tirsdag 5. november 2013

Øystein Orten: Rasmus Rebellen (2013)

Øystein Orten: Rasmus Rebellen (2013)


Solide saker frå Orten

Øystein Orten frå Hareid har før skrive romanar der han
nyttar eigne og nær familie sine røynsler og livsløp som
utgangspunkt for dikting. Eit døme som det i så måte
er naturleg å ta fram her, er romanen Vegen til Neverland
frå 2005, der landskap og miljø frå Vanylven generelt
og Fiskå spesielt, er lett attkjennande. Far til Øystein,
Einar Orten, var både lensmann og ordførar i Vanylven
på 50-talet og budde på Fiskå. 

Og no har han på ein måte gjort det igjen. 
Men denne gongen går han lengre attover
i tida. Gjennom ei litt kronglete ættetavle bukserer
han seg i etterordet tilbake til Rasmus Engelbrektson
Bust som var fødd i 1588 – han som vart kalla Den Store
eller også Rasmus Rebellen. Og gjennom gamle Aslak fortel
han soga om Store-Rasmus til barnebarnet hans,
Ragnhild – ho som er dotter til Unge-Rasmus og fødd
det året bestefaren døydde. Det er berre Aslak si røyst vi
høyrer. Men inn i forteljinga er ”klipt” korte, skildrande
glimt av noko som på eit vis er ei forteljing i forteljinga –
men der trådane blir knytte saman mot slutten. Eit ikkje
uvanleg, om enn litt farleg, dramaturgisk knep for å bryte
opp monologen. Eg tenkjer meg også at forma
som er valt, der ein eldre mann fortel til ei som er ung
og urøynd i mykje av det som blir omtala, høver godt
i ein historisk roman. Det gir høve til på ein naturleg
måte naturleg å ”oppklare” og forklare ting – også overfor
notidslesaren utan å gå inn med forfattarstemma og
bryte magien. 

Heilt kort om innhaldet: Boka er eit portrett av bondeføraren
Rasmus frå vogge til grav. Det er soga om eit dramatisk liv
i ei dramatisk tid. Her er svolt, uår, krig og utstrekt korrupsjon 
frå futar og kongelege embetsmenn. Kampen for tilværet er hard,
rå og nådelaus. Folk har stor age for både Gud og konge,
noko som blir kynisk utnytta av både verdslege og kyrkjelege
maktpersonar. Ulydnad og oppreist vert straffa
hardt og gjerne på bestialsk vis. Parallelt med gudstrua
går overtrua og tradisjonen – og saman utgjer dei det
åndelege rommet menneska lever i. 

Hovudsakleg går hendinga føre seg i våre bygder, 
på kysten av Sunnmøre – frå Stadlandet i sør 
og til den nørdste grensa for fogderiet
i nord, men med avstikkarar både til Bergen, Oslo,
København og Amsterdam. Og her er mykje å lære både
om lokal, nasjonal og europisk historie. Samstundes er det ei
forteljing om eit spesielt menneske med sterke og svake
sider, fødd og oppvaksen på Vartdal i Hareid kyrkjesokn,
men seinare i livet busett på Bust - på sørlegaste luten på
Harøya – øya som heilt opp til vår tid var delt mellom
fogderia Sunnmøre og Romsdal. Garden heitte Haug, men
Rasmus kalla han Kapernaum med all den symbolikk som
kan leggast inn i det. På kartet over Kanaans land som Aslak
teikna i barndomen, er Kapernaum avmerkt med raudt,
farga med hans eige blod. 

Og apropos Aslak: Det er i
altså hans munn Orten legg denne forteljinga, han som
smålåte presenterer seg som ”ein simpel husmann frå Sunnmøre,
men fosterson av Rasmus, opprøraren, far til far
din, han dei kalla Den Store”. Men denne Aslak har synt seg
å ha evner langt over middels. Notbøtaren, dekksmannnen
og våpensveinen er ein tenkjar, ein analytikar – sonen til
den lutfattige dessertøren er ein makelaus forteljar. Han har
lært seg skrivekunsten og han er ein hund etter bøker. Bibelen
har han lese fleire gonger og der har han også, etter det
han sjølv seier, funne modellar og seiemåter han nyttar
mellom anna breva han skriv for Rasmus, fosterfar sin. Når
eg stoggar ved denne detaljen, har det med språket i romanen
å gjere. Forteljinga gamle Aslak framfører, har i tillegg til
orda – der bibelske uttrykk og vendingar rett som det er dukkar
opp - også ei særeigen, poetisk rytme. Ein kan forklare
det med at Øystein Orten er poet med ikkje mindre
enn tre diktsamlingar bak seg – og det hadde gjerne
ikkje vore råd å skrive slik utan å ha den bakgrunnen.
Men rytmen får meg og til å tenkje på den vi finn i
bibelske tekstar – som Salmane og Bergpreika, Aslak
sine språklege modellar. For meg var denne oppdaginga
med på å gjere heile forteljinga meir ekte og
truverdig. 

I ei god forteljing blir ikkje alt sagt. Tek ein bort
dei vage antydningane og det usagde, blir ho gjerne
både eindimensjonal og banal. Men samstundes
må forfattaren syte for at vi får med oss nok til at
tråden blir halden, og at vi blir dregne med. Orten har
makta denne viktige balansegangen. Det er då også
ein etter kvart røynd forfattar vi har med å gjere.

Øystein Orten har skrive ei truverdig historie. Ei bok
som gir lærdom og oppleving på fleire plan og i eit
språk som er ei nyting å lese. Han har, for å seie det
enkelt, rett og slett skrive ein god roman.

Til slutt litt om omslaget – lesaren sitt første møte
med boka. Kunstnaren som har laga det, har etter
kvart skapt ein stil og kvalitet som gjer at vi
forstår kven som står bak før vi les det: vanylvingen
Øystein Vidnes. Han har og laga kartet som ligg på
både forsats og baksats i boka og hjelper oss til å
orientere oss i eit heimleg landskap, men delvis
med namn som kanskje etter kvart har blitt mindre
kjende.


Vidar Parr

10.10.13

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar