onsdag 6. mai 2020

MAIDAGAR, OVERTAKINGAR

"Av og til tenkjer eg at historia er eit dyr



 som glefser etter føtene våre og veltar seg over oss så vi ikkje får puste. Vi gløymer ikkje desse augneblinkane. Og dette året, desse særskilte dagane eller minutta av våre liv, då nettopp dette hende, har etterlate ei kjensle inne i oss, som er uttrykk for ein heilt spesiell tilstand, som berre kjem til overflata seinare i livet når enkelte trivielle hendingar repeterer seg sjølve og gir påminningar om den gongen. Slik at, Den gongen då, blir til, Kvar gong når. Det kan vere lyden av eit flagg eller det bestemte plagget på ei klessnor som brettar seg ut i den friske brisen frå sørvest, viss det då ikkje er glasbitar i ein viss storleik som losnar frå vindaugsruta og treffer noko hardt eit tidels sekund seinare"

"1945 er dette mellomromet i tid. Dette året startar i mai. Eller kanskje sluttar det denne månaden. 1945 er martyrane sitt år. Oppstoda sitt år"

"7. mai. Stilsla som dirrar. Den spaknande vinden"

"8. mai står tom. Og tomheit står for overgiving, kapitulasjon. Sida er kvit. Urøyvd. Ein krig har vart i 1857 dagar, og denne skjelvande dagen, dagen då det meste av tvilen var borte, då alt skulle kome for ein dag, det vi kallar sanninga, eller det vi set i staden, skal gjerast synleg"

"Men 8. mai står tom. Sjølv ikkje i ettertid har han skrive inn noko på denne dagen, tenkjer eg, som om heilt vanlege ord ikkje strekte til"

"9. mai, samstundes med at Quisling overgir seg, går ein tysk soldat på ei mine som ligg i ei grøft langs vegen, og i dagane etter torer folk seg ikkje ut på åkrane av frykt for å gå på fleire"


"11. mai. Eg kan hugse at biletet hang på ein vegg heime. Sameleis som det hang over kateteret i det eine klasseromet på skulen. Overtakinga av Akershus.

Når han seinare snakka om denne hendinga, verka det som om dette var noko av det viktigaste som hadde hendt han i livet. Noko som rørte han reint fysisk. Han kunne bli frisk av å sjå på det, viss han var sjuk.

I dag veit vi at det i alle fall finst to bilete av den formelle overtakinga av Akershus festning denne dagen, og dei er tekne med berre få sekunds mellomrom.



 På det fyrste fotografiet, som vart teke av Aftenpostens fotograf Johannes Stage, og som altså er rekna for å vere det store frigjeringsbiletet frå maidagane, står fenrik Terje Rollem, sjef for ei Milorg-avdeling i Oslo, kledd i brune sportssko, selbustrømper, nikkers og ei grå sportsjakke, i stram givakt framfor festningskommandanten, major Nichterlein, med nypussa støvlar og med sine militære ordenar festa til brystlomma, og nokre steg attafor, hauptmann Hammel, med hendene langs sida og augene gøymde i det dystre myrkret under skjermen på uniformshua si.

Det kan ikkje vere tvil om at overtakingsseremonien er improvisert i all hast. Vi ser ingen flagg, det er heller ingen soldatar eller kjende bygningar i bakgrunnen, det er berre desse tre mennene på denne tomme festningsplassen, brukt som ekserserplass opp gjennom hundreåra, framfor dei anonyme kaserneveggane på Akershus.

Symbolikken er overveldande. Dette er det sivile Noreg mot den tyske okkupasjonsmakta. Ein einsleg mann kjem rett frå skogen for å overta sjølve kommandosentralen til den største krigsmakta i verda, som framleis har 350 000 soldatar under våpen i Noreg.

Terje Rollem, med kommandoen over 97 heimefrontssoldatar, som har ein pistol i den svarte taska på magen, og ein kikert som heng lauseleg over skuldra, har nyleg vore inne i kommandantbustaden og sagt fram ærendet sitt. Men nestkommanderande på festninga, hauptmann Hammel, nekta å overgi festninga til ein sivil person, medan kommandanten sjølv var meir medgjerleg. Uovereinskomsten mellom desse to, Hammel og Nichterlein, førte til at hauptmannen ikkje var skikkeleg på plass før seremonien var i gang. Og det er dette som er bakgrunnen for det andre fotografiet, teke nokre sekund tidlegare, der Hammel kjem gåande bakfra, og opp på sida av Nichterlein, som for å avverje det heile, denne totale fornedringa, det å gi frå seg alt til ein heilt alminneleg, ubetydeleg nordmann.

Altså: Den alminnelege. Den ubetydelege."

Utdrag frå kapittelet Kvitt flagg Vegen til Neverland (Samlaget 2005) s 129-140, 
som er andre bok i Livingstone-trilogien (2003-2007).

Foto: digitaltmuseum.no, snl.no

1 kommentar:

  1. Láska je vždy krásná, když jste s pravou osobou, vy a skutečný milenec. Jsem Mayruris Camplelo Můj přítel se se mnou rozešli a byl jsem osamělý, takže jsem byl nasměrován na velmi laskavý a velké kouzlo zaklínač Dr ADELEKE, který mi pomohl přivést zpět svého milence ke mně a požádal mě o 340 eur za položky potřebné pro kouzlo a dnes jsem s ním teď a my jsme spolu šťastní. Jsem velmi vděčný za to, co jste udělali pro mě Dr ADELEKE můžete E-mail mu aoba5019@gmail.com nebo Whatsapp mě přes +27740386124 .

    SvarSlett