onsdag 6. november 2013

Øystein Orten: Rasmus Rebellen (2013)

Øystein Orten: Rasmus Rebellen (2013)
 

Noreg som koloni

Rasmus Rebellen er ein interessant historisk roman om ein epoke
i norsk historie vi kan ha godt av å verte minte på.

Haustvinden er full av tettskrivne, lett gulna blad; den historiske
romanen feiar visst med seg både lesarane og merksemda
denne bokhausten. Både Roy Jacobsens De utvalgte og Jon 
Michelets andre krigsseglarroman Skytteren er bestseljararer som
lèt lesaren leve seg inn i ei anna tid, men det er Dag Solstads 
Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591–1896 
som har fått fart på debatten. Solstad vil ikkje dikte om kva 
menneska i hans eiga slekt kan ha tenkt og følt, og serverer
i staden ein tekst som mest liknar slektstavlene 
Det gamle testamentet.

Ein annan historisk roman har fått langt mindre merksemd:
Øystein Orten skriv i Rasmus Rebellen om den sunnmørske
bondeføraren Rasmus Engelbrektsson Bust. Han døydde i
fangenskap på Akershus festning på 1660-talet etter å ha 
ytt motstand mot skånsellaus og korrupt inndriving av 
skattar som skulle finansiere krigføringa til danskekongen 
mot svenskane.

MANNEN MOT MAKTA

Orten har tidlegare skrive både lyrikk, romanar og historiske
verk, mellom anna Himmelen over Shetland (2009) om norsk 
motstand under den andre verdskrigen. I Rasmus Rebellen 
har han funne ein fin balanse mellom historiske fakta og 
diktarleg innleving, teksten er verken på «metafor-speed», 
slik språket til Jacobsen vart skildra av meldaren i 
Morgenbladet, eller så faktaspekka som bøkene til Michelet 
eller Solstad.

Historia er lagd i munnen på fosterson av Rasmus, Aslak frå
Bust, når han som gamal mann fortel om det han var med på
og har høyrt. Slik blir hovudpersonen portrettert samstundes
som han får stå som den gåta han er. Det fungerer fordi sjølv
enkle, ytre observasjonar kan seie så mykje om ein mann: «Han
ler nesten då han blir dømd for ‘grofeue ligen aa ha forseet kong:
Paabud oc i mod kong: Forordning haffuer holdt Sammøde af
Almuen».

Eg ser det så levande for meg, den bitre humoren i møte med
det latterleg urimelege; eit glimt som viser at ånda ikkje er 
knekt sjølv om slaget er tapt. Denne rebellen tok aldri til våpen, 
tvert om hadde han sterk tru på at kong en i Danmark ville gje 
han medhald om han berre fekk vite kor urimeleg hardt folket 
på Sunnmøre vart skattelagt midt i verste hungersnauda, og 
reiste fleire gonger til København for å leggje fram saka. 
Han mana også romsdalingane til motstand då Sverige ein 
kort periode i 1650-åra la under seg Trøndelag, Nordmøre 
og Romsdal. Den lojaliteten vart ikkje lønt.

OVERTYDANDE DETALJAR

Men Rasmus Rebellen tok meg ikkje med storm frå første side, 
for den innleiande monologen til forteljaren er i overkant 
høgstemd og dessutan full av klumpete garpegenitiv som 
«Havet sine mjuke straumar». Det er først i møtet med Olda, 
den utgamle tanta på ættegarden der Rasmus vart fødd, 
at det tek til å svinge. Setningane er korthogne og direkte, 
men fulle av detaljar som målar opp ei anna røynd og 
overtyder meg om at forfattaren har basert seg på solide, 
historiske kjelder.

Øystein Orten har funne ein fin balanse mellom historiske 
fakta og diktarleg innleving.

For meg er Rasmus Rebellen av vel så stor interesse som dei
andre nemnde historiske romanen i haust. Orten gjev eit 
engasjerande bilete av det koloniserte Noreg, styrt av 
embetsmenn som berre såg land og folk som ein ressurs 
det galdt å få størst mogeleg utbytte av. Det har altså ikkje 
berre skjedd i Afrika og Asia, det har skjedd her. 
Kvar sau i utmarka skulle teljast og betalast for, 
utan omsyn til om det tok maten or munnen på borna.

Det blir òg tydeleg kva sjølv sakleg motstand mot makta 
kan koste. Det er eit memento i ei tid der overvaking igjen 
har blitt eit tema, men der den ålmenne frustrasjonen 
er retta mot at «det offentlege» ikkje yter oss tenester 
raskt og godt nok.


Merete Røsvik Granlund

1.11.13

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar