torsdag 5. mai 2011

Ingen sjaber fest

Sjabervik lansert til lyden av visesong, dikt og gravemaskiner
Vi må vel seie at det vart ein svært vellukka lanseringsfest for novellesamlinga Sjabervik onsdags kveld. Den vesle serveringsstaden Kaffikari i Ulsteinvik vart meir enn stappfull, og ein laut etter kvart opp på det gamle budloftet for å finne nok stolar til dei mellom 70 og 80 personane som greidde å passere gravemaskinene og dei kommunale anleggsarbeidarane som fånyttes leita etter ei gamal vassleidning i hamneområdet.

Innimellom dei tre novellene som forfattaren las var det visesong ved trubadurane Odd Goksøyr og Ronald Øvrelid i tillegg til diktlesing og framføring av eit essay ved Andreas Bjåstad.

Etter ein god skuletimes program vart det servert kaffi og brownies av Kaffikari sjølv.

Det fine frammøtet gjorde atmosfæren temmeleg intim. Stemninga vart dermed svært god.

Bokhandlaren fekk selt mange bøker.

Folk let vel.  

For spesielt interesserte viser vi til nokre omtalar i avisene:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar