tirsdag 12. juli 2011

ISOLA TIBERINA

Ei øy for dei sjuke og fattige

Om ein kryssar Tevere over Ponte Cestio,
kjem ein til ei øy som står midt i elva.


Mytene skal ha det til at øya vart skapt då den siste etruskiske kongen vart jaga frå Roma i 509 f. Kr. 

Øya er forma som ein båt.

Tevere fossar rundt baugen på han.


Allereie før den fyrste punarkrigen (på 200-talet f. Kr.) innvigde romarane eit tempel for legekunstens gud, Asklepios, på denne øya.

Den vakre San Bartolomeo all`Isola-kyrkja vart sidan bygd på ruinane av dette. Dei gøymer  på leivningane etter apostelen Bartelomeus.


Fatebenefratelli-ordenen ("gjere-godt-brørne") driv frameis eit hospital her.

I over 2000 år har altså denne øya vore dei sjuke og fattige si øy.

Byen har opplevd mange pestar.

Sjølve plasseringa vart sett på som helsebringande.

Vatn og vind.

Det er likevel ikkje til å undrast over at flaumskadane har vore mange.

Om vi gløttar vestover i retning dei to høgdene Palatino og Aventino, kan utløpet av Cloaca Maxima skimtast til venstre i vasskanten.
Dette er to tusen år gamal romersk infrastruktur som framleis er i bruk.
Her snakkar vi om kvalitet i rørleggjarbranjen.


Litt til høgre for dette står den uferdige Ponte Rotto hjelpelaus i straumen.
Brua rasa saman i 1598.

På svarte dagar kommuniserer lagnaden til denne brua godt med  mitt eige sjølvbilete.

Godt begynt, men ikkje fullført.

Ein gong lovande, men innfridde ikkje o s v.

Når du forlet øya over Ponte Fabrico, kjem du til synagogen og den jødiske ghettoen (levandegjord av mellom andre forfattaren Elsa Morante i hennar fabelaktige roman Historien).


Det vert fortalt at byggherren, Fabrico, skulle få betalt for arbeidet fyrst 40 år etter at brua vart ferdigstilt i år 62  f. Kr.

Oppdragsgjevaren var usikker på om søylene ville halde.

Vel, det var ingenting som gynga då eg gjekk over i dag.

mandag 11. juli 2011

PIAZZA DEL POPOLO

ROMA SI INNGANGSDØR 

(før Bjørnson kom til Termini)

Om ein i gamle dagar, altså før jernbanen revolusjonerte persontransporten i Europa (og Termini tok over som trafikknutepunkt), kom til Roma nordafrå, var Porta del Popolo det fyrste som møtte deg.

 

Arkitekten på 1500-talet forma denne byporten som ein romersk triumfboge, med statuar av Peter og Paulus på kvar si side, sidan det var ein siger for eit kvart menneske endeleg å nå fram til Den evige stad.
Porten fekk gjennomgå ei ekstra oppussing før svenskane si bohemaktige dronning Christina (og filosofen Decartes si nære venninne) kom ridande til hest langs Via Flamina med sitt store fylgje veslejulaftan 1655.
Som vi skjønar var abdikasjonen frå den svenske truna og konverteringa til katolisismen sett på som ein enorm triumf for både paven, den katolske kyrkja og Roma by.

Rett innanfor porten ligg Santa Maria del Popolo, kjend for si rolle i Dan Browns Engler og demoner. Kyrkja vart bygd i 1099 til ære for krossfararane si gjenerobring av Jerusalem.

Vel verdt å sjå er Rafaels utforming av den styrtrike familien Chigi sitt private kapell (rett til venstre når du kjem inn døra) og Caravaggio sine maleri Krossfestinga av Peter og Paulus si omvending (som eg meiner var avbilda i ei av barndomens lærebøker i bibelsoge).

Ganske fantastisk at ein berre kan gå rett inn frå gata og sjå denne verdskunsten.

Ingen vakter.


Heilt fram til 1820-åra vart offentlege avrettingar gjennomførte på denne plassen, helst i samband med karnevalsfeiringa. Dei dømde vart dei fyrste hundreåra slått til døde med gjentekne slag mot tinningen. 

Så då giljotinen kom mot slutten av 1700-talet, vart det sett på som eit stort framskritt. 

Den store tyske diktaren Johann Wolfgang von Goethe budde i to år (1786-1788) berre 50 meter frå Piazza del Polpolo (Casa di Goethe er i dag museum) etter den berømmelege reisa til Roma saman med hans trufaste beundrar og usvikelege kamerat Tischbein.

Goethes Italienische Reise vert sjølv i dag rekna som ein klassikar mellom reisebøker.

Og meir enn ein gong klagar Goethe på ropa frå den jublande menneskemassen då hovuda fall på Piazza del Popolo.  

  
Midt på plassen, framfor tvillingkyrkjene Santa Maria di Montesanto (til venstre) og Santa Maria dei Miracoli (som representerer ei tydeleg dyrking av Padre Pio, helgen frå 2002), står ein tre tusen gamal obelisk (til ære for faraoen Ramses II) som keisar Augustus tok med seg som souvenir etter erobringa av Egypt.
Piazza del Popolo utgjer toppunktet i ein trekant eller gaffel (som vert kalla Trident) av vegar som går mesta snorrett gjennom Roma sentrum.

Roma si 1500 meter lange hovudpulsåre Via del Corso knyter plassen til nasjonalmonumentet på Piazza Venezia.

Denne smale og travle handlegata er forresten gågate på laurdagane
(i tilfelle nokon skulle vere opptekne av shopping).

Det mest irriterande med Piazza del Popolo i dag er dei tamilske roseseljarane som sjeldan tek eit nei for eit nei. Teknikken med å gi - for så å krevje inn betaling, minner mykje om både bedrageri og tigging.

Men det har dessverre Roma lange tradisjonar for.

søndag 10. juli 2011

OSTIA

Om ein tek buss 23 eller 280 frå Lungotevere, hoppar av på Piramide og småspring inn på Porta San Paolo stasjon, kan ein oppleve gleda av å fylgje tusenvis av romarar sin tre mil lange veg til badelivet ved kysten.

Togturen på den spesielle Ostia-linja varer berre omlag 30 minutt, men om du reiser ein søndags føremiddag i 10-tida (slik eg gjorde), må du  rekne med å stå som sild i tønne (i ein svært varm kupe).
Frå Stella Polare stasjon (som er den tredje siste) tek det ti minutt til fots før du er ved sjøen.

Stranda (som er mange kilometer lang) er delt inn i fleire soner. Om du vil betale litt ekstra, får du tilgang til basseng, parasollar, betre sanitæranlegg o s v.

Det måtte vere mange tusen ved Lido di Ostia i dag.
Sjøen var overraskande rein, temperaturen svært behageleg.
Ikkje rart at dette er feriestad nummer ein for mange romerar.


Lido di Ostia har også vore åstad for mange politiske møte og manifestasjonar framigjennom.

Den kontroversielle forfattaren og filmmannen Pier Paolo Pasolini vart til dømes drepen nede på stranda her (overkøyrt av sin eigen bil mange gongar) i november 1975.

Dagen vart elles god på fleire måtar.
Det kosta meg berre ein einsleg euro å kome frå Roma sentrum til Det Thyrrenske Hav (sidan ein kunne bruke bussbilletten på toget).
På veg tilbake stoppa eg ved Ostica Antica for å vitje ruinane etter den gamle hamnebyen til Roma.


Ved sidan å vere ein viktig militærbase (særleg med tanke på forsvaret av kystlina og utløpet av Tevere) var dette staden der korn (frå Afrika) og andre nødvendige varer vart lossa på land og førte inn til dei meir velståande innbyggjarane i Den evige stad. 
På Julius Cæsar si tid var dette eit samfunn med rundt 100 000 menneske.
Byen hadde eit svært kosmopolitisk preg. I tillegg til dyrkinga av den persiske guden Mithra, var her tidleg både jødiske og kristne grupperingar.

Osta Antica er kanskje mest kjend for golvmosaikkane i badehusa, som her i Terme di Nettuno (badet til Neptun).

Av ulike grunnar gjekk folketalet sakte men sikkert ned i Ostia. Bygningane vart forlatne, sterke vindar frå havet fylte dei med sand og det veksande myrområdet rundt byen gjorde at fleire av innbyggjarane utvikla malaria.

Fyrst tidleg på 1900-talet starta ei nybyggjarverksemd (med flyktningar frå Ravenna) i nærleiken av den gamle byen. 
Returen med toget frå Ostia til Roma fører oss også forbi EUR, Mussolinis pompøse fantasiby, som aldri blei bygd ferdig på grunn av utviklinga i den andre verdskrigen.

Ironisk nok er dette likevel eit svært poulært bustadstrøk for mange romerar i dag. 




lørdag 9. juli 2011

MONTE PINCIO

Inspirert av dei mange biografiane som har kome i høve 100-årsminnet for Bjørnstjerne Bjørnson, tok eg i dag turen til Piazza Barberini for å gå i fotspora til den store diktaren.


Berninis Fontana del Tritone utgjer framleis sentrum på denne piazzaen, som ligg i enden av Via Veneto, eit område der mykje av Fellinis La Dolce Vita vart spelt inn i 1960.


Eg meiner å ha lese at Bjørnson, som altså budde med Karoline og resten av familien i ein større appartamento i nærleiken, stundom lot seg irritere av lyden frå vasspruten i denne fontenen (det er den knelande havguden Triton som bles vatn gjennom ein konkylie). Vel, i dag er den knapt høyrleg med all biltrafikken som susar rundt Piazza Barberini.


Elles har vi ofte høyrt om Bjørnsons spaserturar til Monte Pincio. Slik den store forfattaren skildra det (attgjeve med stor innleving av tallause lektorar i det norske gymnaset), må desse vandringane ha vore svært strevsame og ikkje så lite kondisjonskrevjande.

I dag gjennomførte eg derfor ei lita tidsstudie på denne turen.
Frå Piazza Barberini til Trinita dei Monti (kyrkja ved toppen av Spansketrappa) tok det fem minutt i moderat gange (36 grader i dag).


Eg tippar Bjørnson tok seg ei lita pause her, før han gjekk vidare til Monte Pincio, som høyrest ut som eit fjell, men som knappast er ein hump etter norsk standard. Sju nye minutt brukte eg.


Altså Piazza  Barberini - Monte Pincio ca 15 minutt (med innlagd pause).

Om Bjørnson syntest dette var ein krevjande tur, må han sanneleg ha vore i dårleg form. Han var trass alt tidleg i 30-åra dei fyrste par gongane han var her. Ikkje rart at han berre vart ferdig med halve Maria Stuart i Skottland under sitt fyrste opphald i Roma.

Men når han fyrst kom fram til Monte Pincio (kanskje gjekk han saman med diktarvenen H.C. Andersen eller husvenen P.A. Munch) fekk han eit flott syn over byen (med kuppelen på Peterskyrkja i det fjerne).


Monte Pincio er særleg kjend for sine vakre solnedgangar og flotte dammar.


Om Gianicolo har statuer av Italia sine militære heltar, har Monte Pincio eit tilsvarande galleri av filosofar og diktarar.


Parken er elles særleg verdfull for turistar og innfødde i dag sidan her både er rikeleg med vatn, skugge og fred (ingen bilar).

Ein kan også bli freista til å kjøle ned føtene før ein tek fatt på vegen heim.


Noko truleg Bjørnson ikkje gjorde.

fredag 8. juli 2011

ARTIST TALK 14TH OF JULY


VILLA FARNESINA

At nedre delar av Gianicolo ein gong var eit strøk for rikfolk og ekstra prominente personar, ser vi tydelege spor av også i dag.

I Via Della Lungara, like ved Circolo Scandinavo sine kunstnarleilegheiter, ligg til dømes Villa Farnesina, bygd opp av den svært så velståande bankieren Agostini Chighi tidleg på 1500-talet.
Hit inviterte han diktarar, fyrstar og kardinalar (og jamvel paven, som jo budde like i nærleiken) til festlege samkomer.

Gallakledde menneske frå øvre sosiale luftlag pregar framleis omgivnadene til denne renessansevillaen. Frå mitt eige vindauge kan eg sjå at elegante skapningar frå ambassadar og utanlandske delegasjonar dagleg trippar rundt fontenene med drinkar og kanapear.
  
Utsmykningane innandørs vart utførte av dei ypparste av dåtidas kunstnarar.
Særleg freskane av Rafael gjer inntrykk. Dei illusterer klassiske mytar, mellom anna om Galatea og Medusa (som vert halshogd).

Tvers over gata ligg Palazzo Corsini (som det var vanskeleg å ta bilete av sidan gata er så smal).
Dette praktbygget vart bygd av kardinal Riario omlag på same tid.
Både (den unge) Michelangelo, Erasmus av Rotterdam og Galileo Galilei skal ha budd her.
Den enorme hagen attanfor palasset strekte seg heilt opp til der statua av Garibaldi står i dag.
Denne vart seinare overteken av universitetet og omgjort til botanisk hage (som no har omlag 7000 artar).

Den mest prominente gjesten var likevel svensk.

Då dronning Christina av Sverige kom til Roma - etter å ha konvertert til katolisismen - tok ho inn i Palazzo Corsini. Truleg var dette noko av det nærmaste ein kom eit nordisk slott.

Soveromet til den eksentriske dronninga må ha vore det flottaste som fanst.

Dessverre har kunsten mykje å takke kapitalistane for.

torsdag 7. juli 2011

CAMPO DE FIORI

Campo de Fiori - "Blomsterenga" - var i middelalderen og under renessansen eit av dei livlegaste områda i Roma.

At filosofen Giordano Bruno vart brend på bålet for kjetteri her i 1600,
 seier kanskje sitt om kor sentral denne staden var
for både kyrkja, styresmaktene og folket.

Her blei ting sett.


Også i dag er atmosfæren støyande og intim.


Marknadsbodene med frukt, krydder og souvenirar står tett.  

Tamilske innvandrarar sel solbriller i utkanten av torget. Dei døser i skuggen saman med dei afrikanske veskeseljarane rett under våpenskjoldet til familien Catanei, som ein gong eigde dei fleste av vertshusa rundt denne plassen.
Som kanskje nokon av oss hugsar, var Vannozza Catanei pave Alexander VI si elskarinne.

Slik sett er Campo de Fiori neppe ein stad den katolske kyrkja er så veldig stolt av, merka av kjettarbål og dobbeltmoral som den er. 

onsdag 6. juli 2011

GIANICOLO


I dag gjekk lufteturen til Gianicolo, denne høgda som ligg vestanfor Trastevere.
Framfor alt er desse bakkane kjende for italienarane sin heroiske kamp mot dei pavetru franskmennene, som gjekk til åtak her i 1849.

Ein kanon fyrer av ein kraftig smell kvar dag klokka 12 for å minne oss om denne dramatiske hendinga.

Det svære parkområdet på toppen er då også pryda med statuar av Garibaldi og mennene hans, som altså fyrst i 1861 skulle lukkast i å sameine dei mange italienske statane til eitt land.

Bjørnstjerne Bjørnson var svært oppteken av den italienske fridomskampen, og det vert sagt at Ja, vi elsker er inspirert av hendingane i Italia.

Bjørnson hadde seks (til dels lange) opphald i Roma. Mange av dei historiske skodespela hans vart til her. Gjennom historikaren P.A. Munch hadde han ein framifrå konsulent i norsk middelalderhistorie. 

Bjørnson fekk også oppfylt draumen om å møte Garibaldi (men fyrst på hans eldre dagar).

Den brasiliansk fødde kona hans fekk han derimot ikkje treffe. Ho døydde på dramatisk vis i 1849, 28 år gamal.

Monumentet over Anita Garibaldi står to hundre meter nedanfor ektemannens(i retning Vatikanet). Ho skal vere gravlagd i sokkelen under.


Det var svært varmt i Roma i dag. 35 grader klokka 1600. Då svala det godt med det lette vinddraget som strauk over fridomsmennene på Gianicolo.

Og ein tår frå det friske vatnet (framleis frakta gjennom 2000 år gamle akveduktar) frå Albanarfjella i sør.

tirsdag 5. juli 2011

TRASTEVERE


Roma skal visst nok ha hatt hundreårets regnskyll i formiddag, men då eg kom til byen i 14-tida,var det allereie lettskya, varmt og godt.


Etter innlosjeringa i Circolo barst det ut i gatene.


I Roma er korkje renessansen eller middelalderen langt unna.  

Ein kan sjå Circolo scandinavo (med det opne vindauget) gjennom Porta Settimiana. 

Det undrar meg elles ikkje at Trastevere ofte blir kalla Romas sosiale rom. Her yrer det av liv. Turistar, studentar og innfødde strøymer gjennom smale smug. Duer kurrar og flaksar. Hundar dormar i skuggane. Svartkledde gamle kvinner tiggar ved trappene til dei mange kyrkjene. Servitørar på dei tallause restaurantane ropar ut dagens tilbod og tilbyr gjestane bord halvvegs inn i vegen. Bilar tutar og bremsar og tutar igjen.

I drosja frå den lokale togstasjonen til Via della Lungara la eg merke til ein knapp på dashbordet: Airbags off.

For det er klart - med alle bråstoppa og nesten-kollisjonane i Roma-trafikken er det litt synd om airbagane skal løyse seg ut heile tida.

Nokre hovne lepper og hjernerystingar må vere til å leve med. 


Piazza di Santa Maria in Trastevere er sjølve hjartet i denne særmerkte bydelen. Restaurantar, barar og kafear ligg tett som hagl rundt fontenen som står ved den vidkjende kyrkja.

Dei eldste delane av dette bygget stammar heilt tilbake til 200-talet.
Mosaikkane frå 1100-talet er svært kjende. Dei viser mellom anna Jomfru Maria og ti kvinner med lamper (der åtte av desse lampene er tende, noko som illustrerer jomfudomen hennar). 


Årets beste is vart fortært her. På Caffe di Marzio. 


Turistane vil helst ikkje forlate denne bydelen. Den særprega atmosfæren gjer noko med deg.


 

mandag 4. juli 2011

CIRCOLO


Då ser eg fram til nokre veker med arbeid og opplevingar

(og kanskje også litt sol og varme)

i

italia

Circolo Scandinavo

Residence in Rome for Nordic Artists




GOD SOMMAR!

 

 

fredag 1. juli 2011

Grått, grått, grått

MEN DET ER IKKJE FYRSTE GONGEN...

Ein regnsomar


"Det vart ein regnsomar av dei verste. Heile veka var det skodde og regn, og heile månaden med; ikkje blå himmel å sjå. Tilslutt måtte vel alle ting drukne og døy i denne væta."

Olav Duun: På tvert (1909)



torsdag 30. juni 2011

KULTURELL KARAMELL

KULTURELL KARAMELL

Opplev Hareid vart opna med ein times kultur
i Teltet
torsdags ettermiddag.


Dei omlag 120 frammøtte fekk små smakebitar av:

Møteleiaren (Johs. Chr.). Amazing grace på sekkepipe (whiskysmakar Chris frå Skottland). Holberg-suiten av Edvard Grieg (Olav) . Perlefiskerne av Georges Bizet (Truls og Torgeir). Free falling av Tom Petty (Ronald). Sjabervik (Øystein). Contemporary dance (Stine). Ordførarens tale (Hans Gisle). Med mykje meir.

Eimen frå grilla thaimat fylte Åsendalen. Inne draup det frå teltduken. Vi kunne høyre lyden frå tivoliet surre i bakgrunnen.

Stemninga var god alle stader. 

onsdag 29. juni 2011

Sjabervik i Hareidsvik

Opplev

Sjabervik iHareidsvik

m m m


under opninga av Opplev Hareid
i Teltet
torsdag kl 1700


Turneen held fram :

Barstadvik Gjerdsvik Gurskevik Halkjellsvik Hareidsvik Hundeidvik Kvalsvik Røsvik Sandvik Spjelkavik Ulsteinvik Vaksvik Ørstavik 

mandag 27. juni 2011

VEGEN MOT LYSET

Vegen gjennom Ulsteindalen

minte meg i dag om Dantes ferd gjennom Inferno
eller som eit dikt av hans åndelege slektning
Christina Rossetti

Regn


og våt skodde

kom trykkjande nedetter


og gjorde framtida uviss

Fyrst tre hundre meter over havet
kom dagen til synes.
Sola skein, myggen beit og gauken gol
frå ei treklynge ved Kjellstjønna.

søndag 26. juni 2011

HIT KOM DANEHÆREN

HIT 
KOM JOMSVIKINGANE
for å ta
Håkon jarl
og nordmennene
for 1025 år sidan
Biletet er teke frå Hjørungneshornet.
Liavågen, Overåsanden (med nasjonalmonumentet), Hareid og Brandal i bakgrunnen.
Ytst ute Kvitneset og Breisundet, der Vagn Åkeson, Bue Digre og danehæren truleg fekk auge på nordmennene
som venta ved Hjørungneset.
Den lokale stadion JOMSVOLL rett til venstre (utanfor biletet)

men ikkje lengre.

EITT AV NOREGS TRE VIKTIGASTE SLAG, SA KONG OLAV I 1986.

TRULEG GJEKK SLAGET FØRE SEG I FJORDBASSENGET
MELLOM HAREIDLANDET OG SULALANDET.

Hjørungneset, der Storfjorden og Vartdalsfjorden møtest.  
Ein dag utan haglbyger.