mandag 6. februar 2012

ELDRID SOM FYLLER ÅR SI LISTE

Dead Novelists - Great Norwegian Novels

Eldrid Vik si liste:
 
 

Alexander Kielland: Gift (1883)
Amalie Skram: Constance Ring (1885)
Christian Krohg: Albertine (1886)
Arne Garborg: Hjaa ho mor (1890)
Sigrid Undset: Jenny (1911)
Cora Sandel: Alberte og Jacob (1926)
Knut Hamsun: Landstrykere (1927)
Nini Roll Anker: Den som henger i en tråd (1935)
Torborg Nedreaas: Av måneskinn gror det ingenting (1947)
Jens Bjørneboe: Jonas (1955)


Norsklektor Eldrid Anne Vik arbeider som avdelingsleiar
ved Ulstein vidaregåande skule.

At fleire av romanane på lista hennar fokuserer på problemstillingar rundt kvinnerolla og skulen, overraskar oss aldeles ikkje.


Vi takkar for flotte framlegg og gratulerer unge Eldrid med dagen!



søndag 5. februar 2012

GUNHILD MED EIN N SI LISTE

Dead Novelists - Great Norwegian Novels

Gunhild Snipsøyr:
 
 
 
 
Amalie Skram: Forrådt (1892)
Sigrid Undset: Jenny (1911)
Knut Hamsun: Markens grøde (1917)
Cora Sandel: Alberte og Jacob (1926)
Olav Duun: Menneske og maktene (1938)
Ronald Fangen: En lysets engel (1945)
Sigurd Hoel: Møte ved milepælen (1947)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Alfred Hauge: Kvinner på Galgebakken (1958)
Torborg Nedreaas: Musikk fra en blå brønn (1960)
 
 
Norsklektor og rådgjevar Gunhild Snipsøyr kjem frå Volda,
bur i Ulsteivik,
men har, som etternamnet tilseier,
 djupe slektsrøter i Hareid.
Ikkje uventa er relativt mange kvinnelege forfattarar
representerte på lista hennar.
Og så merkjer vi oss Ronald Fangen og den siste romanen han gav ut (før han omkom i den vidgjetne flyulukka på Snarøya i 1946).

lørdag 4. februar 2012

LEKTOR BYE SI LISTE

Dead Novelists - Great Norwegian Novels


Her kjem Dagfinn Olav Bye si liste:


Njålssoga (1200-t)
Ludvig Holberg: Niels Klims underjordiske Rejse (1742)
Camilla Collett: Amtmandens Døttre (1855)
Alexander Kielland: Garman & Worse (1880)
Jonas Lie: Livsslaven (1883)
Arne Garbrog: Fred (1892)
Knut Hamsun: Pan (1894)
Olav Duun: Menneske og maktene (1938)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Kritian Kristiansen: Klokken på Kalvskinnet (1966)


Dagfinn Olav Bye kjem frå Froan i Sør-Trøndelag og vart tilsett som lektor
ved Ulstein vidaregåande skule i 1977
(med faga norsk, tysk og drama).
For det store publikum er kanskje Dagfinn aller mest kjend som regissør og dramaturg
i ei rekkje lokale spel, kabaretar og konsertar.

Fleire vil nok nikke attkjennande til mange av titlane på denne lista.
Forutan klassiske perler frå den tidlege norske litteratursoga merkjer vi oss Vesaas sin allegori over det okkuperte Noreg og dei trønderske forfattarane Duun og Kristiansen, sistnemnde representert med sin avskilsroman.


fredag 3. februar 2012

ANDREAS SI LISTE

Dead Novelists - Great Norwegian Novels

Andreas Bjåstad si liste:



Arne Garborg: Fred (1892)
Sigrid Undset: Kransen (1920)
Johan Bojer: Den siste viking (1921)
Johan Falkberget: Den fjerde nattevakt (1923)
Knut Hamsun: Landstrykere (1927)
Olav Duun: Medmenneske (1929)
Sigurd Christiansen: To levende og en død (1931)
Sigurd Hoel: Møte ved milepælen (1947)
Jens Bjørneboe: Jonas (1955)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)

Andreas Inge Bjåstad frå Hareid har, ved sidan av gardsdrift og kulturverksemd,
arbeidd i skuleverket i førti år.
Då er det kanskje ikkje til å undrast over at Bjørneboes Jonas er med.
Og så har vi no venta på Johan Bojer.
For mange i foreldregenerasjonen vår er nok Den siste viking sjølve Romanen.

torsdag 2. februar 2012

LIV SI ETTERLENGTA LISTE

Dead Novelists - Great Norwegian Novels

Etter mykje om og men har vi endeleg fått tak i Liv Osnes Dalbakken si liste:



Per Sivle: Berre ein hund (1887)
Knut Hamsun: Markens grøde (1917)
Gabriel Scott: Kilden (1917)
Sigrid Undset: Husfrue (1921)
Cora Sandel: Alberte og Jacob (1926)
Olav Duun: Medmenneske (1929)
Aksel Sandemose: Vi pynter oss med horn (1936)
Johan Falkberget: An-Magritt (1940)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Inger Hagerup: Det kommer en pike gående (1965)


Liv Osnes Dalbakken har slektsrøtene sine i Ulstein og Surnadal,
men vaks opp i Stavern.
Ho har budd i Ulsteinvik sidan 2001, då ho vart tilsett som lektor ved Ulstein vidaregåande skule (med faga norsk, religion og drama).


Som vi ser, har Liv mange flotte titlar på lista si.
Endeleg kom Scotts Kilden! Og endeleg kom Falkbergets Nattens brød!
Berre ein hund byr muligens på eit sjangermessig problem, sidan teksten strengt tatt er ei novelle.
Men forteljinga er lang, og ho har gripe norske born heilt sidan ho kom med i Nordahl Rolfsens lesebog i 1892.



onsdag 1. februar 2012

AASTA-MARIE SI LISTE

Dead Novelists - Great Norwegian Novels

Aasta-Marie Sveino si liste over ti store norske romanar ser slik ut:


Alexander Kielland: Gift (1883)
Bjørnstjerne Bjørnson: Det flager i Byen og paa Havnen (1884)
Knut Hamsun: Sult (1890)
Olav Duun: I eventyre (1921)
Johan Falkberget: Den fjerde nattevakt (1923)
Sigrid Undset: Gymnadenia (1929)
Sigurd Christiansen: To levende og en død (1931)
Aksel Sandemose: En flyktning krysser sitt spor (1933)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Alfred Hauge: Hundevakt (1961)

Aasta-Marie Sveino Strand arbeider som lege i Ålesund.
Ho bur på Blindheim og er gift med hareidsdølingen Øivind Strand.

Lista hennar byr på mange spennande val,
ikkje minst Bjørnsons slottsroman frå parlamentarismeåret 1884,
som er mykje omtalt i Tor Bomann-Larsens Kongstanken, og fyrste bandet av Alfred Hauge sin trilogi om Cleng Peerson.


tirsdag 31. januar 2012

HILDE PETRA SI LISTE

Dead Novelists - Great Norwegian Novels


Hilde Petra Brungot si liste:



Camilla Collett: Amtmandens Døttre (1855)
Bjørnstjerne Bjørnson: En glad Gut (1860)
Amalie Skram: Sjur Gabriel (1887)
Arne Garborg: Fred (1892)
Sigrid Undset: Kransen (1920)
Johan Falkberget: Den fjerde nattevakt (1923)
Ole Edvart Rølvaag: I de dage (1924)
Olav Duun: Medmenneske (1929)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Alfred Hauge: Kvinner på Galgebakken (1958)


Lektor Hilde Petra Brungot kjem frå Gjerdsvika, men har budd i Ulsteinvik sidan ho vart tilsett ved Ulstein vidaregåande skule
i 1979 (med faga engelsk, norsk og religion).

Vi merkjer oss at ein typisk eksponent for den norske immigrantlitteraturen er representert på lista, nemleg Ole Edvart Rølvaag.

Ikkje så rart kanskje, sett på bakgrunn av dei lange utanlandsopphalda Hilde Petra har hatt i Kina og USA (og at ho er gift med ein amerikanar).

søndag 29. januar 2012

ODD SI LISTE (OG VENTELISTE)

Dead Novelists - Great Norwegian Novels

Endeleg kjem Odd Goksøyr si liste:


Bjørnstjerne Bjørnson: En glad Gut (1860)
Alexander Kielland: Gift (1883)
Arne Garborg: Fred (1892)
Knut Hamsun: Segelfoss by (1915)
Johan Falkberget: Den fjerde nattevakt (1923)
Sigurd Hoel: Veien til verdens ende (1933)
Aksel Sandemose: En flyktning krysser sitt spor (1933)
Magnhild Haalke: Allis sønn (1935)
Olav Duun: Menneske og maktene (1938)
Kåre Holt: Det store veiskillet (1949)

Forfattaren, trubaduren og lektoren Odd Magne Goksøyr
kjem opphaveleg frå Runde,
men har sidan 1985 budd på Hareid.

