søndag 9. april 2023

Niande april igjen og igjen

Hausten 2021, etter nyleg å ha gitt ut kvar vår bok om okkupasjonsåra, besøkte Svein Sæther og eg fire bibliotek på Sunnmøre for å halde ein samtale rundt spørsmålet: Skal vi aldri bli ferdige med krigen? Og svaret frå publikum, som var ei god blanding av unge og eldre, kvinner og menn, var temmeleg unisont: NEI!

I skrivande stund, medan kampane rasar, tusenvis av menneske døyr og byar vert lagde i ruinar i Ukraina - slik at dei liknar på Dresden i mai 1945, vil nok dei fleste vere samde om at svaret må bli det same. Vi blir ikkje ferdige med han, krigen, same kvar han er eller når han var. Men vi må lære av han.

Dei siste vekene har NRK vist dokumentaren De siste dødsdømte - om gjeninnføringa av dødsstraff og rettssakene mot dei mest framståande landssvikarane - som i samarbeid med dei tyske okkupantane hadde dolka sine eigne i ryggen og drive med bestialsk tortur på vegner av Gestapo og det tyske statspolitiet - noko som for dei fleste førte til avretting ved skyting innanfor gamle festningsmurar, t d ved Akershus, Sverresborg eller Kristiansten, i åra 1945-1948.

Etter mitt syn er serien svært god, ikkje minst fordi filmskaparane nyttar kjelder som filmklipp (nye), avhøyr (tilståingar), brev (skrivne rett før eksekveringa)og intervju av nære slektningar - ofte nieser eller nevøar - som trass i skam og skuldkjensle har valt å stå fram med forteljingane sine, og som også blir med på å oppsøkje  stadane der ugjerningane vart gjorde. I tillegg fortel historikarar med gode lokalkunnskapar om hendingane som førte fram til det fatale valet - dette å bli med fienden - og jakte på motstandsfolk, deira eigne landsmenn, som kjempa for eit fritt Norge - og sidan nytte dei mest grufulle metodar for å presse opplysningar ut av dei og - i fleire tilfelle - jamvel drepe dei.

Dokumentarserien greier også å setje liva til desse menneska (torturistane) inn i ein historisk kontekst. Kvifor valde dei slik dei gjorde? Kva ytre omstende førte nordmenn fram mot eit så forvilla standpunkt - å sleppe fienden inn - og sidan samarbeide med han - på verst tenkjeleg vis? Kva menneskesyn låg til grunn? Og inne i dette menneskesynet - kor mykje var eit menneske verdt? 

Av dei fem episodane som eg har sett til no - er personlege nedturar og trua på enkle løysingar noko som fleire av desse dødsdømde har til felles. Med mellomkrigstida sine økonomiske turbulensar som bakteppe, blir taparane skapte, og demagogane frå NS kan fiske i opprørt vatn. Konkursar. Arbeidsløyse. Utanforskap. Alt dette som pressar eit menneske til å spørje seg sjølv - kva no? 

Men historikarane stiller også kritiske spørsmål rundt oppgjeret. Gjeninnføringa av dødsstraffa i 1945 bryt med prinsippet om at ei ny lov ikkje kan ha tilbakeverkande kraft - nedfelt i grunnlova sin paragraf 97. Handsaminga av fangane fram mot domfellinga (som kunne ta opp til to-tre-fire år) kunne i fleire tilfelle også ha preg av vald - styrt av hemntankar etter det som nettopp hadde skjedd. Samtidig vert politiet plukka ut til å avlive desse fangane - noko dei motsette seg, men vart tvinga til å gjere likevel. Også dette - vert det hevda av desse historikarane - bryt med grunnleggjande prinsipp for ein rettsstat.

Ingenting kan likevel forsvare dei grufulle handlingane nazistane sine torturistar gjorde. Det finst ingen formildande omstende. Likevel lyt vi prøve å krype inn i hovuda deira. Kva førte dei fram til dette? Kvifor gjorde så mange av dei noko dei kanskje inst inne visste var frykteleg gale? Og korleis kan vi unngå at noko slikt skal skje igjen?

 Eg trur vi  har ei plikt til ikkje å gløyme. Vi har ei plikt til å ikkje vere likesæle når krigen herjar. Derfor må vi aldri bli ferdige med den niande april.

Foto: Far si feltflaske. Frå kampane i Gudbrandsdalen april 1940.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar