mandag 16. september 2013

Rebellen er laus!



Slik ser boka ut på redaktøren sitt skrivebord.
Så får vi håpe at ho leitar seg heim
til bokhandlarane, biblioteka, avisredaksjonane
og framfor alt lesarane 
i løpet av veka.

3 kommentarer:

  1. Gratulerer med ny bok!
    Helsing Bodil og Svein

    SvarSlett
    Svar
    1. Hjartans takk! God helg! Best hels Ø

      Slett
  2. Hei Øystein,
    og gratulerer med ny bok! Det var berre reint tilfeldig at eg fekk vite i går at det har kome ut noko så eksotisk som ein roman om den store Store-Rasmus! Eg gjorde sjølvsagt det einaste fornuftige og gjekk strake vegen til næraste bokhandel her i Bergen og spurte etter eit eksemplar, som straks etter kom meg i hende. Eg har vore interessert i denne historia i fleire år, men har ikkje lest noko anna enn det som Rogne skriv i Haram bygdebok, Koht i Norsk bondereising, samt dommen mot han som er å finne i Herredagen sin domsprotokoll. Derfor er det desto meir interessant å lese denne romanen om han, som etter knappe 100 siders lesing er fengslande og "unputdownable", som det heiter på nynorsk. Noko som eg - som ein som jobbar med bondeopprør - kom til å tenkje på når eg les, er kva du byggjer på av faglitteratur og kjelder? No er jo sjølvsagt romanen dikting, men eg reknar med at ein del av dei sentrale hendingane i livet hans er til dels basert på skriftleg materiale.

    Eg ser fram til å høyre frå deg.

    Vennleg helsing,
    Eyvind

    SvarSlett