torsdag 23. februar 2012

MONTJUIC - EIT FJELL UTAN GUDAR

Montjuic er Barcelona sitt Olympus.
Ikkje berre vart OL arrangert i dette fjellområdet sør for byen i 1992,
noko som resulterte i eit temmeleg kompakt kompleks av flotte idrettsanlegg,
men det er her borga ligg, med si dystre historie, 
213 meter over havet.




Det tek omlag 30 min å springe opp.





Heile fjellsida er snitta opp med bilvegar, trapper og råser
som knyter dei små parkane saman.
Planen for dette rekreasjonsområdet vart realisert til verdsutstillinga i 1929
og fornya til fotball-VM i 1982 og endeleg OL i 1992.

Det går ei eiga metrobane vel midtvegs opp i fjellsida frå stasjonen Paralel.
På det siste strekket er det også muleg å ta taubane.





Fjellet har mange flotte monument og statuar.




Desse steinskulpturane framstiller den katalanske folkedansen sardana.




Vi legg elles merke til at spanske joggarar er høflegare enn norske.
Dei helsar.




Den vesle treningsturen vert løna med ei flott utsikt over byen.







Vi kan sjå austover - mot palasset og museumsområdet.
Fotballarenaen Camp Nou ligg nokre kilometer attanfor her.




Og sørover - mot containerhamna og flyplassen,
som ligg berre 12 km frå sentrum av byen.





Fjellet Montjuic er elles ei kjend kulisse for dei som har lese romanar av Barcelona sine to store suksessforfattarar
Carlos Ruiz Zafon (Vindens skygge) og Ildefonso Falcones (Havets katedral).
Men Montjuic
har også dystre minne.

Eg tenkjer på borga.
Ho var ferdigbygd i 1640.

Tusenvis av fagforeiningsfolk, anarkistar og andre politiske aktivistar
 sat fengsla her frå siste del av 1800-talet.
Dei fleste blei torturerte, mange avretta.

Etter at Barcelona hadde arrangert folkeolympiaden i 1936 -
som eit alternativ til Hitler sin propagandafest i Berlin -
vart byen eit sentrum for motstanden mot falangistane.

Den katalanske fridomskjemparen Lluis Companys,
ein livstidsdømd fange  
som nyleg var sett fri etter republikanarane sin valsiger,
kjempa heilt til Franco inntok byen i januar 1939, og heldt jamvel fram kampen oppe i fjella nokre veker til, før han flykta over grensa til Frankrike.






Men då den nazivenlege Vichy-regjeringa fekk makta i juni 1940,
vart sosialisten Companys arrestert og utlevert til falangistane.
Dei kasta han i eit fangehol på Montjuic.
Etter lang tids tortur vart han slept ut, stilt opp mot muren her og skoten.
Det var 15. oktober 1940.






Det olympiske fjellet Montjuic har såleis ingen gudar,
sjølv om Franco sin krig mot republikanarane visst nok skal ha vore motivert ut frå ønsket om å gjenreise respekten for den katolske kyrkja.


Borga,
som i dag mellom anna hyser ein restaurant med ei fantastisk utsikt,
representerer altså noko av det svartaste i Barcelona si historie.


Lenge etter at Franco døydde i 1975 var dette eit tabuemne i Spania.
Men voneleg er mange av innbyggjarane i denne byen klare over antifascistane sin lagnad i dag.






Montjuic er uansett vel verd eit besøk.
Turen hit opp foreinar ei dyster innsikt i spansk historie med ei vakker utsikt over byen.





onsdag 22. februar 2012

SAGRADA FAMILIA - OG JAKTA PÅ ANTONI GAUDI

Framveksten av ei rik borgarklasse i det ekspansive industrisamfunnet
i Barcelona mot slutten av 1800-talet
skapte eit økonomisk grunnlag for fleire nyskapande kunstnarar i byen.
Dei mange spora etter den spanske varianten av art nouveau - modernista - er eit tydeleg uttrykk for dette.
 
 
Sagrada Familia er eit must for alle som vitjar Barcelona.
Katedralen med dei fantastiske tårna vart påbegynt i 1883,
men er langt frå ferdigbygd.


Opphavsmannen til dette originale og spennande kyrkjebygget er den katalanske smeden og arkitekten Antoni Gaudi (1852-1926).

 Planane hans var storslagne og vanvittig ambisiøse,
og difor sjølvsagt vanskelege og svært dyre å gjennomføre.
Frå 1914 vigsla han all si tid og all si kraft til dette prosjektet.
Han budde i katedralen.
Åt og sov der.
Dei siste åra gjekk han jamvel frå dør til dør og tigga om pengar.
Men då han vart påkøyrd av ein trikk og døydde i 1926, var berre eitt av tårna reiste. 

Det er verkeleg ei stor oppleving å vandre rundt og inne i dette bygget.


Katedralen har to hovudinngangar,
med ein pasjonsfasade


og ein julefasade.

Det er kjende motiv i ei ny og annleis utforming.
Kunstnarane er mange,
men alt saman er utført etter Gaudis teikningar.


Dørene er eit kapittel for seg.





Men det er sjølve kyrkjeromet
som tek pusten frå deg,

 


med ein heilskap av lys og djupn


 

som er heilt spesiell.





Berre trappene.


 



Alt peikar eigentleg mot himmelen..





Jamvel 18-åringen
måtte innrømme at dette overgjekk forventningane hans.




 

Men Barcelona har langt meir å by på.
Berre husfasadane i denne byen er eit særstudium verd.
Alle balkongane i den nye bydelen Eixample til dømes.
Med syklar i åttande etasje.

Det er heller ikkje til å undrast over
at Picasso nesten berre mala hustak
medan han budde i Barri Gotic.

Det er viktig å sjå opp og over
medan ein vandrar gatelangs i Barcelona.

Før Gaudi lot seg oppsluke av
det enorme prosjektet Sagrada Familia,
teikna han bustadhus,
oftast på oppdrag frå rike og velståande familiar.
Utstyrt med eit godt kart
er det ingen problem å finne dei mest kjende,
som Casa Mila (La Pedrera).

 
 
Eller Casa Battlo.
 
 
 
 
Palau Guell ligg berre 20 meter frå Ramblaen.
Legg merke til smijarnsarbeidet her.
Tvil ikkje på at det er ein smed som står bak.
 
 
 
 
Men alt dette var før Gaudi bokstaveleg tala forsvann inn i Sagrada.
Dette prosjektet som aldri ser ut til å ta slutt.






Men eigentleg likar eg denne tanken.
At kyrkja er ein byggjeplass.
Med kraner og vinsjar og bygningsfolk som ropar varsku her.
At den eigentlege kyrkja er under arbeid.
Og framleis er usynleg for oss.




tirsdag 21. februar 2012

LA RAMBLA - ELVA GJENNOM BYEN

Noko av det mest fascinerande
med Barcelona er blandinga av kremmarverksemd, politisk radikalisme og separatisme.


Eg trur den mest typiske barcelonaren må vere ein politisk radikal
og patriotisk krambodseljar
som gjerne slår av eit par euro for ein norsk turist så lenge han får snakke katalansk.


Barcelona med sine fem millionar innbyggjarar
er sanneleg folkeleg og anti-Madrid.

Varmblodig og kommers.




Dette kjem godt til uttrykk på ei vandring oppover hovudgata La Rambla,
ein brei og skogkledd aveny frå Columbus-statua nede ved hamna Port Vell til trafikknytepunktet Placa de Catalunya.



Her tikkar verkeleg byen sin puls,
slik han gjorde i Antoni Gaudi, Pablo Picasso, Joan Miro og Salvador Dali sine dagar.
Det kryr av aviskioskar og suvenirsjapper.


Her syng kanarifuglar frå trea, og spåkoner stokkar tarotkorta sine medan portrettkunstnarar ventar på nye oppdrag til musikken frå gitarstudentar som  ynskjer å tene nokre slantar på fridagane sine.


Nokre er fantastisk flinke.


Andre er så som så.


For den som er svolten, er mulegheitene mange.
Det er ikkje få etablissement som tilbyr tapas i ulike variantar.


La Rambla - eller Les Ramles på katalansk - kjem opphaveleg av det arabiske ordet for elvesand (i meininga uttørka elvefar = ramla).

Det er altså maurarane som har etterlate seg dette namnet.


I mellomalderen gjekk bymuren langs den etterkvart tørrlagde elva.


Sidan utvida byen seg, særleg i sørleg (dit Columbus peikar) og (seinare) i meir vestleg retning (Eixample).



La Rambla er utan tvil Barcelona si hovudpulsåre.
Gata deler gamlebyen Barri Gotic i to.


Den eldste delen Ribera (med hamnekvarteret) i nord
og den noko nyare Raval (med arbeidarkvartala) i sør.

Kvar med sine horestrøk og shabby barar.

Den katalanske hovudstaden har vore eit industrielt senter heilt sidan slutten av 1800-talet, då han stod fram som den fremste hamnebyen ved Middelhavet
(på kostnad av rivalar som Marseilles, Genova og Napoli).



Men i kontrast til den kolossale rikdomen i handelsborgarskapet vaks arbeidarklassa seg stor, og i dette fattige sjiktet fekk ultraradikale, sosialistiske tankar rotfeste.
Tekstane til den russiske anarkisten Bakunin vart i Barcelona i 1860- og 70-åra tolka slik at (den spanske) staten skulle utslettast, Gud (den katolske kyrkja) avskaffast og dei rike (industrimagnatane) utryddast.

Bokstaveleg tala.
  
Og saman med den særprega katalanske sinnsstemninga rauka (rus, besettelse) skapte dette eit bolverk mot dei autoritære ideologiane i mellomkrigstida.
 Kanskje er det på bakgrunn av dette at vi må forstå det antifascistiske og separatistiske Katalonia.


Det desperate og lutfattige er her miksa saman med modernisme og renovasjon.

Ei heilt særeiga form for modernitet.
Djupe politiske tragediar, enkelte sigrar og mange nederlag har prega denne industrimetropolen i meir enn 150 år.

Framleis er den spanske borgarkrigen eit blødande sår i byen.

Motsetnadene var skarpe (også mellom dei som kjempa på "rett" side).


Skildringane frå dei desperate åra frå 1936 til 1939 er mange.



Mest kjende er kanskje George Orwells Hommage to Catalonia (1938)
og Ernest Hemingways For Whom the Bell tolls (1940).



Men mange lesarar har nok også krigsscenene i Nordahl Griegs
Ung må verden ennu være (1938)
i minnet.


Den norske forfattaren oppheldt seg i Barcelona frå desember 1937 til februar 1938, då tyske, italienske og falangistiske fly bomba byen.

Franco inntok den republikanske hovudstaden 26. januar 1939.

Han venta ikkje lenge med å forby det katalanske flagget.

Det katalanske språket vart bannlyst.



Altså krig, motstand, tap, siger - og tap igjen.

Ikkje minst difor er Barcelona ein politisk radikal by, der individuelle og liberale verdiar synest å stå sterkare enn alle andre stader i Spania.

La Rambla er framfor alt ein manifestasjon av dette, der ho ålar seg som ei elv gjennom byen.

Frå Columbus til hjartet av Katalonia.


Livleg og sta.

Frå morgon til kveld.

Støyande og fornyande
på same tid.




onsdag 15. februar 2012

DEAD POETS - GREAT NORWEGIAN COLLECTIONS OF POETRY (NN)

DEAD POETS
GREAT NORWEGIAN COLLECTIONS OF POETRY
(LANDSMÅL - NYNORSK)


Her er tjue sterke samlingar:



Ivar Aasen: Symra (1863)
Aasmund Olavsson Vinje: Diktsamling (1864)
Elias Blix: Nokre salmar (1892)
Per Sivle: Noreg (1894)
Arne Garborg: Haugtussa (1895)
Kristofer Uppdal: Altarelden (1920)
Olav Nygard: Ved vebande (1923)
Olav Aukrust: Solrenning (1930)
Jakob Sande: Guten og grenda (1945)
Jan-Magnus Bruheim: På skålvekti (1947)
Aslaug Låstad Lygre: Eld av steinar (1948)
Tarjei Vesaas: Lykka for ferdesmenn (1949)
Tor Jonsson: Ei dagbok for mitt hjarte (1951)
Ragnvald Skrede: I open båt på havet (1952)
Haldis Moren Vesaas: I ein annan skog (1955)
Arnljot Eggen: Eit hovud i havet (1965)
Olav H Hauge: Dropar i austavind (1966)
Ingvar Moe: løktastolpefrø (1975)
Marie Takvam: Falle og reise seg att (1980)
Åse-Marie Nesse: Lysår (1985)


Men her er fleire!
Kom igjen!


tirsdag 14. februar 2012

DEAD POETS - GREAT NORWEGIAN COLLECTIONS OF POETRY (BM)


DEAD POETS
GREAT NORWEGIAN COLLECTIONS OF POETRY
(DANSK-RIKSMÅL-BOKMÅL)


Tjue sterke diktsamlingar:


Henrik Wergeland: Digte. Første Ring (1829)
Johan Sebastian Welhaven: Nyere Digte (1845)
Bjørnstjerne Bjørnson: Digte og Sange (1870)
Sigbjørn Obstfelder: Digte (1893)
Olaf Bull: Digte (1909)
Rolf Jacobsen: Jord og jern (1933)
Nordahl Grieg: Friheten (1945)
Gunvor Hofmo: Fra en annen virkelighet (1948)
Alf Prøysen: Drengstuviser (1948)
Gunnar Reiss-Andersen: Prinsen av Isola (1949)
Erling Christie: Serenade for blå gitar (1956)
Astrid Hjertenæs Andersen: Vandrersken (1957)
Emil Boysen: Gjenkjennelse (1957)
Paal Brekke: Roerne fra Itaka (1960)
Georg Johannesen: Ars moriendi (1965)
Hans Børli: Kyndelsmesse (1972)
Kjell Erik Vindtorn: Vokt Dem for huden (1983)
Helge Vatsend: Et borgerlig liv (1986)
Tor Ulven: Det tålmodige (1987)
Sigmund Mjelve: Område aldri fastlagt (1994)


Men her finst mange fleire!
Kom gjerne med framlegg!




lørdag 11. februar 2012

SØLVI FRÅ MOLTU SI LISTE

Dead Novelists - Great Norwegian Novels

Sølvi Løvøy si liste med ti sterke romanar:
 
 

Camilla Collett: Amtmandens Døttre (1855)
Alexander Kielland: Gift (1883)
Amalie Skram: Constance Ring (1885)
 Arne Garborg: Fred (1892)
Knut Hamsun: Pan (1894)
Sigrid Undset: Husfrue (1921)
Cora Sandel: Alberte og Jakob (1926)
Sigurd Hoel: Møte ved milepælen (1947)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Torborg Nedreaas: Musikk fra en blå brønn (1960)



Sølvi Løvøy kjem opphaveleg frå Moltustranda, 
 men bur i Ulsteinvik,
der ho underviser i norsk og engelsk
ved Ulstein vidaregåande skule. 

