mandag 16. mai 2011

Øystein Orten: Sjabervik (2011)

På vandring i Sjabervik

- Ei lesaroppleving -
På mange måtar liknar den litt uortodokse novellesamlinga Sjabervik ei minnebok - eller kanskje heller eit litterært bildealbum – med glimt frå eit tenkt bygdesamfunn på Sunnmøre gjennom 175 år. Men det er ikkje dei store hendingane i dette samfunnet som er «avbilda». Det er ikkje kommunestyret sine viktigaste vedtak eller store omveltingar i næringslivet som blir skildra. Heller ikkje er det dei mektige sine minnesmerke tekstene dreiar seg rundt. Denne strukturelle beingrinda, maktpersonane, som held oppe alle samfunn, er sjølvsagt med, men er plassert i bakgrunnen, som bipersonar eller kulissar. Fremst på scena i Sjabervik står gjerne dei med minst makt, dei det blir skrive lite om i avisene, outsidarane, dei med heller dårleg utgangspunkt. For her er mange fantastiske historier – i dobbel forstand – om særmerkte og heller uvanlege personar. Og på ulik vis, gjennom skiftande tider, stig dei fram frå utkanten, frå kulissane, inn i rampelyset og deler med oss ofte nokså spesielle episodar frå sine liv. Men her er likevel mykje gjenkjenning i forteljingane. Og det er vel det som også kjenneteiknar ein god fotograf eller malar, at han evnar å dra fram det særmerkte, men på ein slik måte at det framstår som noko vi kjenner att, kanskje til og med i oss sjølve, om vi torer å vere ærlege.

Etter å ha lese Sjabervik kjem det opp i meg funderingar over kva som eigentleg gjer eit samfunn interessant. Det er kanskje ikkje alt det som er mest synleg på overflata, - det kan ofte bere preg av kopiering av det ein trur er svært i andre samfunn. Nei, det er like gjerne dei uvanlege menneska og hendingane som set farge på samfunnsbildet - på godt og vondt. Og Sjabervik er ikkje ein idyll, sjølv om du finn det også i til dømes ein del nydelege natur- og miljøskildringar. Men det er personane, tankane deira og dei mange vanskelege og ofte vonde hendingane som råkar og omgir desse menneska, det meste dreiar seg om. Og dette gir perspektiv. Kva er eit liv? Er det ikkje eit samspel mellom det du blir gjeven av arv og miljø og det du gjer ut av det? Kanskje ikkje kor mange draumar som blir oppfylte, men heller den spennande vandringa fram mot dei.

Mange av personane i Sjabervik møter vi i skjellsettande og ofte dramatiske situasjonar, vel eigna til å kaste lys over fortida, men og å gi hint om draumar for framtida. Dette er gjerne situasjonar som sjeldan blir fotograferte og plasserte i eit vanleg bildealbum. Men dei lever likevel sitt usynlege – men sterke og betydningsfulle - liv mellom bilda vi finn der. - Her er eit lite knippe av dei mange lagnadene i Sjabervik: Tidleg i boka – og i historia til Sjabervik - møter vi Pige Naomi som tener hos Husfru og Husbond, og som hjelper – slik ho uttrykker det - sistnemnde kvar fjortande dag medan Husfru er på foreining. Dette blir det graviditet av, og vi fylgjer stakkars Pige Naomi i vekslinga mellom fortvilande sjølvmordstankar og håp. - Ei liknande veksling mellom undergang og håp – det siste synleg uttrykt i eit tatovert anker på overarmen - finn vi hos sjømannen som under andre verdskrigen står i maskinen i dirrande venting på torpedoar, men og full av lengt etter Sheila, kvinna som er mest like brei som Atlanteren. - Ein annan, bonden Immanuel, lengtar bakover medan han fester tauet i taket, fast bestemt på å forlate denne verda. Han hadde vanskar med å kome i gong med livet og kjærleiken. Så vart det teke frå han bit for bit, først barnet, så gradvis også hans kjære Kornelia. - Novellesamlinga har som desse eksempla viser, ein heller mørk tone. Men her er også lys og ein god del galskap, krydra med heller svart humor. Og innimellom all den tunge dramatikken lever folk i Sjabervik seg også gjennom mange av dei vanlege dagane med sine vare nyansar og sitt enkle liv.

Medan eit bilde i eit album er bore fram av eit direkte visuelt billedspråk, må personar og hendingar i ei novellesamling som Sjabervik naturleg nok formidlast gjennom eit anna språk, eit språk som liksom ymtar om noko meir, men held mykje skjult. Og her er mykje godt slikt språk, ja, her er mange språk. Det gjer det til ei ekstra mangfaldig oppleving at vi får møte både dansk i kapellan Søren Briis sitt oppseiingsbrev, tidleg riksmål i reiseskildringa «Et uønsket opphold», gammalt landsmål i dagboka med tittelen «Alle hendene i dalen», og sjølvsagt hovudspråket, forfattaren sin eigen poetiske og stilsikre nynorsk. Dette, saman med dei mange sjangrane som supplerer hovudsjangeren, novella, og dei mange glimta, men og dei lange linene, som malar ut landskapet og lynnet til folket med så stor kjærleik og på ein slik måte at ein lett føler seg heime i Sjabervik, skaper ei særeigen og rik lesaroppleving. I tillegg gir slektskapen mellom forteljingane, dei tynne – av og til nesten usynlege - trådane som bind saman, ei ekstra lyst til å bla gjennom minnealbumet Sjabervik endå ein gong - for å undersøke og oppdage meir.

Andreas Bjåstad


Vikebladet/Vestposten 7.mai 2011

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar