lørdag 12. november 2011

Sjabervik i Spjelkavik

Sjabervik  
Spjelkavik Sjabervik 
Spjelkavik Sjabervik Spjelkavik



Midt i den travlaste handletida på Moa vart
Ålesund bibliotek sitt bokbad på Spjelkavik-filialen i dag gjennomført i fin stil.


Voneleg vart det ein interessant samtale om novellesamlinga Sjabervik for dei omlag tretti som tok del.

Biblioteksjefen viste seg som ein meget kyndig lesar og avslørte mange interessante parallellar mellom dei ulike personane i boka. 

Fleire av tilhøyrarane meinte ho gjekk tidlegare bademeistrar som Eva Bratholm og Anne Grosvold ein høg gang.


3 kommentarer:

  1. ååå så fine ord! Blir heilt rørt her! Tusen takk for ei særs triveleg stund, dette var nytt for også meg, men eg gjer det gjerne igjen. Og veldig gjerne når den nye romanen din er ferdig. For ikkje å snakke om kor kjekt det var å endeleg møte ein eg synes eg har kjent ei stund.

    SvarSlett
  2. Takk det same, Mariann! Bokbadet i Spjelkavika var ei flott oppleving. Gjevande å oppleve lesarar som deg! Best hels Ø

    SvarSlett