Midtvegs i andre omgang slo det meg at jentene frå Åheim måtte vere ein god grand større enn jentene frå Hareid.

Dei var både breiare og høgre.

Det same kunne seiast om publikum.

Vanylvingane viste seg å vere eit kraftig folkeslag.

Kunne dette ha med kosthaldet å gjere?

Et dei meir havregryn i Solsikkekommuna Vanylven enn oss som bur så nær Breisundet?

Er vi blitt for taco-etande og cafelatte-drikkande sidan vi ligg så kleistra mellom byane Ålesund og Ulsteinvik?

Kampen hadde nerve til siste slutt.

Dei kvitkledde jentene vart heia fram av eit dusin hundre kilos tunge fedre med gulgrøne kjeledressar frå Felleskjøpet og kraftige bassrøyster.

Det dundra i berget.

Tida var ute. Dei raude hareidsjentene leia 4-3.

Men dommaren la til minst 5 minutt.

Slik fløyteblåsarane gjer på Old Trafford kvar gong Manchester United ligg under.

Og heimelaget gav ikkje opp. Utlikninga kom i aller siste sekund. 

Etter ein høgst tvilsam corner.


Det regna under heile kampen. Her ser vi Raudt lag sin spelar nummer 6. 14 år 6.6.

Medan vi køyrde fjordalangs for å rekke ferja, tenkte eg at Vanylven kommune sikkert har sitt å slite med.

Identitetsproblema. Suget mot Nordfjord. Nedgangen i folketalet.

Men jentene deira er det sanneleg tak i.

Både med og utan havregryn.






   

2 kommentarer:

  1. Viss du begynner som fotballreportar, skal eg sannelig lese sportssidene, eg også.

    SvarSlett
  2. Ja, denne sjangeren har sanneleg mange mulegheiter!

    SvarSlett