fredag 22. juli 2011

PONTE SISTO

Kjærleikens bru

Dei som har vandra over Karlsbrua i Praha eller Ponte Vecchio i Firenze, vil nok hevde at Ponte Sisto i Roma ikkje kan måle seg i ytre prakt.



Men denne hovudpulsåra mellom Trastevere og resten av byen tek det meste att på folkelivet og den spesielle atmosfæren.


Særleg om kveldane. Då myldrar det av liv her.


Lyskastarar frå elvebreidden skyt strålar opp i mørket. Korps og jazzorkester spelar. Og tett omslynga kjærastepar passerer i sakte fart.




Om dagen sit dei afrikanske veskeseljarane her.


Dei faste musikantane lirer av seg dei same melodiane.


Nokre er verkeleg gode.




Ein og annan uteliggjar (dei fleste med hund) tiggar pengar.


Men dei er lite pågåande.


Brua er forresten oppkalla etter pave Sixtus IV (frå den velståande Rovere-familien), og stod ferdig til jubelåret 1475.


Dette er den same mannen som stod bak bygginga av Det sixtinske kapell.


Langt inn på 1800-talet var dette den einaste ferdselsåra over Tevere mellom Isola Tiberina og Castel Sant`Angelo.


Hordar av pilegrimar frå sør og vest har difor strøymt over denne brua.




Pave Sixtus IV brukte elles mykje av private midlar på å restaurere kyrkjer og bygningar rundt om kring i byen.


Så mykje at han laut selje unna kunstsamlingane sine.


For å finansiere Ponte Sisto, kravde han difor inn skatt frå dei prostituerte.


Ei stabil inntektskjelde, skulle vi tru.


Men upopulær.



Ponte Sisto  fører oss så inn i bydelen til "dei andre".



Folk i Trastevere likar å sjå på seg sjølv som annleis.


Dei er jo etterkomarar av dei verkelege romarane.


Etruskarane.



Desse som blei jaga ut av byen.


Og over elva.


Men truleg vil ingen av dei tilbake.

torsdag 21. juli 2011

FIRENZE

Mitt aller fyrste møte med Firenze var svært hyggjeleg.


Toscanas hovudstad er ein veldig annleis by enn Roma.

(Ja, Firenze var faktisk heile landet sin hovudstad før Roma kom med i Italia i 1871.)


Temperaturen, luktene, språket, husfasadane, dei geometriske vinklane, trafikken, musikken o s v.


Butikkane. Marknadene. Dørene.


Alle bankane og gullsmedforretningane.

Breidda i utvalet på varer av klede, papir, smykke og - ikkje minst - skinn.


Som sikkert freistar dei svært mange engelskspråklege turistane.


Den unike steinen dei har bygd kyrkjene med.


Og sjølvsagt all renessansekunsten.


Kunstmuseet Uffizi har 1,5 millionar besøkande kvart år....

Men mykje er også likt.

Ei elv. Arno.


Bydelen på den andre sida av elva. Oltrarno.


Bruene over elva o s v.

Men Firenze har uansett brua over alle bruer (kanskje med unntak av ei):

Ponte Vecchio.


Det tek ca 90 minutt frå Roma til Firenze med tog.


Berre utsikta over Dante og Giotto sin by er verdt kvar ein eurocent som billetten kostar.

   


 

onsdag 20. juli 2011

Palazzo Doria Pamphilj

Ein treng ikkje om å reise til Firenze for å sjå storarta malarkunst.


Midt på Corsoen, i sjølve hjartet av det bråkete og folkelege turist-Italia, ligg Palazzo Doria Pamphilj, som kan by på eit fantastisk interiør og ei perle av ei kunstsamling.


Både Rovere- og Aldobrandini-familiane utvikla denne flotte villaen før Doria Pamphilj tok over på 1600-talet. 


Å vandre gjennom  desse roma - eller rettare, salane - er ei oppleving i seg sjølv.


Personleg fall eg for badet til Diana (Bagno di Diana).


Men ein liten dukkert var dessverre ikkje inkludert i inngangsbilletten.


Elles er veggane, golva og - ikkje minst- taka svært vakre.


Og ein blir påmint om at den gamle romerske forfedrekultusen, med portretta av dei mange pater familas (ståande på sine høge soklar), skapte på grunnlag av dødsmasker, framleis er levande.



Palasset inneheld meir enn 400 maleri av mange store namn frå 1400- til 1700-talet. 

Her er Lippi, Breughel, Rafael og Tizian, berre for å nemne nokre.


Filippo Lippi sitt Annunciazione (Bodskapen til Maria), Tizians Salome med hovudet til Johannes Døyparen og Caravaggios Kvild under flukta til Egypt og Johannes Døyparen (som ung) var nok mellom mine personlege høgdepunkt i dag.


I tillegg verka det på meg (som er ein høgst ukyndig kunsthistorikar) som om her var eit stort tal av italienske 1600-talsmalarar, som særleg henta sine motiv frå bibelsoga og frå slagscener mellom dei ulike italienske bystatane i seinmellomalderen.


Den private kunstsamlinga til den noble familien Doria Pamphilj inneheld sanneleg mange lidande og døyande personar.



Velazquez sitt berømte portrett av pave Innocent X Pamphilj frå 1644 er eit unntak. Det legg beslag på eit eige lite rom, saman med ei byste av den same paven, laga av Bernini.


 Den noko misnøgde og irriterte mina til den litt aldrande hovudpersonen  gjer inntrykk.




Sidan dette var eit bestillingsverk, må dette ha vore svært dristig av den spanske kunstnaren.

Omgjevnadene var svært spente på reaksjonen frå paven.


Men dei kunne puste letta ut.

Gud, så sant det er, skal visst Innocent
ha utbrote då han fekk sjå maleriet for aller fyrste gongen.


Eg er overtydd om at dei fleste pavar må ha stor sjølvinnsikt.

tirsdag 19. juli 2011

PIAZZA SAN PIETRO

Sankt Peter sine nøklar

OG


Johannes Paul II si grav
  
Kor mange millionar pilegrimar som har trakka over Petersplassen, er det vel ingen som veit.



Sjølve plassen (på omlag 300 mål) fyllest fort opp ved dei store høgtidene.


Eg stod her sjølv fyrste påskedag 2006.


På ein fot. 


For somme reisande har nok besøket i Peterskyrkja vore eit ønske for livet.


Dette å sjå altaret over apostelen Peter si grav.


Røyve (og  jamvel kysse) dei heilage gjenstandane.


Oppleve den spesielle felleskapen mellom truande frå verda rundt.


I mellomalderen kom pilegrimane langs Via Franchigena - den gamle pilegrimsleia frå nord.


Då dei endeleg nådde Monte Mario - ein liten åsrygg like ved byen - og kunne sjå kuppelen på Peterskyrkja, fall dei på kne og takka Gud.



For andre har det nok berre vore eit vanleg turistmål.


Noko ein bør ha sett. Ein plass ein bør ha vore.


Ofte kombinert med ein runde gjennom Vatikanmusea.



Vel, ein vil ikkje angre på turen hit.


Eit lite tips kan kanskje vere å ikkje møte opp altfor tidleg.


Lat busslastane med turistar få gjere frå seg.


Vent til ettermiddagen.


 Då vil køane vere kortare og ventetida svært overkomeleg.


Vanlegvis er det størst trengsel for å kome ned til Johannes Paul II si grav.



Den sterke posisjonen til den tidlegare polske paven er både overveldane og forbløffande.


Om du vitjar ei av dei svært mange suvenirsjappene i Vatikanet, er det biletet av Johannes Paul II som lyser mot deg.


Han er på plakatar, posterar, postkort, kalendrar, bøker, filmar, rosenkransar og sjølvsagt magnetar du kan ha på kjøleskapet.


Benedikt XVI kjem nok litt i bakgrunnen. 


Enn så lenge.  






mandag 18. juli 2011

LARGO ARGENTINA

Kattekatedralen



Largo di Torre Argentina er ein stor open plass i den såkalla Mars-marka
(det gamle eksersis-området for dei romerske soldatane)
og er hovusakleg kjend for tre ting:


Teatro Argentina, der mange berømte operaer har hatt premiere.


Area Sacra, eit område med fire mindre tempel frå republikk-tida, som ein ved eit tilfelle grov seg ned i under byutbygginga i 1920-åra.


Og endeleg  - dei fleire hundre heimlause kattane som har slege seg til i desse meir enn to tusen år gamle ruinane.


Store og små hendingar i det offentlege liv har funne stad her.


Komponisten Gioacchino Rossini opplevde f eks å bli kjeppjaga gjennom gatene, då han skal ha fornærma publikum med ein uheldig replikk etter premieren på Barberaren i Sevilla i 1816.


Det var også her Julius Cæsar blei knivstukken og drepen i 44 f. Kr, mellom andre av stesonen Brutus, i den såkalla Pompeius Curia
(som fungerte som senat medan restaureringsarbeidet gjekk føre seg på Forum Romanum).


Vi hugsar sjølvsagt Cæsar sine kalde og observerande siste tre ord:

Et tu, Brute.


Julius Cæsar sin posisjon i det italienske samfunnet er forresten framleis (kanskje meir enn) guddomeleg.


Staden der han blei kremert, i Forum Romanum, har alltid friske blomster.


Men det er framfor alt dei tallause kattane som påkallar turistane si merksemd i dag.




Det finst jamvel ein eigen organisajon som arbeider spesielt for desse pelsdyra på Largo Argentina.


Under dei ekstra varme dagane i førre veke (med over 40 grader) låg dei urørlege som slakt i skuggane.



I dag, med godt levelege 32 grader klokka 13, var det monaleg meir liv i dei.


Men kattane verka noko slakke, og dei reagerte ikkje på norsk kattespråk
(S-lydar i ulike variantar).


Kanskje er dette gamle romerske senatorar som nektar å folate staden.



Plassen er oppkalla etter eit gamalt tårn (som no er bygd inn i dei andre bygningane i området) og den latinske nemninga for Strassbourg (Argentatorum), der ein paveleg seremonimeister kom i frå.


Largo di Torre Argentina betyr dermed Plassen med tåret til mannen frå Strassbourg.


Altså: Ingenting med Argentina å gjere.


Likevel.


Namnet minner oss om dei nære banda mange argentinarar framleis har til Italia (og omvendt).


Den tapre kona til Garibaldi, Anita, var argentinsk.


Bydelen La Boca i Buenos Aires er italiensk
(jamfør fotballaget Boca Juniors).


Mange italienske immigrantar frå Argentina tok elles aktivt del i
Il Risorgimento.


Manfredi-fyrtårnet på Gianicolo var f eks ei gåve frå argentinarane i høve 50-årsjubileet for Italia si samling i 1911.


Og frå dette punktet er det god utsikt til kattekatedralen på Largo Argentina.

søndag 17. juli 2011

PIAZZA DI SPAGNA

Dei fleste tenkjer nok på Spansketrappa når dei høyrer dette namnet.


Og Scalinata della Trinita dei Monti - som denne berømte trappa på 138 trinn eigentleg heiter - dominerer også plassen visuelt. 


Men sanninga er elles at både spanjolar, franskmenn og italienarar samarbeidde om å få denne trappa realisert.


Det er eit must for dei fleste turistar å bli avbilda her, gjerne i framkant av Bernini si Fontana della Baraccia, som skal illustrere ein gamal, sprukken båt som ligg på grunna og tek inn vatn.



Trappa, som var ferdig i 1726, er som regel full av folk, særleg om kveldane, då solnedgangen er flott å studere frå dei øvste trinna.


Det er forresten forbode å ete her (eg har prøvd).


I Casia Rossa, som ligg tett inntil Spansketrappa (til høgre på biletet under), levde den engelske diktaren John Keats eit års tid, før han døydde her (av tuberkolose) berre 25 år gamal i 1821.


Huset er i dag innreidd som museum (Keats-Shelley Memorial House), eigentleg til ære for alle engelske romantiske poetar, og omfattar mellom anna ein lokk av Keats sitt hår og ei karnevalsmaske som lord Byron ein gong kjøpte i Venezia.

Trivielle saker, kanskje, men eg vil absolutt tilrå eit besøk.



Bakgrunnen for namnet Piazza di Spagna er elles at den spanske ambassaden til Vatikanet heldt til her frå 1600-talet og frametter.


Området vart difor sett på som spansk territorium.


Utlendingar som rota seg inn her (og prøvde seg på dei spanske senoritaene), risikerte t d å bli verva til den spanske hæren.


Ein pågåande gateseljar som ein gong blei vist bort av det italienske politiet, klaga til den spanske staten og fekk halde fram med  den tvilsame businessen sin.


Makta sine irrgangar er ikkje alle tider enkle å forstå
(eller kanskje er dei nettopp det).


I dag er nok trappa fyrst og fremst ein fleirkulturell samlingsstad.


Kunstnarkafeen Caffe Greco (etablert i 1760) ligg forresten berre 50 meter frå plassen.


Dette var lenge stamkafe for nordiske kunstnarar som Bjørnson, Ibsen, Lie, H.C. Andersen og Edvard Grieg (som hadde opparbeidd seg ein slik status at han fekk øve saman med Claude Debussy og Franz Liszt oppe på det svært så eksklusive franske kunstakademiet i Villa Medici).


Cafe Grecco var også ein av dei aller fyrste (av i alt 16 til no) tilhaldsstadane til Circolo Scandinavo.


Norske kunstnarar fekk adressert posten sin hit.


Om du ynskjer å droppe innom og ta ein kaffi her, vil du finne portrett av mange norske forfattarar på veggane.


Også av Sigrid Undset, som budde like i nærleiken, i Via Frattina 139


Romanen Jenny, som kom ut i 1911, hentar jo mykje av stoffet sitt frå Piazza di Spagna.


Området mellom Via del Corso og Piazza di Spagna vert elles rekna som eit av dei livlegaste (og dyraste) i Roma.


Via Condotti inneheld mange eksklusive forretningar.


Versace og Armani.


Har du rette reisefylgjet med i strøket her, svir du fort av ei månadsløn før du er nede i Corsoen.


Eg seier ikkje meir. 


lørdag 16. juli 2011

PIAZZA TRILUSSA

Den finaste inngangsdøra til bydelen Trastevere er Piazza Trilussa.



Ikkje berre er denne plassen ein møtestad og kvilestad (og sikkert også sjekkestad) for fastbuande og reisande.


Piazza Trilussa ligg berre 50 meter frå den flotte fransiskanarkyrkja til minne om St. Dorothea og huset til renessansekunstnaren Rafael si hemmelege elskarinne, La Fornarina (Bakardøtra) .

Berre for å nemne noko.

Piazza Trilussa tek i mot folk frå den andre sida av Tevere over gangbrua Ponte Sisto og fordeler dei innover i dei trange gatene.


Om kveldane sit fleire hundre menneske på trappene her.


Og berre nyt augneblinken.


Ordet "uteliv" har eit anna innhald  i Roma enn andre stader i Europa.


I kveld startar forresten den store festivalen i Trastevere, med opptog, gjøgleri og musikk, og eg tippar at Piazza Trilussa vil koke til langt inn i natta.



Plassen er oppkalla etter poeten Carlo Alberti Salustri (1873-1950), som nytta kunstnarnamnet Trilussa (eit anagram av etternamnet hans).



Trilussa vaks opp under svært fattige forhold i denne bydelen, og vart kjend for si antiautoritære haldning og sine æsop-fabel-liknande dikt på Trastevere-dialekten romanesco.


Trilussa skildra kvardagslivet i Trastevere med eit skrått blikk frå dei mange kafeane og vicoloane (trange smug).


Han debuterte med bok svært tidleg, allereie som 16-åring, men vart skikkeleg kjend fyrst ut i 1920- og 30-åra med sine særprega sonetter på trastevere-målet (som han illustrerte sjølv).


Trilussa fekk oppleve ein enorm popularitet mot slutten av livet, og han vart utnemd til senator på livstid av den italienske presidenten i desember 1950, tjue dagar før han døydde. 


Kardinal Luciani frå Venezia, som seinare skulle bli pave Johannes Paul I (med ei verketid på berre 33 dagar), utgav den spennande boka Illustrissimi (Til dei som teiknar) posthumt i 1976 (same året som han døydde).


Den inneheld 40 tenkte brev til verkelege og fiktive personar. I tillegg til Goethe, Mark Twain, Figaro o s v finn vi også eit til Trilussa.


Det seier litt om posisjonen som Trilussa hadde i Italia, men kanskje også om kva slags pave Johannes Paul I kunne ha blitt.


Sentralt på piazzaen står Aqua Paola-fontenen.



Den er ikkje like flott som fontenen med same namn 500 meter lengre oppe i bakkane mot Gianicolo.


Men den har meir sjarm. 


Bak statuen av Trilussa har forresten ein uteliggar fast tilhaldsstad. Han kjøler maten sin (øl, frukt o s v) i dammen under fontenen på piazzaen.



Han gjer ikkje ein katt fortred.


Trilussa si ånd svevar framleis over staden 





fredag 15. juli 2011

IL VITTORIANO

Om noko skal kunne kallast sentrum i Roma i dag, vil eg gå for Piazza Venezia.


Ikkje berre er denne plassen eit knytepunkt for busstrafikken.


Den trange hovudgata Via del Corso, som strekkjer seg frå Piazza del Popolo, endar opp her.


Her handlar det altså om shopping - med eit breitt utval av dei fleste tenkjelege varer.


Slik sett er Piazza Venezia starten (eller slutten) på alt kvinneleg begjær.


I midten står eit ruvande byggverk av ein spesiell type marmor frå Brescia.


Fridomsmonumentet Il Vittorino vart ferdig fyrst i 1911, femti år etter at Italia vart eit sameint og sjølvstendig land.


Det er bygd til ære for den fyrste italienske kongen, Viktor Emmanuel II av Savoia.


Monarken sit då også i sentrum av monumentet - til hest - på ei tolv meter høg bronsestatue, omkransa av italienske flagg.


Fakkelen til minne om dei falne frå kampane den gongen - som brenn rett framfor han - skal lyse til evig tid, og vert vakta av svært myndige soldatar.


I kjellaren på Il Vittorino ligg eit museum for Il Risorgimento (fridomskampen) som har fleire flotte historiske fotografi.


Mange ser elles monumentet som ein hån mot det kunstkresne Italia.


Særleg med tanke på omgjevnadene rundt (Forum, Capitol o s v).


Il Vittorino har av same grunn mange utnamn:


Skrivemaskina, Bryllaupskaka o s v.


Nokon hevdar med fullt alvor at det bør rivast.


Til høgre på Piazza Venezia står Palazzo Venezia, som har gitt plassen namn.



Det store huset er kjent for mykje.


Mor til Napoleon budde her, etter at franskmennene hadde jaga ut ambassadøren frå Venezia.


I mellomkrigstida tala Mussolini til store massar - det var snakk om 500 000 - frå balkongen her.


Som vi hugsar likte Mussolini å vise seg i bar overkropp i offentege samanhengar. Kanskje var dette for å stå fram som eit maskulint, fascistisk mannsideal.


Nokon som viste handling - og ikkje berre for med prat.


Men det var lenge før kvinnene drog kredittkorta langs Via del Corso. 

   

torsdag 14. juli 2011

CACERE MAMERTINO


Den romerske Death Row


Under kyrkja San Guiseppe dei Falegnami på Capitolo ligg fangeholet som læresveinen Peter sat fengsla i før han vart avretta ca 64 e.Kr.


Som vi alle veit, vart Peter etter eige ynskje krossfesta opp ned, sidan han ikkje såg seg verdig til å døy på same måte som Jesus.


Nokon meiner at også Paulus skal ha vore fengsla her, rett før han vart halshogd tre år seinare, men dette er visst ingen sikre på.


I Pãr Lagerkvists roman Barabbas hamnar elles hovudpersonen i dette fangeholet, der han endeleg vert attkjend frå påskedramaet i Jerusalem.


Marmetine-fengselet, også kjend som Tullianum, lå i ei grotte ganske djupt under bakkenivå like i nærleiken av Forum Romanum, og huserte mange prominente fangar den tida Romarriket var på sitt største.


Det var heilt sikkert ikkje tilfeldig at fengselet med dei største statsfiendane  vart plassert nettopp her.


Det var inga trapp ned til dette fengselet. Arrestantane vart senka ned gjennom eit hol.


Her vart dei fastlenka til fjellet i kjettingar.


Meir enn hundre år før Peter sat mellom andre den galliske leiaren Vercingetorix her.


Og omlag femti år før han - den numidiske kongen Jughurta.


Dei fleste av fangane vart avretta her nede før dei vart slengde i Cloaca Maxima.


Men dei mest prominente av dei dødsdømde fekk gå trappa opp til Capitolo - også kalla Scala Gemoniae ("sukka si trapp") - der den jublande menneskemassen tok i mot dei.


Då venta anten Den tarpeiske klippe eller ein annan voldsam død.


Det vert sagt at Peter fekk ei vasskjelde til å springe opp nede i grotta.



Og med vatnet frå denne kjelda skal Peter ha døypt fleire av medfangane og fangevaktarane sine.


Ei myte fortel at desse fangevaktarane løyste lenkene til Peter og sidan hjelpte han med å flykte.


Men springande på flukt langs Via Appia møtte han Jesus på veg inn til Roma.



Og Peter kasta seg ned i vegkanten og spurde:


Rabbi, er det du?


Quo Vadis, Domine?


(Kvar går du, Herre?)


Eg skal til Roma for å krossfeste meg for andre gong, sa Jesus.


Kva anna kan eg gjere når du har tenkt å fornekte meg ein gong til?


Då Peter reiste seg opp, var Jesus borte.


Så snudde Peter og gjekk inn til byen igjen. 

onsdag 13. juli 2011

RUPE TARPEIA

Den tarpeiske klippe

"Det er ikkje langt frå Capitol til Den tarpeiske klippe".


Med andre ord: Det er ikkje langt frå maktas tindar til undergangen.
 
I fylgje opphavsmannen til dette munnhellet, den franske greven Mirabeau, er det  faktisk berre eitt steg.
 
 
 
 Den tarpeiske klippe er ei fjellskrent på Capitolo.



I antikken var dette avrettingsstaden i Roma.
 

Her kasta dei forrædarar og andre statsfiendar utfor til den sikre død.
 
 
 
 Seinare plasserte romarane galgen på denne berghylla. 


Berre hundre meter bortanfor låg Forum romanum og Senatet, senteret for religiøs, politisk og økonomisk makt.

Denne tragiske staden - stupet - er oppkalla etter ungjenta Tarpeia, som (ein kveld ho var ute for å bere inn vatn) vart overtalt av sabinarane til å opne portane til borga på Capitol slik at dei kunne sleppe inn og hemne "sabinarrovet" (romerane hadde på 700-talet f. Kr. stole alle dei vakre sabinarkvinnene for å avle born med dei).
 
 
Som løn for strevet skulle ho få alle gullarmband og perleringar som krigarane bar på venstrehendene.



Sabinarane heldt avtalen, men ikkje slik som Tarpeia tenkte.
Dei betalte for forræderiet ved å klemme jenta i hel mellom skjolda sine (som dei jo heldt på venstrearmane).



Det høyrer med til historia at då sabinarane storma borga til romarane på Capitol, sprang dei fanga (og truleg gravide) sabinarkvinnene i mellom og tvang fram ei forsoning mellom dei to folkeslaga.



Det vert sagt at den europeiske skikken med å bere brura over dørstokken, har sin bakgrunn i sabinarrovet.
 
 
Ein umiddelbar assosiasjon går også til røvarane i Kardemomme by som stal Tante Sofie.



Vi lister oss så stilt på tå o s v.
 
 
Eg meiner å hugse at den historia fekk ein lukkelegare slutt.
 
 
Men Tarpeia, stakkar, forblei ugift.