Det er tydeleg at Odd har hatt store problem med å bestemme seg.
Difor har han hengt på eit vedlegg med fleire titlar.
Som vi ser, viser denne lista ei langt mørkare side ved han: 

Odd Goksøyr si venteliste:


Ludvig Holberg: Nils Klims reise til den underjordiske verden (1741)
Maurits Hansen: Mordet paa Maskinbygger Roolfsen (1840)
Amalie Skram: Forraadt (1892)
Max Mauser: En hai følger båten (1939)
Agnar Mykle: Rubicon (1965)
Jens Bjørneboe: Kruttårnet (1969)



lørdag 28. januar 2012

OLGA SI LISTE

Dead Novelists - Great Norwegian Novels

Mange har venta på Olga Støylen Runde si liste:


Amalie Skram: Sjur Gabriel (1887)
Arne Garborg: Fred (1892)
Knut Hamsun: Pan (1894)
Sigrid Undset: Jenny (1911)
Olav Duun: I eventyre (1921)
Johan Falkberget: Den fjerde nattevakt (1923)
Ronald Fangen: Duell (1932)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Torborg Nedreaas: Musikk fra en blå brønn (1960)
Sigbjørn Hølmebakk: Karjolsteinen (1977)


Olga Støylen Runde,
mellom anna kjend for den flotte biografien
om biskop Bernt Støylen (Samlaget 2008),
 kjem frå Kvamsøy,
men har vore busett i Ulsteinvik sidan 1979,
då ho vart tilsett som lektor ved Ulstein vidaregåande skule
(med faga norsk, religion og forming).


fredag 27. januar 2012

GUNDER SI LISTE

Dead Novelists - Great Norwegian Novels


Gunder Runde si liste:



Amalie Skram: Sjur Gabriel (1887)
Arne Garborg: Fred (1892)
Knut Hamsun: Pan (1894)
Sigrid Undset: Kransen (1920)
Cora Sandel: Alberte og Jacob (1926)
Olav Duun: Medmenneske (1929)
Aksel Sandemose: En flyktning krysser sitt spor (1933)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Sigurd Hoel: Møte ved milepælen (1947)
Kåre Holt: Det store veiskillet (1949)


Pensjonert lektor Gunder Svein Runde kjem opphaveleg frå Runde i Herøy,
men har budd i Ulsteinvik sidan 1979,
då han tok til å undervise i norsk, historie og samfunnsfag
ved Ulstein vidaregåande skule. 

Vi merkjer oss at også litteraturkjennaren Gunder har stor sans for Kåre Holts eksperimentelle roman, som mellom anna tematiserer dei lagnadstunge valsituasjonane som mange menneske kom opp i etter utbrotet av den andre verdskrigen.  



torsdag 26. januar 2012

VERONIKA SI LISTE

Dead Novelists - Great Norwegian Novels

Her kjem Veronika Bonaa si liste:




Amalie Skram: Sjur Gabriel (1887)
Arne Garborg: Fred (1892)
Knut Hamsun: Markens grøde (1917)
Sigrid Undset: Kransen (1920)
Aksel Sandemose: En flyktning krysser sitt spor (1933)
Olav Duun: Menneske og maktene (1938)
Nordahl Grieg: Ung må verden ennu være (1938)
Sigurd Christiansen: Mannen fra bensinstasjonen (1941)
Johan Borgen: Lillelord (1955)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)

Veronika kjem frå Gjerdsvika.
Etter studiar ved Universitetet i Bergen og eit lengre studieopphald på Orknøyane,
har ho undervist i norsk og engelsk
ved Ulstein vidaregåande skule.


onsdag 25. januar 2012

JON ARILD SI LISTE

Dead Novelists - Great Norwegian Novels

Jon Arild Magerøy si liste ser slik ut:



Ludvig Holberg: Niels Klims underjordiske Rejse (1742)
Amalie Skram: Sjur Gabriel (1887)
Arne Garborg: Fred (1892)
Knut Hamsun: Mysterier (1892)
Olav Duun: I eventyre (1921)
Aksel Sandemose: En flyktning krysser sitt spor (1933)
Agnar Mykle: Lasso rundt fru Luna (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Jens Bjørneboe: Drømmen og hjulet (1964)
Kåre Holt: Kappløpet (1974)

Jon Arild er opphaveleg frå Volda, men busett i Hjørungavåg.
Han underviser i norsk, historie og samfunnsfag ved Ulstein vidaregåande skule.




tirsdag 24. januar 2012

DEAD NOVELISTS

Dead Novelists - Great Norwegian Novels

Berre for å seie det med ein gong:
Eg kan ikkje fordra rangeringar eller lister med beste eller verste av noko slag.
Spesielt ikkje når det gjeld biletkunst, musikk eller litteratur.
Alt som minner meg om æresprov, hyllingar eller helgenkåringar innanfor desse felta, gjer meg kvalm.
Eg skal spare eventuelle lesarar av denne bloggen for grunngjevinga for dette.


Likevel.
Trass i denne etter måten sterke aversjonen mot litterære kanoniseringar, ser eg behovet for å peike på gode tekstar, ikkje minst overfor den oppveksande slekt.
Altså ungdomen.
Kva romanar skal vi rå dei til å lese
(utanom dei nye og samtidige).
Kriterium: Litterær kvalitet. Originalitet. Språk. Personleg smak.
Her er eit framlegg :


Amalie Skram: Sjur Gabriel (1887)
Arne Garborg: Fred (1892)
Knut Hamsun: Markens grøde (1917)
Johan Falkberget: Den fjerde nattevakt (1923)
Olav Duun: Menneske og maktene (1938)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Kåre Holt: Det store veiskillet (1949)
Johan Borgen: Lillelord (1955)
Jens Bjørneboe: Frihetens øyeblikk (1966)
Alfred Hauge: Mysterium (1967) 


Sjølvsagt er det mange flotte romanar som manglar.
Bevares.
Og slikt skaper alltid irritasjon.

Likevel - vener og kollegaer - send meg DI liste!

NB: Av ulike grunnar opererer vi berre med døde forfattarar.



fredag 20. januar 2012

LYSET OVER GRUKKEDALEN

Så kom snøen og gav oss voner om skiturar i fjellet.
Framleis treng vi nokre centimeter til.
Ti eller aller helst tjue.
Men himmelen i vest ber ikkje bod om meir.


Inntil vidare lyt vi bruke joggesko 
og leite fram dei vekkgøymde råsene som kryp oppover langs steingardane.
Eller oppsøkje dei forlatne grusvegane
som ikkje endar nokon stad.
Slik eg gjorde i går kveld.


Då var lyset nesten heilt borte.
Mørket over bygda pinte det ned til nokre gule prikkar
under nordhimmelen.


Lågt skydekke. Og surklete slaps.
Kald væte.
Dette tusenår gamle nordvestlandske grunnelementet.
Men var det verkeleg etter meldingane.

Eg slo av musikken på øyrene og lytta til skogen si einsemd.
Min eigen håse pust.

Det var ingen der.
Berre elva sin ordlause song.

Lukkeleg den som hadde ull mot kroppen
og lykt på hovudet.


Men i morgon kjem det voneleg meir snø.
Eller kanskje allereie i natt.

Kven vil då vere den fyrste til å setje spor
og fylgje vegen heilt til endes.


 

fredag 13. januar 2012

KNUT ER HER IGJEN

Om nokon skulle vere i tvil.
Tjuandedags-Knut er her igjen.
Og då veit vi alle kva som lyt gjerast.

Hive jula ut.
Koste henne.
Ete henne.
Drikke henne.
Jamvel danse henne ut.

I dag er aller siste frist.



Tjuandedagen har elles mange namn.
JULEVIPPEN er eitt av dei.

For meir enn tusen år sidan ofra vikingane til Odin, Tor og Frøy under  
MIDTVINTERSBLOTET, som dei rekna som sin nyttårsdag.

Men så kom kristendomen og blanda seg med dei heidenske skikkane.

Og då den danske prinsen Knud Lavard (1095-1131) vart drepen i eit bakhald av syskenbarnet sitt (fordi han vart sett på som ein konkurrent til kongetruna) og det straks sprang fram ei vasskjelde på staden der han døydde, fekk den katolske kyrkja ein ny helgen.



Slik hamna Knut på den norske primstaven.
Som eit omsnudd drikkehorn.
Og seinare som ein kost.
Eller ei klokke.

Mytene sine vandringar mot symbol er sanneleg uransaklege.

Tjuandedagen er forresten dagen for alle julebukkar.
Og det er dagen då dei aller fleste nyttårslovnader sprekk.
Ikkje rart om ein tenkjer på alt som må etast og drikkast or hus.