fredag 7. oktober 2011

TING Å GLEDE SEG OVER

Det er framleis plussgrader.

Snøven kjem ikkje på lenge enno.

Vi har det så varmt inne.

Fyrer med bjørk.

Les.

Gnafsar kaker. Slurpar i oss kaffi.

Ser ut.
Katten vil inn. Han må vere glad i oss.

Vi er heldige.

Taket er i alle fall tett.

Endeleg kan vi få lære oss dette med millimeter per døgn.

Turbinane gnell.

Straumprisane stuper.

Lufta blir så rein av alt dette.

For ikkje å snakke om vegane.


Som nyvaska golv til helga.

Det er ikkje mykje som er trist når ein samanliknar med det som verkeleg er trist.

Det står ikkje på.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar