lørdag 14. mai 2011

FORTENT TAP


Då er det berre å gratulere Manchester City med ein fortent 1-0-siger i FA-Cup-finalen på Wembley i ettermiddag.

Stoke kom aldri med i denne kampen.

Berre i ein timinuttsperiode i byrjinga av andre omgang viste laget glimt av det vi veit dei kan. Kenwyne Jones KUNNE ha gjort det heilt store på eit råsterkt raid etter omlag ein times spel.

Og så var det cornerane på overtid, der den danske keeperen Thomas Sørensen (som spelte ein flott kamp) vart sendt opp for å jage ei utlikning.

Elles minte karane frå Staffordshire oss mest om eit middels femtedivisjonslag frå Sunnmøre. Lågt sjølvbilete. Dårleg tøtsj. For seint inn i duellane o s v.

Høgrebacken Andy Wilkinson (spelar nummer 28) hadde mildt sagt ein under middels dag og fekk vel knapt inn ei einaste takling.

Den tyske stopparen Robert Huth burde også ha blitt utvist etter berre ti minutt. 

Den olbogen hadde fortent raudt kort.

Framandlegionen Manchester City. Kjøpelaget Manchester City.

Dei burde ha vunne med mykje meir enn det eine målet som Yaya Toure frå Elfenbenskysten knuste i mål frå kort hald.

Det var klasseskilnad.

Trist, men sant.

Eg hadde Stoke-drakta på.

Vis Unita Fortior.

Men det hjalp ikkje.

Manchester City kunne juble heile vegen heim.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar