fredag 14. oktober 2011

CARLOS TEVEZ INNE I OSS

Stjernespissen Carlos Tevez, som er suspendert og saksøkt for kontraktsbrot, har møtt på trening for Manchester City igjen, melder klubben si heimeside.

Det var under meisterligakampen mot Bayern Munchen for to veker sidan at  argentinaren nekta å bli bytta INN eit stykke ut i andre omgang.

Fleire gongar framigjennom har vi vel sett fotballprimadonnaer nekte å forlate bana.

Aldri om dei skulle UT.

Same kor dårleg dei spelte.

Og kven av oss har vel ikkje følt det slik. 

For Carlos Tevez var det altså omvendt.

Han blei  berre sitande på benken.

Etter å ha slengt ei ganske stygg glose i andletet på den italienske manageren Roberto Mancini.



Carlos Tevez tener dobbelt så mykje som den norske statsministeren.

Omlag tre millionar kroner.

I veka.

Han spelar ALDRI meir for Manchester City, seier Mancini.

Likevel er han velkomen på trening.

Truleg er det meint som ei slags straff.

Elles merkjer vi oss at den mexikanske goalgettaren Javier Hernandez, også kalla "Chicharito", kan vere på veg frå Manchester United til Real Madrid for omlag 270 millionar kroner.

"Chicharito" er ingen ringare enn yndlingsmedspelaren til Wayne Rooney.

Og Wayne Rooney ynskjer heilt sikkert ikkje å misse den beste leikekameraten sin.

Men pengane har det med å overtyde.


Den eksentriske manageren Jose Mourinho, "The special one", elska og hata av britiske tabloidaviser sidan tida i Chelsea, skal ha lovd ungguten ei tredobling av årsløna om han tek laust sørover.

Og då blir sjølv Wayne Rooney reine småguten.

Von dess.

Kvar Carlos Tevez er på veg, veit ingen.

Truleg heller ikkje han sjølv.
Men Diego Maradona, som er blitt trenar for det arabiske emiratlaget Al Wasl,  har (endå ein gong) strekt ut ei Guds hand:
- Kom hit, min son!


Noko som minner oss om likninga i Bibelen.

Men bortkomne søner er dei vel begge to.

Så kanskje hamnar Carlos Tevez i Arabia.

Det er som eit eventyr frå "1001 natt".

Og eg tenkjer:

Endå ein gong er det industrialiseringa.

Det var i dei engelske arbeidarstrøka at fotballen vaks fram.

For eksempel i Manchester.

I åra etter utgjevinga av Det kommunistiske manifestet og Das Kapital.



Fotball var i utgangspunktet den underbetalte arbeidarklassa sin idrett.

 Ikkje minst i heimbyen til Carlos Tevez og Chicharito.

Fotballen sprang ut av det lutfattige England.

Er det då ikkje rart kor pengane framleis øydelegg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar