søndag 19. april 2020

KVA SKAL DET BLI AV GUTEN

###
"Far var fødd på ei lita øy langt ute i havet som det femte barnet i familien. Det var oppe på loftet i eit høgt hus med mange små vindauge som vende mot fjorden og fjella i aust.


Det var i 1915. Den tjueandre februar. -På Pederi stol, som mor hans sa med eit ørlite smil om munnen. -Det er ein lukkedag, gut, heldt ho fram og strauk han over det lyse håret. Far kunne hugse skipa som vakta om kysten under den fyrste krigen. Dei lange skuggane som smaug seg langs holmar og skjer. Nesten oppslukte av natta. Hadde det ikkje vore for lanternene, grøne når dei seig nordover, og raude når dei stiltra seg søretter. Det var «Norge». Og det var «Eidsvold». 


Mange hundre mann var om bord der. Skulle verne om nøytraliteten. Far skulle alltid minnast dette ordet som noko usikkert. Ja, nesten farleg. Dei grøne og raude augene om natta. Nøytralitet."


###
"Då krigen endeleg var slutt, blei farmor med barn igjen. Ho var i sitt førtisjette år. Det blir ei jente,  sa ho. -For då har Vårherre gitt meg tre av kore slaget. -Dessutan kjenner eg det på kvalmen. -Det er ein typisk jentekvalme. Så medan magen vaks, song farmor til dette ufødde barnet . Helst om kveldane. "

Kom lys Frå lykt Med skin Hit ned
Og ver eit håp i natt
Kom glimt Av sol Med von Om fred
Hit til min største skatt

Det var mest sulling og nynning. Enkle tekstar som vart til ut av ingenting. Fyrst ein strofe. Og sidan to og tre og jamvel fire. Medan ho strikka små trøyer og brøker av ull ho hadde karda og spunne til garn ho sidan farga sjølv.

Om krig Og svolt Til oss Vil nå
Min song du jamnt skal få
Viss svik Bak rygg Og naud Kryp på
Ein gneist du snart skal sjå

Høyr elv Frå fjell Med regn Mot hav
Der båt mot hamn glir inn
Høyr fugl I skog Og rop Frå kav
Der folk sitt arbeid finn

Sjå strand Kring land Der sjø Snart flør
Og tenk kor mildt det gjeng
Sjå snø På fjell Der kveld Snart strør
Små ord hit til di seng" 

https://www.youtube.com/watch?v=seHE51ArBTU&feature=youtu.be&fbclid=IwAR054GHoxjz28jcAmD5nGE_8j459eRuAZtvMDdq02spT4-4fkQjmf62B0jI





###

"Men på preikelaussøndagane, etter opplesinga av Huspostillen og salmane og fadervåret, då nesten heile familien sat i léveggen og smakte på dei milde tonane frå trøorgelet, og liksom venta på at noko skulle ta slutt eller ta til, då sa farfar brått. -Ein blir ikkje rik på innaskjersfisket. Ikkje på hummaren heller. Så var det blitt stille i léveggen. Sola skein. Himmelen var blå. Men nordavinden like jamn og hard. Før farfar endeleg heldt fram. -Så kva skal bli av deg, gut."


###
"Farfar kunne ikkje heilt tru at det ikkje skulle bli fiskar av yngsteguten også. Derfor bestemte han at det måtte bli Lofothavet på far. Saman med eldstebroren, Fastemann og svogeren Ole, som hadde gifta seg med eldstesøstra hans, etter å ha reist til Amerika, men kome tilbake, utan å finne gull. Det var i 1930. I slutten av januar gjekk dei nordover med skøyta. Fire dagar tok det å kome fram. Det var god fart. Far stod i byssa. Skulle sørge for at karane fekk nok mat."


###
"Til våren går far for presten saman med nabojenta. Altså Anna. Ho har brunt hår kjembt sirleg til sides. Festa i to klemmer over kvart øyre. Er véret godt, ror dei saman over til den flate øya der kyrkja er. Far liker Anna. Og han trur at Anna liker han. Til  konfirmasjonen får han Bibelen av Den gamle. Dei ugifte tantene gir han Nynorsk salmebok. Det er gilde gåver. Namnet hans er skrive i gull på det svarte omslaget. Fødselsdatoen på side ein med mor si sirlege skrift i raudt blekk. 22. februar. Pederi stol. På kyrkjetrappa gir han tjuvjoegget til Anna. Ho veg det i handa. -Kor lett det er, smiler ho. -Ein skulle ikkje tru at det har vore liv inni noko slikt."




###
"Om hausten blir han med storebroren på jakt. Dei gøymer seg bak steinar og tuer og fyrer av på ender og gjæser inne i myrane. Dei dukkar i lyngen når tjuvjoen stuper. Dei ror ut til skjera og siktar på skarv. Når den dempa lyden frå børseskota kjem tilbake frå fjella inne i fjorden, forstår dei kor einsamt dei bur. På denne fordømte prikken ute i havet. Der alle fuglar smaker tran eller tare. Så midt i skipsleia. Og likevel så utanfor alt.



###
"I 1932 søkjer far seg inn på Underoffiserskulen i Trondheim. Det er opptaksprøve i Stiftsgården. Lokala luktar gamalt støv. Minner han om teikningar frå 1700-talet han har sett i skulebøkene. Langpiper og rokokkomøblar. Det overraskar han stort at han kjem inn. "




###
"Så på preikelaussøndagane. Etter Huspostillen og salmane med akkompagnement frå trøorgelet. Då han sat saman med dei andre ungdomane. Der oppe i haugen. 


 


I ly for nordavinden. Og lytta til sveivegrammofonen. Der den mjuke og mørke stemma til Bing Crosby kraup ut frå høgtalaren. Det var «Soon». Og han fekk ei kjensle av at jentene såg på han kvar gong han sveiva denne. For dei sette seg tettare inn til han. Kanskje særleg Anna. Ho røyvde liksom på leppene. Som om ho song med. «Soon. Maybe Not Tomrrow. But Soon. There`ll Be Just Two Of Us». Då tenkte far. -Kanskje ikkje i morgon. Men snart. Då kan alt dette som eg lengtar etter begynne."


###
"Det vart mykje slosting på landbruksskulen. Gutar frå øyane møtte karar frå fjordane. Og dei kvesste seg på kvarandre. Til ein av kompisane heime fortalde far at han ein gong fall ned ei trapp medan han slost. Til mellombroren ymta han frampå om ei jente. Men han ikkje ville nemne namnet på henne. Av gruppebiletet utanfor internatet kan ein ane at det var eit middels år. Eit mysande blikk. Ein slags skugge over panna."






###
"Men militæret vil ikkje sleppe han. Under fyrstegangstenesta på Setnesmoen blir han avbilda med ei fløyte hengande i ei snor og to vinklar på armen. Altså korporal. Han står i profil. Smiler mot nokon vi ikkje ser. Dette var truleg eit godt år. Ein kan sjå at det ligg noko nytt inne i dette smilet. Mange gonger fortalde han om utmarsjane til Romsdalshorn. Elva som krumma seg langs vegen. Kor han sveitta i solsteiken. Og skyttarprøva. Far elska å skyte."









###
"Men i den same stormen riv «Snøgg» seg laus frå kjettingane som er festa til dei tunge lodda i sjøen og kjem i drift innover fjorden. Innover, innover berst det. Fyrst når uveret stilnar, kan dei begynne å leite. Tre dagar går det før dei finn han att på ei strand. «Snøgg» ligg sidelengs i fjøra som eit drukna menneske. Nedherja og med fleire hol i skroget. Det er ein katastrofe for farfar. Forsikringa vil ikkje dekkje ein like stor båt. Ingen pengar vil vere att til noko som helst."



###
"Truleg er det i løpet av desse månadene at far les annonsen. Det må vere i «Budstikka» eller «Romsdal Folkeblad». Om opptaksprøver til Befalsskulen. Infanteriet. Luftvernartilleriet. Kanskje var det noko likevel, dette med skytinga, og ei lita, men stabil inntekt. Han søkjer, får eit brev i posten, pakkar toalettsaker og Nynorsk salmebok i sekken, reiser med toget frå Åndalsnes, møter til opptaksprøva, kjem inn. Året er 1939."


Utdrag frå teksten 
KVA SKAL DET BLI AV GUTEN / DÅ KRIGEN KOM TIL FAR
KRIGSHISTORIER
som kjem ut på 
Det norske Samlaget
 september 2020

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar