fredag 7. mars 2014

PEDAGOGISK DESTRUKSJON DEL I - HJERNEN

I desse dagar har eg vore lærar i 26 år.
Rett etter at eg hadde levert hovudfagsoppgåva mi i mars 1988,
begynte eg med språkopplæring for iranske tenåringar på ungdomsskulen.
Det var ei sann glede.



Sidan er det blitt mykje norsk og historie,
men også kroppsøving, religion og samfunnsfag,
dei siste 24 åra for elevar i vidaregåande.
Om ein tek med dei vaksne privatistane på kveldstid
har eg undervist meir enn 2000 elevar.
Og det har vore svært gjevande.
Utfordrande og krevjande, ja. 
Likevel.
Eit flottare yrke finst ikkje.
Men det spørst kor lenge det varer.
Uavhengig av kva politikarane seier
vert arbeidet vårt
i større og større grad
styrt av storleikar som UDIR, KS og VISMA,
og det er ei utvikling eg ikkje likar.
Vår faglege kompetanse og erfaring vert ignorert eller gjort narr av.
Og tida vert fylt med innhaldslaus sysselsetjing og byråkratisk dill.
Og eg som ein gong trudde at skulen skulle formidle kunnskap
 i møtet 
mellom lærar og elev!



Med utsikt til KS-skulen
har eg derfor bestemt meg for å avvikle meg sjølv som lærar.
Skal eg fungere i det nye systemet, må hovudet tømast for fag.
Lærebøker frå 9 år på høgskule og universitet
skal destruerast.
Eg begynner 
med faga frå lærarskulen.
Sjølve kjernen:
Hjernen.
Tysdag hamnar psykologibøkene i papirinnsamlinga.


Så får vi vone 
at alt lærestoffet kan resirkulerast
og kome tilbake som nyttige gjenstandar
i eit flunkande nytt liv.
For eksempel 
som Tine-kartongar
med 
"Melk fra gårder på Vestlandet".
Då hadde biletet av dagens Noreg
vore komplett.
                                                                          

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar