onsdag 16. mai 2012

17. MAI PÅ HAREID 1972


Foto: Hans Skorgenes

Så endå eit bilete frå Kjøpmannsgata.
Denne gongen frå 1972.
Kanskje låg det ein ekstra nerve i feiringa av grunnlovsdagen
dette året
sidan det skulle arrangerast ei folkeavrøysting
om norsk medlemsskap i EEC
til hausten.

På biletet ser vi mange kjende fjes.
Til høgre i flaggborga 
(medlemar av 17.mai-komiteen)
dreg vi i alle fall kjensel på
Oddrun Pedersen, Jarle Klungsøyr, Arnvid Østrem (i songarhue), Jon Gjerde og Kåre Grimstad (med solbriller).
Bak den unge lyse jenta i midten
(som liknar veldig på Beathe Hals, no Furseth)
går Arvid Eidsvik.
Til venstre (rett bak lensmannen)
kjem Anna Sørheim og Else Flø.
Endå lengre bak skimtar eg bror min (enno ikkje 18 år gamal),
fem hakk bak far sin.
Om nokon kjenner att fleire på dette biletet,
så gje lyd!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar