lørdag 5. november 2011

HELGEMESS

Vi merkar det.

Dagane blir kortare.

Men framleis er det flotte turforhold.

Frå den vesle tjønna på veg opp mot Løkeberget var det fin utsikt nordover.

Jamvel sola kasta nokre lystrimler over Storfjorden.

Slik at fjella fekk nye blåtonar i seg. 


Det er blitt sagt at november er døden sin månad.

Ikkje så rart kanskje når ein tenkjer på dei siste dagars markering av Halloween.

Denne gjennomkommersialiserte utgåva av den engelske Allehelgensaftan 31. oktober.

Frå gamalt av feira ein i Noreg Allehelgensdag 1. november.

Og Allesjelersdag 2. november.

Før den lutherske danskekongen avskaffa desse katolske merkedagane i 1770.

Og flytta dei til den fyrste søndagen i november.

Altså Helgemessesøndag.

Til minne om dei døde.

Difor vil nok mange tenne lykter på gravene i kveld.

På den gamle sunnmørske primstaven var dagen merka med ein kvelva båt.

Som får oss til å tenkje på forfedrene våre.

Og kampen for det daglege brød her langs kysten.

Alt slitet. All stirren. Alle farane.

Også det eit lys i dette snølause novembermørket.











1 kommentar: