fredag 9. september 2011

Politikarar med solbriller

Det fyrste eg kan hugse er Kings Bay.

Eg må ha lagt det til minnet berre nokre månader etter at eg lærte meg å gå.


August 1963.

På denne tida var det mykje liv og røre i heimen vår.

Store sysken som sprang ut og inn.

På veg til eller frå.

Korps, speidar, piano, fotball, friidrett, turn.

Akkompagnert av klirr og klang frå kjøken og radio.

Steikt ballj (med flesk) på fredagar.

Beatles song She loves you yeah yeah yeah.

Og så mor og far innimellom der.

Men frå alle samtalar rundt kjøkenbordet er det dette namnet eg hugsar.

Kings Bay.

Fyrst mange år seinare forstod eg at det handla om politikk.

Ei gruve på Svalbard.

Ein eksplosjon.

Døde menneske.

Og så nokon som heldt stilt med noko ein ikkje burde halde stilt om.

Altså Gerhardsen.

Statsministeren gjennom så mange år.

Og etter voteringa i Stortinget:

Smilet til Jon Lyng. 

Mindretalet sitt smil. Desse som ville utfordre makta.

Same kor stor ho var.

Denne gleda ved at kolossen kolva.

Same kven han var.

Sidan gjekk det slag i slag.

TV-en vart boren inn i stova.

Under NRK sine overføringar i stortingssalen nytta politikarane solbriller.

Dei likna mest pokerspelarar i Las Vegas.

Så Borten og Bratteli.

Lekkasje.

Folkeavrøystinga 25. september 1972.

NEI.

Den velmeinande Korvald.

Bratteli, Nordli og den unge Gro.

Gymnastida.

Unge Venstre mot Unge Høgre.

Erling Nordvik og Milton Friedman.

Blått, blått, blått.

Kampen mot neddemminga av Altavassdraget o s v.

Grønt. Grønt.

Og no?

11. september og 22. juli minner oss om viktigheita av å stemme.

Vi skal vere stolte av dei gamle norske valurnene.



Og det er flott å oppleve eldre folk i besteklede på veg mot vallokalet.

Demokratiet har element av både høgtid og andakt i seg.  

Ytringsfridomen er ein verdi som alle normer skal verne om.

Men stundom er det vanskeleg å vite kva ein skal stemme.

Eg kan liste opp gode innvendingar mot samtlege politiske parti. 




Likevel.

Eg trur eg går for motkulturane.

Slik eg alle tider har gjort.

Eg gir mi stemme til Johan Sverdrup og Elias Blix.

Og Hans Jæger.

Finn Gustafsen og Giuseppe Garibaldi.

Eg kunne tenkje meg ei slags blanding her.


3 kommentarer:

  1. Eg hugsar veldig godt 1963. Vi budde i ei lita kjellarleilegheit på Raudeberg, og hadde ein snill liten baby, som nesten aldri skreik. Kings Bay hugsar eg -men er ikkje sikker på om eg fekk med meg alt som skjedde.Og kvifor. Men Jon Lyngs korte regjeringstid hugsar eg. Vi hadde ein elev på skulen ved same namn-det hadde vi litt moro av.Inntil då hadde det vore EIN statsminister i mi levetid, i alle fall som eg kunne minnast.Det var meir stabilitet i det politiske liv den tida. Eller var det berre det at vi ikkje hadde TV og vart overfora på nyheiter - slik som i dag. Er du i tvil om kva du skal stemme, kan du ta ein test. Du finn ein på Profilsida mi på FB.

    SvarSlett
  2. Skal prøve! Men ikkje mange valgomatar greier å måle magekjensler eller avdekke verdisyn.

    SvarSlett
  3. Mange "falske" minner hjå mange som var for unge den gonge, men som i åra etter fekk innprenta hendingane som samtidige. Mor, far, dei vaksne og NRK utan fargar hjalp godt til. Men, det er bra atvdet vert hugsa, anten det var slik, eller slik.

    SvarSlett