torsdag 17. mai 2012

17. MAI PÅ HAREID 1980


ALT VAR BETRE FØR, IKKJE MINST VERET.
DETTE KAN VI TYDELEG SJÅ
PÅ DETTE BILETET,
DER TOGET PASSERER SENTRUM
MED SAMVIRKELAGET, SOLSTRAND KAFE
OG DEN GAMLE BRANNSTASJONEN
I BAKGRUNNEN.

EG ER IKKJE HUNDRE PROSENT SIKKER PÅ ÅRET,
MEN SKAL EG TIPPE,
MÅ DET ALTSÅ BLI 1980.

Det skal ha vore nydeleg ver på Sunnmøre dette året.

KOM GJERNE MED INNSPEL!

GRATULERER MED DAGEN!

2 kommentarer:

  1. Eg veit ikkje korleis vêret var på Hareid i 1979, men i Ørsta var det i alle fall ein sur gråvêrsdag det året. Eg trur det kom nokre regndråpar òg. Det var noko betre i 1978, og i 1980 var det ein strålande soldag!

    Helsing frå ei Ørstadame som etter kvart hugsar betre det som hende den gong då, enn kva ho hadde til middag i går. (dårleg teikn!)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er godt muleg at dette kan vere i 1980, ja. I 78 spelte eg i korpset, så då kan eg ikkje ha teke dette biletet sjølv. Tusen takk for innspelet, forresten!!

      Slett