Ei ekstra glede for mange av oss i dag
då vi høyrde kven som var blitt tildelt Nobelprisen i litteratur.
Den svenske lyrikaren Tomas Transtrømer (f 1931).
Uppvaknandet ãr ett fallskãrmshopp från drømmen.
Fri från den kvãvande virveln sjunker
resenãren mot morgonens grøna zon.
Slik opna debutsamlinga hans 17 dikter (1954).
Men eg er absolutt ikkje av dei som har kjent til han lengst.
I juni 1990 var bror min på studietur til Uppsala.
På universitetsbokhandelen kjøpte han denne boka til fødselsdagen min.
Utvalet er ei gullgruve.
Eg lyt vel minne han på det ut på kvelden.
Altså bror min.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar