tirsdag 18. oktober 2011

Sentimental reise

Spennande var det å vitje Hareid kunstlag si utstilling med grafikk av Kjell Nupen i kveld.


Foto: NRK

Spesielt interessant å studere kjernemotiva og måtane kunstnaren utnyttar desse på.

Dei ulike variasjonane over "reisa"


og "døden", ofte kopla opp mot rovfuglen, som landar eller lettar (med mennesket urørleg på bakken), eller hunden, som jagar av garde, titulert under bileta med partisippformene Flygende og Løpende.

Kunstnaren insisterer altså på at dette er noko som skjer.

Vi blir også minte på dei dystre sanningane rundt menneskelivet sin slutt
i blad med namn som Nature morte og Vivarium.


Kanskje er det dette lukka, innkapsla, avslutta rommet av tid og stad,
 der vi faktisk lever (og reiser),
som er mitt hovudinntrykk av desse nesten mennesketome verka.

Deprimerande, men vakkert.


Utstillinga, som er ein del av Hareidsstemna sitt 50-årsjubileum, er opa til søndag.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar