fredag 18. oktober 2013

ST. STEPHEN´S GREEN

Om du er interessert
i musikk, språk, litteratur og historie,
og samtidig finn glede i
å vere saman med 
uhøgtidlege,  joviale og fridomselskande menneske, 
er Dublin staden for deg,
for denne byen er skapt av poetar og patriotar.


Og unngå for all del ikkje
å gå ein tur gjennom den flotte parken 


St. Stephen´s Green,
ei av dei grøne lungene på sørsida av byen,
som ligg i enden av den sydande gågata Grafton Street,
påkosta av ølmagnaten Arthur Guinness
(verkeleg ein velgjerar med høg stjerne i byen),
og nytta som base under Påskeopprøret i 1916,


for her står den fremste av alle irske rebellar,
Robert Emmet,
 visst nok ikkje meir enn eit steinkast
frå barndomsheimen sin,
midt inne i den vidkjende talen 
han heldt rett før han vart avretta i 1803.


Men her er fleire tale- og skriveføre 
fridomskjemparar,


poetar, journalistar
og soldatar,


både menn

 

og kvinner,


i tillegg til minne frå 
The Great Famine,
hungersåra 1845-49,
som førte til den enorme utvandringa
til USA
(mellom anna Kennedyane),


 og ei tysk takk
for humanitær hjelp etter
den andre verdskrigen, 


men fyrst og fremst er dette
James Joyce sin park, 


kanskje 
Irlands største forfattar
gjennom alle tider,
sjølv om han knappast var innom her
dei siste 28 åra av livet sitt.

søndag 29. september 2013

REBELSK LANSERING

Vi minner om
LANSERINGSFESTEN
FOR
RASMUS REBELLEN
PÅ
KAFFIKARI I ULSTEINVIK
ONSDAG 2. OKTOBER KL 1900
der Øystein les,
Ronald 
og Odd syng
og Kaffikari 

serverer kaffi og kaker.
Vel møtt!

fredag 20. september 2013

Stefan Zweig: Legender

For oss som likar å snuse litt rundt på antikvariat,
kan det stundom dukke opp perler som austerrikske Stefan Zweigs Legender,
ei samling med fem forteljingar, som kom ut posthumt i 1945,
tre år etter at denne svært gåverike forfattaren
tok sitt eige liv i Rio de Janeiro,
dit han (via London)
 hadde emigrert etter Anschluss og den påfylgjande nazifiseringa av heimlandet i 1939.
  

Til grunn for nesten alt i den halvt italienske Zweig sin
litterære produksjon 
- det vere seg noveller (kanskje særleg), dikt, biografiar, librettoar, essays og historiske verk -
ligg det utprega humanistiske livssynet hans,
slik det hadde vakse fram gjennom den
europeisk kultursoga gjennom hundrevis av år,
med dei jødiske og kristne impulsar
som der hadde kome til,



noko som ikkje minst kjem fram i dette verket,
og særleg i legenden om Den begravede lysestage,
ei forteljing på over hundre sider,
som tek utgangspunkt i germanarane 
(meir presist vandalkongen Genserik) 
 si røving av Roma
i 455
og jødane sin lange og intense kamp
for å få menoraen tilbake til Det heilage landet. 
Eg lyt tilstå at eg tidlegare berre har lese
Sjakknovelle av denne forfattaren,
ein tekst som vart skriven i 1941
og som kom ut på Heinesen forlag i fjor.


Og så fann eg denne i bokhylla,
I følelsenes vold
(Verwirrung der Gefühle) ,

 
også det ei novelle,
spinnande rundt tabuemnet homofili m m,
som kom ut i 1927 og som selde utrulege 60 000 eksemplar i løpet av eitt år,
noko som var himmelhøgt over til dømes Thomas Mann sine opplag.
Så då Stefan Zweig døydde i (kanskje det hardaste krigsåret) 1942,
vonbroten over fascismen 
og knust av samanbrotet i den europeiske kulturen,
var det ei verdsstjerne og ein formidabel salssuksess
som forlot den litterære arenaen.  
Men tilbake til Legender. 
Boka kom ut i Den norske bokklubben i 1969.
Omsetjinga i mi eiga billegutgåve frå Jespersen og Pios forlag
viser oss at også dansk kan vere eit svært vakkert språk. 
Den som vil, kan få låne henne med meg.  

mandag 16. september 2013

Rebellen er laus!



Slik ser boka ut på redaktøren sitt skrivebord.
Så får vi håpe at ho leitar seg heim
til bokhandlarane, biblioteka, avisredaksjonane
og framfor alt lesarane 
i løpet av veka.

torsdag 12. september 2013

Den-Alltid-Fantastiske-Blåtind-Turen

Tradisjonen tru
nytta andreklassingane ved UVS
den årlege fjelldagen
til å klivre opp til Hareidlandets høgste punkt,
Blåtind, 697  m o h.


Turen gjekk frå Løset
(bussane stoppa på Moldskred)
til Kvamstua,
over Høgenausa,


og vidare
(leikande lett)
 opp Bukketroppene


til Kongsvollen,
der det vart tid til eit svært fortent 
matfriminutt,


før ein endeleg nådde målet 


og kunne nyte utsikta
i alle retningar


samtidig med at nokre drakk kaffi


og blei retteleg gode vener,


medan andre tok livet
aldeles med ro,


før vi gjekk til Grøthornet
og sidan ned gjennom skogen
til den gamle ferjekaia på Eiksund,
der bussane etter kvart kom 
og køyrde oss alle heim.

fredag 30. august 2013

Go Go Go With The Flø

Flø skuffar deg aldri, 
særleg ikkje når véret er som i dag,
med 18 grader og berre ørlite vind på dei høgste toppane,


så om du parkerer bilen ved bommen,
og traskar grusvegen fram mot Brørevatnet,
før du skråar vestover mot kvia ved foten av Snellelida,
og ser at Svartevatnet lagar eit slags hjarte
mot havet,


og sidan fylgjer råsa mot Smørkinna,
slik at du får sjå kva denne øya 
(og kanskje også menneska som bur her)
er laga av,
altså lyng og stein og lyng,


hamnar du til slutt på Veten,
som framleis viser kva funksjon dette fjellet hadde
som varslingssentral for ufred
i kanskje meir enn 800 år,
sidan vetane langs kysten ikkje var vardar,
men ringmurar med véd, 
klare til å tennast
om den rette meldinga kom,


med ei fenomenal utsikt
frå Kjerringa på Stad i sør
til Skulen og Hildrehesten
og jamvel øyane i Ytre Romsdal i nord,


 noko som skulle prove
at Flø både var 
og er
eit sentrum,
ikkje berre for kunst og motar og det som er att
av landbruk 


på denne øya 
som vikingane kalla Hod,


men eit spetakulært utkikspunkt
mot leia,
gjerne med stor L,


sjølve vegen mot nord,
denne retninga som har gitt landet vårt namn,
slik at vi trygt kan seie
Go With The Flø,
Go, Go, Go,
særleg på ein fredagskveld
i slutten av august.

fredag 23. august 2013

Mettemaritråsa over Hareidlandet


For å markere kronprinsessa sin førtiårsdag den nittande august,
gjekk eg Hareidlandet på tvers
i sol og regn.



Den royale råsa startar i Indredalen


og passerer rikeleg med røsslyng
på vegen opp mot toppen av Snellelida,


der ein kan sjå sørvestover mot Runde
og mange av dei andre forblesne (men akk, så lukkelege) 
øyane i Ulstein og Herøy.


Etter Rypdalsvatnet


skråar ho utover mot Skolma,
med store sjansar for så mykje vind og regn
at det blir uråd å ta bilete,
og etterpå ned mot Ytreflødalen,
med fin sikt mot fjellet Lesten
på Gøyna,
eit kjent og kjært méd for fiskarbøndene,
ein gong bautande inn frå havet
med fisk i alle rom. 


Bak ein stein ved elva
møtte eg nokre lyse og fagre jenter
i sin beste alder.
Ingen av dei var henne.


Men kven veit,
ein vakker dag kjem kanskje kronprinsessa
vandrande over Turrlyngheiane
eller langs Skinnalivatnet,
frå aust mot vest,
i sol og regn,
som om det var det mest naturlege
i verda.

tirsdag 20. august 2013

Mjølkesyrebronsesmak

Med ei vel tøff opning
på firehundremeteren under Veteran-NM
(28 sekund),


vart dei siste to hundre
temmeleg harde
(34 sekund).


Men skøy var det likevel.


Byrkjelo 11.8.2013




Litt internasjonalt

Litt stas er det no sjølvsagt
å kome på trykk 
i det internasjonale litteraturmagasinet Structo.


 Det er den skotske forfattaren Christine de Luca
som har omsett diktet 72 
frå 
kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her (2004)
til shetlandsk,
slik ho også har gjort det med
den islandske forfattaren Adalsteinn Àsberg Sigurdsson
sin tekst
Leiden Heim.


Det er mange flotte tekstar i dette magasinet.
Eg kjenner meg i godt selskap.




torsdag 15. august 2013

Über allen Gipfeln ist Ruh


Riseselet, Hareid, mot Vartdalsfjella
torsdag 15. august kl 1945.

Über allen Gipfeln 
Ist Ruh',
In allen Wipfeln 
Spürest Du
Kaum einen Hauch;
Die Vögelein schweigen im Walde.
Warte nur! Balde
Ruhest du auch.


JWvG

fredag 9. august 2013

mandag 5. august 2013

Å, Ivar

Å
Ivar, du Ivar,
kva leita du etter
då du traska fjørelangs
og bygdimellom
alle desse tusen kilometrane,
var det verkeleg
dei håse orda og surklande lydane
frå alle som hadde gått 
før deg 
med låke ryggar og ringe sko
eller berre dei blyge smila
og grove nevane
som tok i mot deg
då du stod ved grindene
og ville inn,


for utan deg
hadde vi no sloppe
alt dette evinnelege snakket
om kva som eigentleg er 
vårt
og ikkje trengt om 
å sørgje over
alle
venene
som har forlate
oss
(altså språket, 
denne vindskeive fellesskapen
av mold og melodiar)
og 
dermed 
også seg sjølve,
  så vi 
som framleis meinheld i stirren
og kjem snublande etter
(noregsmeistrar
i toskeskap)
 undrar oss
i kor:
korfor korfor korfor
måtte du gå så langt
og så lenge, vi veit no kvar 
det endar