søndag 26. august 2012

GAMAL SKULESONG

Som vi hugsar
vart den norske skulen
for allmugen,
altså folk flest,
skapt av den pietistiske tanken
om behovet for
eit nært og personleg forhold
til dei bibelske skriftene,


 
noko som materialiserte seg
i lova frå 1739,
som kom hakk i hæl
etter den ihuga kong Christian VI si forordning om konfirmasjonen
tre år tidlegare,
og som for dei aller fleste born
 altså opna for
eit meir eller mindre gladlynt møte med
omgangsskulelæraren,
denne omreisande handelsmannen i
gotiske bokstavar
og
ortografisk kunnskap,
oftast
ved kjøkenborda
rundt om på dei kringliggjande gardane,
tre veker om hausten
og tre veker om våren,
slik at ein voneleg
kunne meistre lesinga
og kanskje også skrivinga
til ein skulle gå for presten
saman med ungdomar
frå heile soknet,
som sikkert var eit storhende i seg sjølv,

  
 
men denne skulen,
Borgund fri- og fattigskule,
skulle berre vere for dei aller lågaste,
han var ei Guds gåve
til dei foreldrelause og bortkomne,
ein heim og ein lærestad
for dei mistrøstige og forhutla borna
til lausarbeidarar og tiggarar,
utarma husmenn og enker
etter sjømenn som var komne bort
på havet,
etablert i det største pressområdet på Sunnmøre,
med tilflytting og lykkejakt,
særleg på grunn av det rike torskefisket
i Borgundfjorden,
allereie i 1743,
av prestar med mot
og kanskje også eit slags sosialt samvit,
fleire av dei tilknytta fellesskapen
Sjustjerna,
slik at til saman meir enn femten hundre born
skulle få gå den kronglete vegen 
til noko som likna på
lærdom
og
ei muleg framtid.
 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar