torsdag 26. oktober 2023

Utfordrande roman frå Øystein Orten

Forfattaren Øystein Orten frå Hareid kom denne månaden med ein ny roman. «Den bortkomne» er den 15. boka frå hans hand. Eg brukte halvanna kveldsøkt på ei forteljing som eg ikkje nøler med å kalle fengslande, ja, bortimot glitrande. Ikkje minst fordi Orten handterer nynorsken sin til kunstnarleg perfeksjon. Han målar menneske, natur, vêr og bygdelag i eit språk som går rett heim hos meg; presist og vakkert, samtidig som det ikkje svulmar - på ingen måte!

Romanen er skriven i eg-form, som kan vere krevjande, men som Orten taklar fint. Hovudpersonen er lektor og arbeider i ein vidaregåande skule i Innlandet. Han har vakse opp på det som i boka heiter Ytre Søre; øya der han har barndomsheimen sin, minner om Hareidlandet. Han har studert i Volda og har jobba på ein skule i heimtraktene.

Etter ei hending i livet sitt, skaffar han seg altså jobb ved Mjøsa. Foreldra er døde, men lektoren har brukt barndomsheimen i feriar. Men så, medan det er vinter over landskapet, vender han tilbake til heimbygda. Det er så uventa at naboane byrjar å stusse. Det er midt i skuleåret, og folk som fer forbi, oppdagar at den elles så opne og omgjengelege karen har slått lyset av og trekt gardinene for.

Sjølv får eg assosiasjonar til ei hending med ein ven i nabolaget for 30-40 år sidan. Ein dag kom han heim frå jobb, drog for gardinene og kraup rundt på golvet for at naboane ikkje skulle sjå at han var der. Han hadde imidlertid gjort noko ulovleg og vart etterforska av politiet. Men kva har læraren i Orten-romanen gjort? Sei det.

Permisjon, svarer lektoren, når folk vil vite kvifor han har reist til Ytre Søre midt i skuleåret. Han vandrar kvilelaust rundt i barndomsheimen, leiter i gamle papir og album og grev i si eiga fortid, prøver å forstå situasjonen. Han får diffuse telefonsamtalar frå rektor - og frå leiaren av Nemnda - som skal behandle saka hans. Kva har han eigentleg sagt i klasserommet? Korleis underviser han? Metodane og meiningane; gammaldags? Ikkje minst: Kva skjedde mellom han og 16-årige Embla på det grupperommet?

Den bortkomne er ein fleirtydig roman som rommar fleire forteljingar - om minne, skuldingar og lærarens utsette rolle. Sjølve prosessen mot eg-personen, seigpininga, kan nesten føre assosiasjonane i retning Franz Kafka. Mellom linjene kan du kjenne metoolukt og ein snev av moderne kjønnsideologi. Kva vilkår har ytringsfridommen i vår tid; handlingsrommet til ein lærar, kor langt kan han gå for å utfordre elevane?

Orten serverer oss også ei intimscene som kunne vere ein Michel Houellebecq verdig. Det er ikkje å forakte. Men først og fremst utfordrar han. Ein fascinerande og aktuell roman, og eg vil gi mi beste tilråding.

Asle Geir Widnes Johansen

Vikebladet/Vestposten 17.10.23

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar