fredag 3. juni 2011

Exploring Hod in the evening

Dagens fjelltur utforska grenseområda mellom dei to rivaliserande  kommunane på øya.

Eg starta frå parkeringsplassen på Hareidseidet kl 1450 i sol og varm vind (21 grader).

Vegen gjekk fyrst til Nevstadnipa.

Kommunesenteret Hareid sett frå Nevstadnipa.

Eller Kiberget, som ulsteinvikarane seier.

Kommunesenteret Ulsteinvik sett frå Kiberget (Nevstadnipa).

Så småsprang eg ned i Osnesdalen (der det var heilt stilt) og stampa meg opp på Skeidsnakken (i myr) før eg gjekk råsa i normalt tempo mot Mosvarden.

Mosvarden med Lissjevatnet og Runde i bakgrunnen.

Vestafor Mosvarden ligg Mosvatnet som er drikkevasskjelda til Ulstein kommune.

Men Mosvatnet ligg i Hareid kommune.

Turen gjekk vidare til Brørene (framleis Hareid kommune).

Eg vitja alle tre.

Den høgste (storebroren) ligg 620 m o h.

Men den minste er den farlegaste.

Ein gong fall ein hund frå Hareid til Ulstein kommune.

Bergsidene ned mot Brørevatnet tilhøyrer Ulstein kommune. Biletet er teke frå Hareid kommune.

Fleire vegval møtte meg på heimturen.

Skulle eg hit eller dit?

Alle destinasjonar låg i grensetraktene.

Midt mellom Hareid og Ulsteinvik.

Men synnjavinden bles meg nordigjen (heimatt).

I Dalsmunnen. På Mjelkeplassen. Utan tvil Hareid kommune.

Etter Skafjellet sprang eg mot Holstadhornet (531 m o h).

Hareid med Storfjorden og fjella i Ørsta og Sykkylven kommunar.

På vegen nedetter råsene filosoferte eg ørlite over eventuelle namn på ein felles kommune.

Hod var no det gamle namnet på øya.

Etter den blinde broren til Balder.

Som vi hugsar lokka Loke Hod til å drepe bror sin med ei pil av ein misteltein.

Eg kan leve med Hod - om så gale skal skje at det blir spleising.

Men ei stemme med slektsrøter frå Hjørungavåg har lansert det beste alternativet: Steinhard.

Namnet osar av fjell og stirr.

Sjølv om berget er ulikt i dei to kommunane.

Ulsteinfjell.


Hareidsfjell. Ein vanskelegare sort.

Så kan dette vere noko som kan samle oss. Fjellet.

Ulempen er alle assosiasjonane til fallosdyrkinga i norrøn tid.

Men når det gjeld fruktbarheitsgudar, er Herøy kommune langt verre komne.

Heile Herøy er full av fallosar.

På ei anna side:

Slike hugskot om potens og virilitet kan trekkje turistar til øya.

Korleis dette skal marknadsførast, er eg ikkje sikker på.

Men reislivsnæringa skyr ingenting.

Altså Steinhard kommune.

Om så gale skulle skje.


Eg var heime klokka 1830.

Åleine med meg sjølv hadde det vore ein gild tur. 



2 kommentarer:

  1. Høyrest ut som det reine fjell-maratonløpet. Men slik er det når ein er ung og sprek!
    Elles fall eg for namnet Hod for ei ev. kommunesamanslåing-det liknar veldig på Hødd.....
    Verre å finne namn til Ørsta/Volda. Elles synest eg det er underlig at "namnestriden" kjem først - der er vel større problem ved samanslåing.

    SvarSlett
  2. Ganske sprek, men ikkje ung.

    SvarSlett