Vi legg merke til at lista hennar er prega av full likestilling
mellom kjønna.
Men bak dei fleste av titlane
anar vi sterke, fridomssøkjande kvinner.


fredag 10. februar 2012

DEAD AUTHORS OF SHORT STORIES - GREAT NORWEGIAN COLLECTIONS OF SHORT STORIES

Dead Authors of Short Stories 
 Great Norwegian Collections of Short Stories


Så prøver vi oss på noveller.
Her er nokre personlege favorittar:



Alexander Kielland: Noveletter (1879)
Per Sivle: Vossa-Stubbar (1887)
Jonas Lie: Trold (1891)
Hans E. Kinck: Flaggermusvinger (1895)
Agnar Mykle: Taustigen (1948)
Torborg Nedreaas: Trylleglasset (1950)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Johan Borgen: Natt og dag (1954)
Nils Johan Rud: Eros leker (1969)
Sigbjørn Hølmebakk: Tolv trøndere og to andre fortellinger (1973)



Venteliste:


Bjørnstjerne Bjørnson: Smaastykker (1860)
Olav Duun: Løglege skruvar og anna folk (1907)
Ragnhild Jølsen: Brugshistorier (1907)
Cora Sandel: En blå sofa (1927)
Oskar Braaten: Kremmerhuset (1930)
Alf Prøysen: Dørstokken heme (1945)
Arthur Omre: Skiftende bris (1950)
Terje Stigen: Glasskulen (1963)
Gunnar Lunde: Svart latter (1969)
Ernst Orvil: Slyng (1978)

torsdag 9. februar 2012

LEKTOR PAUS SI LISTE

Dead Novelists - Great Norwegian Novels

Dagfinn Paus:


Alexander Kielland: Gift (1883)
Knut Hamsun: Sult (1890)
Olav Duun: Medmenneske (1929)
Aksel Sandemose: Vi pynter oss med horn (1936)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Sigurd Hoel: Møte ved milepælen (1947)
Paal Brekke: Og hekken vokste kjempehøy (1953)
Johan Borgen: Jeg (1959)
Agnar Mykle: Rubicon (1965)
Jens Bjørneboe: Stillheten (1973)


Lektor og tillitsvald Dagfinn Paus
har undervist i historie, norsk, samfunnsfag og geografi
ved Ulstein vidaregåande skule sidan 1985.

Lista hans er både spennande og interessant, ikkje minst sidan så mange av desse romanane dveler ved individualitet, åtferdsbiologi
og einskildmenneskets møte med verdas aggresjon og vondskap,
men også fordi ho inneheld berre mannlege forfattarar.
Kanskje er her ein samanheng? 



onsdag 8. februar 2012

Månen over Barstadvikja

Nestenheilfull

På ein roleg joggetur mot Hjørungavåg
i kveld
openberra månen over Barstadvikja seg
som ein invitasjon.


 
Ikkje rart
at dei rodde over fjorden her
i gamle dagar
for å finne seg kvinnfolk.

tirsdag 7. februar 2012

PAUL SI LISTE


Dead Novelists - Great Norwegian Novels


Paul Inge Røyset si liste:




Amalie Skram: Professor Hieronymus (1895)
Knut Hamsun: Markens grøde (1917)
Gabriel Scott: Kilden (1917)
Johan Bojer: Den siste viking (1921)
Johan Falkberget: De første geseller (1927)
Ronald Fangen: Duell (1932)
Olav Duun: Menneske og maktene (1938)
Alfred Hauge: Hundevakt (1961)
Finn Alnæs: Koloss (1963)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)


Paul Inge Røyset underviser i matematikk og informatikk
ved Ulstein vidaregåande skule.
Han har vore ein ivrig lesar av skjønnlitteratur i alle år.


Interessa for historie skin att på denne lista.
Vi merkjer oss fyrste banda i Falkbergets Christianus Sextus og Alfred Hauges trilogi om Cleng Peerson.


Og endeleg kom Koloss.
Ikkje uventa frå ein friluftsmann.