søndag 1. oktober 2023

Roman sju, bok femten

Då er altså romanen Den bortkomne ute 
i bokhandlar og bibliotek.

 Eg har brukt mykje tid på han. Nærare tre år. Mange avvegingar er gjorde. Og mykje tekst er strokenSkriven på nytt. Og stroken igjen. Slik presenterer forlaget romanen.


I det ytre handlar altså boka mykje om læraren si rolle. 
Ytringsfridom. Handlingsfridom. Korleis kan ein presentere lærestoffet i fag som norsk, historie og religion 
for 17-18-åringar i den norske skulen 
i året 2023? 
Og kva bør ein? 
Finst der grenser? 
Dette er spørsmål som lesaren 
truleg vil stille seg under lesinga av romanen.
Men under den ytre handlinga
strøymer læraren si eiga historie. 
Erfaringar. 
Forventningar. Sorger. Oppturar. Traumer.
Personlege tap.
Alt dette som berre sjeldan kjem til overflata 
i møte med andre menneske.
For forfattaren vil denne historia vere like viktig.
Eg håper på reaksjonar og tilbakemeldingar.

God haust til alle som les!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar