fredag 13. mai 2011

SPELAR NUMMER TO

For førti år sidan høyrde fotballen våren til.

Om vinteren rende vi på ski. Eller gjekk på skeiser. 

Viss vi ikkje spelte bordtennis i iskalde, uinnreidde kjellarrom med svakt lys.

Medan vi venta på tippekampane på NRK.

Av typen Wolverhampton - Birmingham 0 - 0 (etter at eit mål blei annulert for offside i andre omgang).

Fyrst når bøane låg berre og graset hadde grønkast i dei slake teigane oppunder skogkanten, leita vi fram fotballen og gjekk på dørene for å hanke inn folk.

Vi delte inn i to lag og spelte mot eitt mål.

Ingen merka at timane gjekk. Men kvelden kom, og det vart myrkt.

Då med eitt: Denne sterke kjensla av svolt.

Og så lukka ved å kome heim til ferskt grovbrød, smelta smør og rennande ripsbærsylte.

Seinare vart det organisert fotball. Ovanfor ser ein Hareid IL sitt gutelag hausten 1978. Ein eller annan gruskamp på bortebane må det ha vore.

Men han skal ha godt syn han som finn spelar nummer 2. Høgrebacken.

Oppgåva hans var kun å demme opp, øydelegge, forhindre osv.

Rask, kanskje til og med sterk, men alltid destruktiv.

Alt som gjekk føre seg på motstandaren sin banehalvdel var uinteressant.

Det store idealet var Stoke City sin høgreback John "Jackie" Marsh (f. 1948).


Ligacupvinnaren frå 1972. Han spelte totalt 433 kampar for klubben, men skora berre to mål.

Altså ein stålback av den gamle sorten. Aldri teknisk brilliant.

John Marsh enda karrieren med å invalidisere ein lovande ving frå ein eller annan klubb i Nordaust-England.

Eg hugsar ikkje kven det var, men eg meiner at John Marsh besøkte stakaren på sjukehuset.

How do you do.

I morgon sit voneleg begge karane på Wembley stadion då Stoke spelar FA-Cup-finalen mot Manchester City.

Det er så stort at eg nesten ikkje har ord for det. 

Problemet er at eg ikkje har kanalen.

Og NRKs Øyvind Johnsen har forlate oss. Det same har sidekommentatoren Billy Wright.   

Men drakt nummer to heng i skapet. Eg skal framleis greie å trenge meg inn i henne.

Vis unita fortior, står det på brystet.

Samhald gjer oss sterke.  

Saman vil ein jo alltid vinne til slutt.





  




4 kommentarer:

  1. Fhv. back Jan Stokseth13. mai 2011 kl. 22:01

    Det lukter svette, jeg ser igjen grønske på tøyet, og fornemmer igjen rustsmaken på tunga etter å ha slikka skrubbsåret på kneet. Jeg likte denne Øystein!Jeg var også høyreback - på Halsen Idretslag i Larvik (dengang Tjølling kommune) - de gangene jeg ble tatt ut da....

    SvarSlett
  2. Kanskje den neste boka di blir frå fotballmiljø?
    Ikkje vanskelig å kjenne deg att, dei to eldste gutane er veldig like faren.

    SvarSlett
  3. Ja, Jan, det kom overraskande på meg. Trudde du var meir den kyniske keeperen eller kreative targetspissen. Du manglar heilt destruktive genar....

    SvarSlett
  4. Trur ikkje neste bok blir frå fotballmiljø, men arbeider framleis med ei novelle om ein fotballkamp frå 1955. Kankje den kjem med i neste samling (om det kjem nokon)?

    SvarSlett