onsdag 22. februar 2012

SAGRADA FAMILIA - OG JAKTA PÅ ANTONI GAUDI

Framveksten av ei rik borgarklasse i det ekspansive industrisamfunnet
i Barcelona mot slutten av 1800-talet
skapte eit økonomisk grunnlag for fleire nyskapande kunstnarar i byen.
Dei mange spora etter den spanske varianten av art nouveau - modernista - er eit tydeleg uttrykk for dette.
 
 
Sagrada Familia er eit must for alle som vitjar Barcelona.
Katedralen med dei fantastiske tårna vart påbegynt i 1883,
men er langt frå ferdigbygd.


Opphavsmannen til dette originale og spennande kyrkjebygget er den katalanske smeden og arkitekten Antoni Gaudi (1852-1926).

 Planane hans var storslagne og vanvittig ambisiøse,
og difor sjølvsagt vanskelege og svært dyre å gjennomføre.
Frå 1914 vigsla han all si tid og all si kraft til dette prosjektet.
Han budde i katedralen.
Åt og sov der.
Dei siste åra gjekk han jamvel frå dør til dør og tigga om pengar.
Men då han vart påkøyrd av ein trikk og døydde i 1926, var berre eitt av tårna reiste. 

Det er verkeleg ei stor oppleving å vandre rundt og inne i dette bygget.


Katedralen har to hovudinngangar,
med ein pasjonsfasade


og ein julefasade.

Det er kjende motiv i ei ny og annleis utforming.
Kunstnarane er mange,
men alt saman er utført etter Gaudis teikningar.


Dørene er eit kapittel for seg.





Men det er sjølve kyrkjeromet
som tek pusten frå deg,

 


med ein heilskap av lys og djupn


 

som er heilt spesiell.





Berre trappene.


 



Alt peikar eigentleg mot himmelen..





Jamvel 18-åringen
måtte innrømme at dette overgjekk forventningane hans.




 

Men Barcelona har langt meir å by på.
Berre husfasadane i denne byen er eit særstudium verd.
Alle balkongane i den nye bydelen Eixample til dømes.
Med syklar i åttande etasje.

Det er heller ikkje til å undrast over
at Picasso nesten berre mala hustak
medan han budde i Barri Gotic.

Det er viktig å sjå opp og over
medan ein vandrar gatelangs i Barcelona.

Før Gaudi lot seg oppsluke av
det enorme prosjektet Sagrada Familia,
teikna han bustadhus,
oftast på oppdrag frå rike og velståande familiar.
Utstyrt med eit godt kart
er det ingen problem å finne dei mest kjende,
som Casa Mila (La Pedrera).

 
 
Eller Casa Battlo.
 
 
 
 
Palau Guell ligg berre 20 meter frå Ramblaen.
Legg merke til smijarnsarbeidet her.
Tvil ikkje på at det er ein smed som står bak.
 
 
 
 
Men alt dette var før Gaudi bokstaveleg tala forsvann inn i Sagrada.
Dette prosjektet som aldri ser ut til å ta slutt.






Men eigentleg likar eg denne tanken.
At kyrkja er ein byggjeplass.
Med kraner og vinsjar og bygningsfolk som ropar varsku her.
At den eigentlege kyrkja er under arbeid.
Og framleis er usynleg for oss.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar