fredag 23. august 2013

Mettemaritråsa over Hareidlandet


For å markere kronprinsessa sin førtiårsdag den nittande august,
gjekk eg Hareidlandet på tvers
i sol og regn.



Den royale råsa startar i Indredalen


og passerer rikeleg med røsslyng
på vegen opp mot toppen av Snellelida,


der ein kan sjå sørvestover mot Runde
og mange av dei andre forblesne (men akk, så lukkelege) 
øyane i Ulstein og Herøy.


Etter Rypdalsvatnet


skråar ho utover mot Skolma,
med store sjansar for så mykje vind og regn
at det blir uråd å ta bilete,
og etterpå ned mot Ytreflødalen,
med fin sikt mot fjellet Lesten
på Gøyna,
eit kjent og kjært méd for fiskarbøndene,
ein gong bautande inn frå havet
med fisk i alle rom. 


Bak ein stein ved elva
møtte eg nokre lyse og fagre jenter
i sin beste alder.
Ingen av dei var henne.


Men kven veit,
ein vakker dag kjem kanskje kronprinsessa
vandrande over Turrlyngheiane
eller langs Skinnalivatnet,
frå aust mot vest,
i sol og regn,
som om det var det mest naturlege
i verda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar