lørdag 21. mai 2011

Øystein Orten: havflammen (1995)

Det udrepeleg vakre håpet

Øystein Orten frå Hareid si første diktsamling havflammen er ein hymne til menneska i havlandet og det udrepeleg vakre håpet. Alt i introduksjonsbolken plantar forfattaren føtene i eit industrielt kystsamfunn, og spør straks etter ...dei gamle hendene som bar guds bilete.

Og i ulike eigne tekstbilde prøver han å gjenskape dei gamle hendene som held oppe identiteten vår. I diktet dette er eit anna land insisterer forfattaren på at dei grunnleggjande elementa er grunnleggjande jamvel i ei moderne verd:

dette er eit anna land

her er ingen sommar
og ingen vinter

her finst ikkje steelgitarar
eller breibremma limousinar
under varm sol

berre kald sjø
grått berg og stirrig lyng

her speglar ikkje regnbogens vimplar
seg i tusen vindu langs dei grøne alleane

her stemnar ingen tog
i vilt jag mot neste hovudstad

ingen høgspente katedralar
strekkjer armane mot himmelen

dette er eit anna land

dette er eit anna land

Og ver klar over det med ein gong, lesar; mødrene i dette landet har høg verdi - og den fremste dygda deira er å seie frå seg mismotet:

gløym ikkje
at våre mødrer er kvinner frå periferien

med kongens fortenestemedaljar
for tapt mismot

Så veks han til, denne guten som blir mann og diktar. Og han registrerer at ...havet navigerer seg sjølv medan mennesket siglar mellom ytterpunkt. Og slik vinn mennesket røynsle og tankar om livets lovmessigheit. I diktet svartstille lærer vi hatet å kjenne:

hatet
ligg stille

og ventar
på vind

Ja, hatet er inderleg feigt i si inneslutta frykt og venting etter ytre påskot til å ruse opp. Sju ord på fire liner og eit lineskift, så har du det.

Tankar om død og fornying i det religiøse landskapet stig fram av smådikt som bedehuset sukkar :

dei gamle
syng haustsongar

for moralen
og døyr
sakte

og moment:

her finst kreative gravferder
over sjølvgodskap

og slekta
sin fortreffelegdom

Men så over til det levande. born på skuleveg minner om at omsorga for borna måler kvaliteten i samfunnet og er det overordna:

alt byrjar med dette
ingenting sluttar her

born på skuleveg

mødrer vinkande i dørene
gråtande englar ved himmelens portal

Vakkert og inderleg. Og eg gir meg lov til å flette desse tankane mot nokre liner i diktet in exelsis :

tapet
av uskuld
har skapt born utan voner

og menneske myrklagde
av media sine lysmassakrer 

Men også dette diktet munnar ut i eit lysstreif:

kunne valfarten mot lyset
starte i denne timen

For havflammen handlar om håpet. Det udrepelege. Slik formulert i diktet VEr helsa :

brør og systrer, håpet
er udrepeleg
vakkert

             lat oss
komponere håpet, hald tonen
hald ut - - -

Øystein Orten si stemme kling og skaper atterklang i romet og naturen. Slik handlar julaftadiktet 24.12 om fleire ting:

det snøva
og du breidde deg kvit
                            over markene

det regna
og du fløymde blå
                      i elvane

det fraus
og du slo brunnen
           til is

Diktsamlinga sluttar med det perspektivfulle diktet aVE - om kvar enkelt:

den
vesle mann
på den breie veg

mot mammons altar
og kvarmanns
smak

den
endelause alleen
som heiter livet

Eg trur Øystein Orten vil vise til vegar som fører bort frå mammons altar og kvarmanns smak, vegar vi begynner å gå først når vi prøver å komponere det udrepeleg vakre håpet der alt byrjar og ingenting sluttar - mellom

born på skuleveg

mødrer

vinkande i dørene
gråtande englar ved himmelens portal

Somme formuleringar i denne diktsamlinga er umåteleg vakre.


Leiv Arne Grimstad


Vikebladet/Vestposten 4. november 1995


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar