lørdag 16. oktober 2021

GODT AT DU ER TIL

  MINIKONSERT MED TEKSTAR AV ANDREAS BJÅSTAD

Som ein del av Hareidsstemna 2021
 inviterer Hareid folkebibliotek
til ein minikonsert
basert på tekstar 
av Andreas Bjåstad 
med Elise Gjærde, Odd Goksøyr, Ronald Øvrelid 
og meg sjølv
mandag 18. oktober klokka 1900


Andreas har gjennom mange år vore aktiv som forfattar og gjendiktar, og er kanskje særleg kjend for salmane og songtekstane sine, ofte skrivne til kabaretar og matinear i kyrkjer og forsamlingshus, som til dømes «Vår ferd i dine hagar» i 2011. 

I tillegg til 50-60 eigne tekstar 
har han også gjendikta litterære storleikar som Christina  Rossetti, Dante Gabriel Rossetti og Elisabeth Barrett Browning og artistar som Bob Dylan, Van Morrison, Joni Mitchell og Nanci Griffith. 

Fleire hugsar kanskje «Amerikansk kjærleik på ny norsk», som var ein konsert med omsette songar av amerikanske, kvinnelege artistar i 2008.

 Ikkje minst har Andreas hatt eit tett samarbeid med den shetlandske lyrikaren Christine de Luca, 
som besøkte Hareid for nokre år sidan,
og dei tok begge del i 
"Under Linda",
Norges minste poesifestival,
i 2018.


Tekstane til Andreas er blitt svært godt mottekne.
Til dømes fekk han andreprisen i Nynorsk Kultursentrum sin konkurranse om beste bryllaupssalme med "Å måtte denne dagen" i 2006. Fleire av gjendiktingane hans er presenterte i tidskriftet Bokvennen. 

Programmet, 
med tittel frå eit av Andreas sine dikt,
vil innehalde mange salmar 
og songtekstar av hovudpersonen, 
og vil vare ein god time. 

Fri inngang.

Vel møtt!

Sjå også

BRODER ANDREAS 73

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar