mandag 23. mai 2011

Giovanni Boccaccio: Decameronen

I lag med sambygdingane Dante Alighieri (1261-1321) og Francesco Petrarca (1304-1374) vert florentinaren Giovanni Boccaccio (1313-1375) rekna for å vere mellom dei fremste forfattarane under den italienske renessansen – La Rinascita.
Vesle Giovanni vart (høgst truleg) fødd i Paris, der faren dreiv forretningar, men vart (av uklåre årsaker) etter kort tid skild frå si franske mor Giannina og send til Firenze, der han i svært ung alder vart involvert i familien si mangslungne kremmarverksemd, og noko seinare til Napoli, der han studerte juss. 
Men trass i faren sine skyhøge ambisjonar for sonen, var det litteraturen som skulle legge si tunge hand på han.
I Napoli kom han i kontakt med prominente representantar frå det franske hertugdømet Anjou, som i ein kort periode hadde makta i denne bystaten, og det vert sagt at det var her han for fyrste gongen såg den vakre kongsdøtra Maria d`Acquino, som seinare skulle inspirere han til å skrive dei mange elegiane over den fiktive heltinna Fiammetta.
I 1340-åra (truleg i samband med farens sjukdom og død) returnerer Boccaccio attende til Firenze. Her livnærer han seg som diplomat (noko som innebar fleire utanlandsreiser, mellom anna til Brandenburg, Avignon og Roma) og forelesar (over Dantes forfattarskap) ved det nye universitetet i byen (skipa 1321). I 1350 innleier han eit livsvarig vennskap med Petrarca, som han beundra stort. Han døyr i Certaldo, faren sin heimby (som ligg 30-40 km sørvest av Firenze), i 1375.
Boccaccio har etterlate seg ei stor mengd historiske, filosofiske og poetiske skrifter. Ei av hans store bragder er omsetjingane av Homers store epos til latin. Han er i det heile ein nøkkelperson i gjenoppdaginga - og formidlinga - av gresk kultur i Italia. Men trass i at han seinare prøvde å distansere seg frå dette verket, er det likevel Decameronen (endeleg ferdigstilt i 1358) han er blitt hugsa for.

I dag blir som kjent Decameronen assosiert med sex, noko tallause nattklubbar og strippebarar med nettopp dette namnet kan vere ei lita påminning om.
Uansett vert Decameronen (frå gresk deca og hemera  - Dei ti dagane) sett på som eit høgdepunkt i renessanselitteraturen. 

Rammeforteljinga er dramatisk nok:
Ti unge menneske, tre menn og sju kvinner, flyktar frå Firenze etter utbrotet av Svartedauden i 1348. Dei tek inn i ein forlaten herskapsvilla utanfor byen. For å få tida til å gå, fortel dei historier til kvarandre.
Det er erotiske forteljingar det er snakk om, med rimeleg faste innslag som ei elskovssjuk og utru kone, ein bedradd ektemann, ein ung elskar og – ganske ofte – ein usedeleg munk.
Etter den tids målestokk var nok dette grovkorna og frivole soger, inspirert av dei franske fabliaux, altså korte, lettsindige anekdotar. Mange av dei kan nok minne oss om det norske skjemteeventyret.

Flyktningane fortel ti historier kvar i ti dagar. Det blir til saman hundre historier.
Medan pesten og døden herjar inne i byen, serverer altså desse ungdomane svært så dristige forteljingar til kvarandre. Dei feirar livet med døden som ein nærsøkjen tilskodar.
Slik blir seksualiteten sett fram som ei skapande og livgjevande kraft i ei tid med menneskleg depresjon og økonomisk fortaping. 
Parallelt med den høviske litteraturen, som heltedikta og riddarsogene ved dei kongelege hoffa, representerer desse historiene altså ein meir uhøvisk litteratur, henta frå det enkle, banale og groteske folkedjupet.
Historiene til Boccaccio var då også skrivne på italiensk, eit vulgært språk i mange i sine auge.
Verket vart seinare illustrert av den ikkje mindre kjende florentinaren Sandro Botticelli (1445-1510).

Decameronen har tvillaust vore til stor inspirasjon for Geoffrey Chaucer og Canterbury-forteljingane hans. Boccaccio sine noveller (vi bør vel kalle dei det) må også ha vore ein føresetnad for mange av Shakespeare sine figurar.
Som kjent var den aukande handelen i Middelhavet frå 1100- og 1200-talet og utetter (ikkje minst som fylgje av krosstoga og konkurransen om å utruste desse) med på å skape ein råsterk kapitalistisk økonomi i bystatar som Genova, Venezia, Milano og Firenze.
Ei økonomisk, politisk og militær rivalisering var altså med på å drive renessansekunsten fram. I Firenze investerte styrtrike familiar som Medici og Peruzzi store pengesummar i ulike former for kunst og utsmykningar. Vi må ikkje gløyme at dette er litt av bakgrunnen også for den litterære voksteren.
For meg er det eit ikkje så lite paradoks at medan Svartedauden innleier ei trehundreårig politisk, økonomisk og kulturell nedgangstid i kongeriket Norge, gir den same naturkatastrofen eit insitament til den kulturelle blømingstida vi noko upresist kallar renessansehumanismen.   
Så derfor:
Decameronen er forteljingar på trass.
Dei representerer hovudlaus grensebryting og feiring. Bakkanal og karneval. Medan døden lurer i bakgrunnen.
Nokon har sagt at alt nytt byrjar med sjukdom.
For livet er ein fest. Sjølv om verda går under.


PS:

Decameronen vart omsett til norsk for fyrste gong i 1934 av Henrik Rytter. Bokkklubbutgåva i hylla mi (frå 1980) inneheld eit utval på 33 historier. Dei vart lesne inn som lydbok i 1991 av Ingerid Vardund.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar