søndag 12. august 2012

Ingen andre enn meg sjølv

I ytste bane.
Ein 5o år gamal kropp.
400 meter på bane.
30 år sidan sist.
10 kg tyngre.
9 sekund seinare.
Det blir 4,5 sekund for kvar 200 meter.
Tapte sekund. Eller vunne sekund.
Men kvar tok dei vegen.


FOTO: Leiv Arne Grimstad/Vikebladet.

Då den raskaste guten
kom opp på sida av meg
tenkte eg
at han som passerte no
var meg sjølv
i 1980.


Hareid stadion søndag 12.8. kl 1255.

2 kommentarer:

  1. 50-års-krise? Trøst deg med at alle dei andre 50-åringane sat heime i sofaen-og du SPRANG !

    SvarSlett
  2. Nei, aldeles inga krise, berre artig å tenkje på at eg sprang like fort desse gutane ein gong i tida :-) Eg er meget komfortabel med å bli slått ned i skoa av meg sjølv som 18-åring :-)

    SvarSlett