torsdag 24. mai 2012

KRONPRINSESSEDAGEN

Mykje flagging opp etter liene på Hareid i dag
då kronprinsparet kom på vitjing.


For oss som spelte for kong Olav
på ferjekaia etter opninga av Herøybrua i 1976,
var det kjekt å oppleve at kronprinsen verka like glad i korpsmusikk
som bestefar sin.


Men klokeleg nok var Gamal jegermarsj bytta ut
med Det er Norge i rødt hvitt og blått.
På grunn av ei lita forseinking i indre hamn
(hasardiøs småbåtkøyring rundt den kongelege sjaluppen)
vart denne spelt mange gongar.

Elles samla minihareidsstemnet i Åsendalen mykje folk.


Det gjekk rykte om at enkelte hadde teke turen heilt frå Runde og Hakallestranda for å oppleve kronprinsparets møte
med den sunnmørske korsongen.


Ikkje uventa oppførte hovudpersonane seg svært sympatisk.
Rett som det var slo dei av ein prat med folk som slang langs vegane hist og her.
Folk kosa seg verkeleg i Opplevingsparken.
Ingen såg ut til å gråte over at andedammen var borte.

Elles var veret muligens litt over snitt for årstida.
25 grader og vindstille i Hareid sentrum er heilt OK.

Etterpå vart det eldretreff på Hadartun og omvising nede i byssa på ishavsskuta Årvak for Mette Marit og Haakon Magnus.

Av forståelege grunnar hadde desse samkomene 
berre inviterte gjestar.
Difor sykla eg fram til Grimstadvatnet og tok meg årets fyrste bad.

Hakapikane og dei utstoppa selane på polarmuseet i Brandal skulekrins  må ha gjort inntrykk på dei kongelege.
For fyrst under flaggfiringa på altanen klokka ni såg eg kongeskipet Norge stime ut fjorden.

Kronprinsessa og kronprinsen var nok samde om
dette hadde vore ein meir enn gild dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar