torsdag 26. oktober 2023

Nær på med Ronald

Onsdag 18. oktober hadde eg gleda av å ta del i Ronald Øvrelid sin visekveld "Nær på" ved Hareid Folkebiliotek. 
Mykje folk (over 100) hadde møtt fram til dette arrangementet, som var ein del av Hareidsstemna, kanskje Sunnmøres eldste kulturfestival (like gamal som meg).

I tillegg til Ronald sine framføringar, spelte og/eller song også Odd Goksøyr, Tormod Engen, Hege Holstad og Trine Teigene Eidsvik.


 Innimellom alt dette las eg fem utdrag frå den nye romanen min, Den bortkomne. 

Ein gild kveld - verkeleg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar